Sunday, April 27, 2008

April-smil i hovudstaden

Eg gjekk åleine gjennom sentrumsgatene her om dagen og gav meg tid til å sjå på folk rundt meg. Det var mange som smilte! Den første var ei ung jente med lange fletter som gjekk åleine og smilte strålande mens ho snakka i telefonen. Tydeleg fellesskap. Så ein ung pappa som smilte til sitt vesle barn. Eit smil som varte, og som tyda på kjærlighet og stolthet. Forte og ivrige smil over kafeborda på uterestaurantane. Dei absolutt meir avmålte smila som folk sende seg sjølv i spegelen på toalettet, og dei høflege inne på butikkane: "Kan eg hjelpa deg med noko?" Så blei det ein periode på Karl Johan der eg berre såg tiggarkoppane, og der dei som sat der hadde gøymt ansiktet sitt, anten i store skjerf eller i hendene. Antakeleg venta dei ikkje på å få smil heller. Noko av det verste er nok å bli betrakta som ikkje-personar og berre bli sett forbi, rakk eg å tenkja før det kom ei opp på sida av meg og smilte, høfleg og forventningsfull, men bak smilet såg eg smerte og angst og kanskje også skam: Kunne du tenkja deg å kjøpa eit nummer av Erlik Oslo? Og forsvarsverket som sprakk ei lita stund då ho forstod at ho fekk dobbel pris fordi ho ikkje hadde vekslepengar (og kanskje fordi eg hadde opparbeidd meg dårleg samvittighet).
I dag har vi også hatt ein tur i byen og sett på dei som smilte, og dersom eg skulle vore representert med eit smil her og no, så skulle det vore oppe på Operataket. Veret var grått og surt, men oppe på taket krydde det av folk. Det er storslagent turterreng og utsikt for dei som vil prøva seg! Inne i inngangshallen var det også fullt av folk som gledde seg over flott og fargerik song av barnekor, samt dans frå alle verdens hjørner. Trur det hadde noko med Mangfoldsåret å gjera. Me såg både bømlingar og Askerfolk, men ingen me kjende godt nok til å smila til dei. Me henta åtte operabilletter til Porgy and Bess som me skal sjå i august. Fire brødre Aasland (den eine fyller 70) med fruer. Til saman har me vore gifte i meir enn hundre år! Me gler oss til august!

Sunday, April 06, 2008

David 1 år i dag!

Me kom ikkje i bursdagsbesøk i dag, men han briljerte med alle sine kunster for få veker sidan då me var på påskebesøk. De ser han i bildeshowet til høgre.