Tuesday, December 30, 2008

Takk for besøket!

Julegjestene har reist sin veg, og et vesle raude huset vårt strevar med å finna igjen balansen. Juletreet står i ro og fred og ingen loppar det for blanke kuler. Ingen brukar julekrybba til racerbane for småbilane sine, og det er heller ingen slosskamp om Jesusbarnet. Pianoet kviler seg, og ingen står på krava for å få rydda oppvaskmaskinen. Berre vaskemaskinen går - og går - og går. Me sit her i eit stille hus og er svært takknemlege for det jula gav oss av glede og samver. Mat og gaver, javel, men slett ikkje berre det: Kyrkjebesøk og Mostebesøk og operabesøk (med innlagt stoor gravemaskin), tur til slottet med skumle gardistar. Tur på isen og ein bitteliten skitur, først inne og så i hagen. Inne var det juletregang og traktorkjøring, billedlotto og Uno og Ticket to Ride. Stor tryllekunst-oppvisning! Gråtass og Elias og Byggmester Bob på video for dei små, og Max Manus på kino for dei store. Samt ikkje lite dataopplæring. Så det me ikkje rakk, som f.eks. førstehjelpsopplæring, det får me heller ta ved hjelp av web-camera. Familiebilde blir vanskeligare å få til, men eg stel vilt til så lenge frå eit felles billedarkiv:



















Monday, December 29, 2008

Sunday, November 30, 2008

Velkommen til bords - i advent!



Fredag var det fullt hus og stormande jubel her. "Gutteklubben" Wiggo med fruer hadde juleavslutning, så det blei atten velvaksne personar til bords. Alle hadde med mat til ståande buffet på kjøkkenet, og sjølv om dei er kjende for sin gode appetitt så blei det mykje restar til oss, og til å ta med attende. Grei ordning, og godt var det! Men eg visste at det ville bli temmeleg kaotisk underveis, og eg skulle koka ris på ein ny induksjons-komfyr som eg ikkje hadde heilt kontroll på, så bord-bilder måtte takast før gjestene kom. Og her er dei! Koseleg å få dekka skikkeleg med adventsfargar for ein gongs skuld. Og mykje kom til nytte: Her er løparane som eg kjøpte på Husfliden saman med Anne og Randi fjorten dagar tidlegare, den kvite damaskduken med isbjørnmønster høyrer til arven frå Mælum, mens mor kom med dei hekla serviett-ringane som mange bemerka. Serviset fekk me i forlovelsespresang (!) frå bestemor, og Telesølvet og lysestaken fekk me i bryllupspresangar vestfrå. Englane derimot er berre tre dagar gamle, og dei kom med Aud og Jens frå Luster som var på koseleg overnattingsbesøk tidlegare i veka. Mosto gav oss pengar og me kjøpte stettglas i krystall til Inge sin konfirmasjon. Blomar til begge borda er kjøpte hos dei som denne veka fekk årets service-pris i Asker, nemleg Asker Blomster.
Me har ikkje kvit damaskduk til det store bordet, men pytt, me gjer som me har gjort før: To pene arva overlaken med brodert monogram gjer same nytta. Her får eg også brukt dei nye små krystallfigurane som eg kjøpte i Budapest for ein månad sidan. Krystallvasen er avskjedsgåva som Knut fekk då han slutta på Kvitsund. Tallerkane er arva frå Mælum (eller var det Eie?). Telyshaldarane fekk eg av Randi H. til 50-årsdagen, mens den store vasen eg fekk av Kvitsundgjengen ved same høve, blei fylt med flotte roser som Carl Otto kom med. Stemningen var god og me er takknemlege til alle som kom og gav oss ein god start på adventstida.
Først i dag tende me det første lyset og fekk med oss ei flott familiemesse der det var barnekoret som med sin nyskrivne musikal heldt preika, og dei fekk tydeleg fram kven det var me venta på. GOD ADVENT!




Sunday, November 16, 2008

Ytterpunkt



Livet går sin vei, mykje på det jevne, og det hender eg tenkjer at det ikkje skjer så mykje. Men av og til ser eg yttepunkta som gjer at livet blir spennande og interessant. Frå at eg den eine helga beveger meg på dei store høgdene ved Donau med utsikt over den vakre byen Budapest. Klasssisk konsert og båttur på samme Donau med middag og musikk i nattemørket.
Til at eg neste helg bokstaveleg talt ligg nede i snøføyka for å få litt orden på terassen på hytta.


