Tuesday, February 23, 2010

Reiselyst!


No har nok onkel Hans landa på Alicante. Ikkje så verst å kunna dra av stad frå meterhøge snøfonner og tosifra kuldegrader. Etter pinnekjøtmiddag og Northug-gull sov han her i natt og fekk så skyss ned på stasjonen, der han hadde tenkt å ta eit flytog som ikkje kom. Det neste kom på tida, men i Oslotunnellen stod eit tog fullt av passasjerar som hadde stått fast i to timar, og sperra trafikken for andre tog. Han rakk det vel, for me høyrde ingenting, sjølv om me i fellesskap hadde slått mobiltelefonen både av og på fleire gonger som trening. På Gardermoen skulle han møta kamerat Sverre og fire enkjer frå øvre Telemark. 91 og ut på tur, pytt pytt! Den som har helse og mot kjem langt.
Om fjorten dagar kjem du vel innom på heimvegen? Nei, då skulle vegen gå strakt frå Alicante til Føyno der Kjell skulle vera på plass. Cirka eit døger på kontinuerleg reisefot skulle han vel alltid klara! God tur!