Thursday, October 22, 2009

Hurra for Rebekka!

Ikkje før var me kommen oss heim til kjøkkenbordet og voksduken, og før me hadde fått rydda opp i alle gamle og nye oppslag (det ser ut som eit aktivt liv, ikkje sant?), ja så måtte me jammen fram med flagget igjen! Rebekka kom til Johanna og Agnar i går, 21.oktober. David har blitt storebror, og me har fått vårt femte barnebarn på knappe fem år. Stas er det!

Monday, October 12, 2009

Snart heime igjen

Så er turen snart slutt, og me har vore fire veker "på loffen" i Europa. Utruleg. Det har gått fort, men det har også vore enormt mange inntrykk. Me har prøvd å unngå å komma ein stad der me har vore før. Unntaket er i dag, men så er også Bremen ein spesielt flott by! Her står me framfor rådhuset frå 1400-talet.
Det er ikkje så mykje eg har fått formidla dei små øyeblikka eg har kunna vore inne på internett. F.eks. kunne eg sagt litt om den abstinensen som kan oppstå når ein er stuptrøtt klokka åtte om kvelden og ikkje kan slå på TV, bla i ei avis, slå av ein prat i telefonen eller surfa litt på nettet. Så me har fått nok søvn!
Eg hadde også tenkt å fortelja litt om nattelydane som endra seg frå stad til stad: Frå dei minst tre kyrkjeklokkene i Alpelandsbyen som slo alle heile timeslag 24 timar i døgnet, via enorm trafikkstøy og støy frå innbruddsalarmar på motorveihotella, til festing og krangling i Spania, og til den absolutte mangel på lyd på enkelte av bondehusa som er gjort om til gjestehus. Mangel på lyd og mangel på lys! Så totalt mørkt kan eg knappast hugsa å ha hatt det. Strømsparing gjorde seg gjeldande ved at lyset forsvant f.eks. etter 20 sek. på do. Då måtte ein anten veifta for å "helsa på" evt. sensorar eller skru på lyset med jevne mellomrom. I det heile tatt do!!! Og mat! Og dagsrytme! Faktisk har det vore meir uvant enn eg hadde tenkt på. Og meir har vore flott og interessant. Kunst, kultur, natur og menneske. Og litt andre ting, som då me kjørte inn i Køln og blei ståande i ein trafikk-kork som me trudde skuldast ei ulukke, men som viste seg å vera eit demonstrasjonstog til støtte for dyra!


Politiet var rimeleg sveitte, for i tillegg til at dei skulle dirigera og stoppa trafikken med iltre bilistar mens toget gjekk, så var det enormt med folk i byen, på av grunn av at Europas største næringslivsmesse blei arrangert der denne veka. Det visste ikkje me då me skulle finna ein plass å bu. Men jammen fanst det eit lite familiehotell også i denne storbyen. Her var det himmelseng og puter i militær orden! Me ville så gjerne bli her natta over for å bli med på messe i Kølnerdomen søndag morgon. Det var ein stor opplevelse!


Og enno har eg ikkje fått sagt noko om Moseldalen! Eller Luxenbourg! Om språkproblemer og morsomme misforståelsar, om vær og temperaturar, eller om shopping og prisar. Eller torg og markedsplasser! Om det minimalistiske rommet me bur på no!Det får bli ein annan gong. Heime har Ane gifta seg, Leif Gustav har kanskje blitt bestefar, og korleis går det med våre fødde og ufødde barnebarn? No vil me heim!

Thursday, October 08, 2009

Verdun er kjent, men Longwy?

