Wednesday, March 23, 2011

Arv kan vera så mangt


Etter å ha starta med første vesle oppryddinga i gamlehuset heime, har eg fått med meg litt håndgripeleg, men mest dei minnene som dukkar fram når me får gamle ting i hendene. Saker og ting som ikkje betyr det aller minste for andre, men som får fram det som ein gong var, for oss som hugsar, eller som har har høyrt om, det som skjedde. Som for eksempel denne vesle tina som har stått framme så lenge eg kan hugsa, og antakeleg så lenge huset har stått. Forlovelsespresang eller morgongåve frå far til mor; eg veit ikkje så sikkert, berre at mor alltid sette pris på denne og aldri rydda henne vekk.

Mor har vore borte i meir enn 30 år, og då ho døydde var ho yngre enn eg er no. Likevel er det som ho har komme nærmare no i denne oppryddingsprosessen.
Ung, med mykje pågangsmot, ein husmorskuleeksamen og ei ny kokebok tok ho fatt på sitt nye liv på Hollund. Kokeboka blei mykje bruka så den er det berre filler att av, men ho har lege i kjøkkenskuffa fram til no. Den som var skikkeleg opprådd kunne slå opp der. Dei siste åra var kokeboka lite i bruk. Helse og krefter var borte, og det var vemodig at me no kunne finna spor av mor sine siste år: Knevarmarar i lammeull mot konstante leddsmerter og ein kløpinne som måtte erstatta forkrøpla fingrar. Underlege ting som bæreposar med gamle "filler" er berre søppel for andre, men for meg vekte desse tøybitane, oppklipte til filleryer, sterke minner. Restar av sommarkjolane mor sydde til meg og Magnhild og til seg sjølv, vamsen eg laga meg i unge dagar, og til slutt ein rev! Mest skinn, men med føter og hovud. Den skulle nok ha blitt ein fin "besetning" (var det ikkje det det heitte?), og kanskje, men berre kanskje, kan den framleis bli det. Restar og mønster til løpar og puter som framdeles finst i sofaen, og til den blå eg broderte og som eg framleis har i skapet. Kansje eg skal ta den fram no, og plassera "arvesølvet" på han. Me konsentrerte oss litt om ting som var navn på denne gongen. Og ettersom me har både Agnes og Agnar, samt to som heiter Per og ein liten som heiter Peter, ein som heiter Gustav og ingen som heiter Maren, men både Marte og Marthe og Mari, og dessutan Magnhild, så fant me arvingar til det meste. Mor og far gifte seg midt under krigen,både borgarleg og i kyrkja, for den kyrkjelege vielsen var ikkje gyldig. Det var ikkje tid og råd for så mykje sølv, men spør om ikkje mor kunne få nysølvet til å skina like fint! Både ho og me jentene broderte hardangersaumsbrikkar som bl.a. kunne brukast til fløytesettet og dukar til bordet når mor dekka til selskap, og vips blei det nesten like flott som hos "dei fine". Då me kom heim no i mars og vandra litt rundt på det overgrodde bruket, fant me jammen både krokus og snøklokker! Så var det inn for å finna Vasen. Endå det fanst sikkert tjue vasar, så fant me ikkje de me tenkjer på som Vasen. Den som i alle år har blitt bruka til dei første vårblomane, og seinare til stemorsblomar og liljekonvall. Me sørga over den ei lita stund, men før me reiste fann eg han, så til sommaren kan han bli tatt i bruk igjen. Kanskje er litt av hemmeligheten at det ikkje fanst så mange av alle ting, så me rakk å knyta oss til dei, om det så berre var ein alminneleg liten glasvase. Som sagt: Arv kan vera så mangt!

Sunday, March 06, 2011

Vår?

I mi skuletid lærte me at mars var vårmånad, men det har dei visst ikkje fått med seg her på Austlandet. I alle fall ser det for at det blir lenge til me kan drikka kaffi på hagebordet rett utanfor verandadøra!

Frå kjøkenglaset kan me så vidt sjå Holmenkollhoppet i det fjerne. Det seiest at det har vore mykje aktivitet der i det siste , og det har ikkje vore av eit vårleg slag!

Det blir stritt for solstrålene å rå med all takdrypp det må bli frå nærliggjande tak!



Marshimmelen har i alle fall vore blå dei siste dagane.