Tuesday, June 14, 2011

Den store bursdagsfesten




For mange, mange år sidan - eller er det berre fem? - var det stor bursdagsfest på Åsland, slik det hadde vore året før og året før der igjen i meir enn tjue år. Dei fire brødrene Aasland fekk stadig fleire etterkommarar, og slik var det alltid nokon som fylte sytti og seksti og femti, mens andre måtte nøya seg med å fylla fem eller ti. Det var kaker nok til alle, og gåver og talar og grilling. Det var kubbespel på tunet og brødbakst i bryggerhuset, og det var alltid bading og tur til Storøyhue. Regn før eller etter at me var samla, regn litt lenger aust eller vest, men aldri på Åsland når me var der. I alle fall ikkje nok til å droppa badinga!
Som med det meste som er godt her i verda, så måtte også Åslandssamlingane og fellesbursdagane ta ein ende ettersom familien vaks utover sine proporsjonar, og komiteane drog på åra.Samlinga for fem år sidan blei den siste. Det betyr at det året fylte Knut 60 og Lars 70, så i år var det på sin plass med ei feiring av litt mindre runde år. Opprinneleg hadde me tenkt å invitera Telemarksbrødrene på ettermiddagsbesøk på hytta, men det tok litt av, det også, og me syns det blei ein strålande fest!


Regnet bøtta ned før feiringsdagen som blei sett til 3.juni, og etterpå blei det flom, men makan til finver som då me skulle ha fullt av gjester på terrassen har knappast vore spurt. Tilogmed inni kjøleskapet var det tjue grader ein periode! Men det var kaker nok til alle (26?), det var grilling og det var gaver, og det var minst fem bursdagsbarn som alle heitte Aasland. For i tillegg til dei "gamle" så kom det ein liten familie frå Stavanger. Per
Helge fylte 30, og det samme gjorde Elisabeth. Mens Emilie fyller sitt aller første år i desse dagar.

Første del av festen valde me likevel å ha innandørs på Nutheim. Der var det bra, og vestlendingane som fekk overnatta på den gamle prestegarden der var sers nøgde!




Så bar det heim til kaker og sol i hytteveggen! Alle fekk plass, sjølv med forsterkningar frå Kviteseid. Og stemninga var så god og høgrøsta at eg hadde problemer med å nå gjennom lydmuren for å presentera bursdagsbarna. Ikkje rart at Kjell Arne som kom litt seint, sa då han reiste at han aldri forstå rektig kven som fylte år, så han sa no berre eit generelt Gratulerer med dagen!





Det blei varmt på kakene!




Til slutt var det berre overnattingsgjestene igjen, og temperaturen gjekk såpass ned at me kunne ha glede av bålpanna som vestlandsgjestene kom med!