Det er merkverdig å vakna den eine morgonen etter den andre og ikkje ana kor ein skal leggja seg om kvelden. Slik har det seg mellom anna at me stod opp på eit fint hotell(det dyraste hittil) midt i Reims i dag utan at det var planlagt. Det einaste vi visste for dagen idag var at vi skulle til Verdun - eit av Knut sine store ønske. Dit kom vi og det gjorde mektig inntrykk, ikkje minst å stå på toppen av utkikksplatået der det var eit uendeleg landskap å sjå i alle retningar. Dei mange hundre tusen, både på tysk og fransk side, som miste livet eller blei skada der i 1916,kunne nærmast sjå heim når dei kikka opp frå skyttergravene mellom blodbada. Det var ein enorm kyrkjegard med rekkje på rekkje med kvite kors til minne om 130000 ukjende soldatar som blei gravlagde der.
Men bildene av dette, kor er så dei? Jo, det kan vel vera tre lagra på mobilen, men eg har ikkje lært meg å få dei ut eller senda dei vidare. Fotoapparatet blei borte i går, og dessverre trur eg det er for godt. Heldigvis var nesten alle bileta overførte til PC-en rett før, så det er i boks.
Det blei som sagt ein sterk dag, men så var musea stengde og me var trøtte og svolte, men kor skulle me ta vegen? Det hadde me ikkje planlagt. Heldigvis har me skaffa oss ein ven og medreisande av stor verdi, nemleg ein GPS som viser oss nøyaktig kor me skal kjøra for å komma dit me vil. Så me ba om kurs og veg via Luxenbourg og Moseldalen til Køln, og la i veg etter anbefalingar som i dag var nokså "på jordet" for å sei det bokstaveleg. Men då mørket fall på parkerte me i ein liten fransk by, Longwy, heilt på grensa til Luxenbourg. Rett mot oss lyste skiltet Hotel du Nord, og her får me bu til i morgon. Triveleg hotellvertinne som ikkje kunne engelsk, men som var velviljen sjølv. Me har truffe på fleire slike små enkle hotell som er det næraste ein kjem Bed&Breakfast, både i størrelse og pris.
Men i denne byen har me ikkje møtt nokon som kan stort meir engelsk enn eg kan fransk, og då blir kommunikasjonen enkel. Men alle er hjelpsame og blide, og det hjelper godt.
Så blir det spennande å sjå kor morgondagen sluttar for vår del. God natt til så lenge !

Wednesday, October 07, 2009

Barcelona


Kanskje var det lesinga av Havets katedral med handling frå Barcelona og området der sånn omtrent på 1200-talet, som fekk fart på oss slik at me kunne komma oss dit ned og sjå på katedralen som står der enno. Det blei berre ein dag på oss i storbyen, men teke i betraktning at sjåføren påstår at han ikkje eingong er i stand til å navigera på eit meny-kart, så er eg imponert over alle enorme trafikk-maskiner og underjordiske parkeringshus han rår med. (I dag, 7.okt. kjørte han foreksempel tvers gjennom Paris og der bur det visst minst 10 mill. innbyggjarar). Men altså, i Barcelona, fekk me med oss tre enorme kyrkjer, den eine meir fantastisk enn den andre. Først var det Sagrada Familia som er utruleg både i størrelse og som prosjekt.

Den er slett ikkje ferdig, men det er nok til at det første me såg var køen av folk som ville inn og sjå. Det var søndag formiddag og det var messe i den ferdige delen. Den har vore eit byggeprosjekt i 125 år, og blir det nok enno ein del år. Arkitekten Gaudi som hadde dette som sitt livsprosjekt teikna også Katedralen i Barcelona som me var inne i, og til slutt stod me og venta på at Havets katedral skulle åpna etter at messa var over. Rart å vera der!


Det blir ofte mange kyrkjer på slike feriar, men denne gongen har det vore begrensa, mest til Barcelona, men i dag rakk me akkurat Katedralen i Reims. Som de forstår er me no på heimveg, og det kjennest bra, sjølv om me likar temperaturen her godt!

Monday, October 05, 2009

Himmel og hav! Tossa de Mar

Ein flott liten by ved sjøen. Ikkje minst gjorde festning og Gamleby det triveleg å ferdast der.
Utsikten frå frukostbordet var slett ikkje verst, den heller. Nesten alle "heime"måltid åt me der.

Var det nokon som snakka om Fruen frå havet? Eller var det kanskje Den tapre mannen og havet? Det blei adskillige mil på ein stakkars sjåfør før han fekk sjå havet, så då vart det veldig godt å nyta rolege dagar i Tossa de Mar,der tida blei delt mellom bading, sightseeing, shopping og lange måltid heime og ute.