Thursday, November 26, 2009

Johanna får presang og David bakar til jul

Endeleg skulle Johanna få bursdagspresang! Dei som blir skuffa når dei ser at det er ein heilt vanleg kasserolle, får sjå om igjen. Han er nemleg forholdsvis ekslusiv og med titan. Me har eit par av desse på hytta, og Johanna hadde faktisk ynskt seg ein, sjølv om ho kanskje hadde gløymt det. Pakken måtte fram før me hadde reist oss frå middagsbordet, men det var fordi me var på gjennomreise til den store femtiårsdagen på Jæren.
Det viktigaste både på fram- og tilbakevegen var å bli kjent med Rebekka (!), men først kjem filmsnutten med gutane som skal baka til jul. Legg merke til den vesle sørlendingen. Dvs det enda med ei lenke til sjølve filmen

Monday, November 09, 2009

Ein svinaktig god handel!

Mandag føremiddag, nokså nøyaktig sju døgn etterat eit svinaktig virus hadde forårsaka dei første brekningane og feberanfalla, fekk pasienten lov å sleppa ut mellom folk. Vi skulle tilogmed treffa mange folk, ettersom det var vår vanlege novemberhandel som stod for tur. Fleire år har vi teke ein tur før stresset tok oss, og kø og kaos tok butikkane. Det har brukt å enda med kaffi på Sandvika Storsenter og seinare middag på Ikea før me drog heim nedlessa med nyttige og unyttige ting. Så me la trøstig i veg med handleliste og ein klar plan. Først gjekk det bra; Knut fekk sine nye briller til 4000, men dei hadde han jo betalt frå før. Og eg hadde ingen problemer med å finansiera dei tre små pynteknappane på håndarbeidsbutikken. Men sidan blei det verre. Me reiste frå det eine store senteret til det andre, samt inn på diverse spesialbutikkar, men fattigare blei me ikkje, og det var det jo planen at me skulle bli! Det blir tross alt jul, og me har mange barn og barnebarn, og ikkje minst svigerbarn. Dessutan skal Johanna fylla 31, og Jan Gustav skal feira 50. To barnebarn skal døypast og korga vår er like tom, endå me har sett og leita og tilogmed spurt. Etter to timar på Ikea har me rett nok fått kaffi og litt mat og kanskje smitta ein kjendisprest som sit med storfamilien sin i kafeteriaen der juletreet er pynta, og tilbudet om svineribbe og pinnekjøt er på plass. Datoen er 9.november og juleduftene synest malplasserte. På veg mot det store kassaområdet til Ikea finn me endeleg tilbodet det ikkje går an å sei nei til:
Ti fingerdukker til den nette sum av 39 kr. Ein veit aldri kva ein får bruk for. Julepapir og gråpapir blir også med. Me finn faktisk også fleire ting som me kunne hatt bruk for, men her hadde me ikkje dei måla me trong, så kanskje me må attende. Men så då, skal be berre kjøpa tolv egg og ein pakke ertestuing og gå heim til tørrfisken vår? Ikkje denne delegasjonen nei. Me trålar alle butikkane i Asker etter det me har tenkt til oss til Kariann og Johanna. Spesialt Johanna hastar det med, og me veit jo kva me vil ha. Men ho kan jo få den siste krimmen til Jo Nesbø???? Dessverre, Johanna, det blei det ikkje. Me fant det me lette etter heilt til sist. Rett nok blei det så dyrt at damene på butikken såg at me trong prosenter, og det fekk me. Så no kan de lura. Både Johanna og de andre..