Den eine kvelden er eg på datakurs og føler me dummare enn på svært lenge, mens eg neste morgon har ansvaret for eit tilsvarande sjølv. Det var i grunnen meir moro, men ein utfordring likevel.
Og i kveld har me testa bursdagspresang frå Per Helge. Prøvd å få liv i Mini-Anne, men eg trur me må ha eit intensiv-kurs i jula.

Elles lurer eg jo på om eg skal blogga noko meir. Syns det er skralt med responsen etterkvart. Men kanskje har vore litt sløv sjølv også.

Sunday, October 26, 2008

Vi lever - bra, til og med!

Det er så lenge sidan sist at eg må få inn eit livsteikn. På mange måtar betyr det berre at det har vore mykje som hendt og gjort livet litt travelt. Men det er også godt! Sender nokre små glimt.
I oppramsingsmodus: To syttiårsdagar, dobbel sekstiårsfeiring, sørlandstur og vestlandstur og Telemarkstur. Forsøk på terassebygging på hytta, litteraturseminar og fotobehandlingskurs. Det siste er eg nettopp begynt på, så me får sjå om det gir resultater.

Men mest har eg vore hekta på å lesa meg opp på litteratur frå Vietnam, Burma, Pakistan og India. Dette blei igjen presentert på ein mangfoldig litteraturkveld på biblioteket. Det var arbeidskrevande, men uhyre givande og interessant! Litt får eg brukt om igjen i menighetssamanheng.
Sist, men ikkje minst har me no i helga hatt besøk av Agnar og David som har sjarmert både besteforeldre og mosto sønder og saman. Ved Tveter gård måtte far og son halda seg unna alle dei flotte hestane. På sjukeheimen gjorde han eit dykk ned i planter med vatn og steinar og fekk farfar til å råkjøra han med rullator i korridorane. Han likte seg godt på Lille Tøyen, og mosto syns det var stas å få besøk.





Tuesday, August 19, 2008

I potetåkeren på Skaugum


Søndag tok me turen over til kronprinsen sin bondegård. Me plukka poteter og kjøpte grønnsaker, og no har me smaka på det meste. Det var såkalla Åpen gård der alle som hadde lyst kunne komma. Og dei kom! Det var store flokkar med barnefamiliar som skulle sjå på dyr og høyra Knut Risan fortelja eventyr. Samt mange andre. Me var så heldige at me kom i snakk med "sjefen sjøl", altså ikkje kronprinsen, men gardsstyraren som hadde jobba der i over 40 år. No hadde han, saman med to andre, ansvaret for dyrking av 1200 mål jord. Men til dette Åpen gård-arrangementet hadde han hjelp av 60-70 frivillige.




Monday, August 11, 2008

"Porgy and Bess" og brødrene Aasland



Harald fyller 70, og bursdagspresangen denne gongen var billettar til premieren på "Porgy and Bess" på Operaen, samt lunsj (eller var det middag?) på Operaen, saman med alle brødrene og svigerinnene. Og sjelden har har vel ei gåve falle så i smak både hos den som fekk og dei som gav!



Forestillingen og musikk-opplevelsen var berre fantastisk. Heldigvis er dei fleste kritikarar enige med oss i dagens aviser.


Men bestemmelsen om å reisa kollektivt skulle visa seg å føra mange og lange komplikasjoner med seg. Godt me hadde hatt eit solid måltid tidleg på dag, for det skulle bli lenge før me kom oss heim til reker og loff og kaffe og kaker. Men moro var det lell!

Sunday, August 03, 2008

Ferien er over.........

Ikkje dei heilt store krumspringa i år, men inntrykka kan bli mange likevel. Står fast ved det eg tidlegare har sagt: For å vera vellykka skal ein ferie gi påfyll når det gjeld natur, kultur og fellesskap. Det har blitt mykje av et første og det siste no i sommar. Når det gjeld kulturen måtte eg tenkja meg litt om. Men jo, eg har fått med meg museer, kunstutstillingar, konsert og kino, samt ein del som ligg i grenselandet til kultur. F.eks. tur med "Skibladner" på Mjøsa, og på Telemarkskanalen med "Henrik Ibsen". Olsokmesse i Eidsborg Stavkyrkje. Besøk på Gustavsberg, Sveriges første badested, og, ikkje minst, overnatting på det fantastiske "Skattkammeret" i Lårdal.
Og enno har eg ikkje nevnt god mat og godt lesestoff, varme bad i sjø og vatn, samt tre strålande barnebarn!
Count your blessings, seier eg no berre!

Sunday, June 08, 2008

Bursdagsfeiring i juni


Dei fleste som fyller 62 syns dei har alt dei treng, men slik var det ikkje med herren her i huset i år. Han ønska seg å feira dagen med å gå på Stunt Show på Føyka. Det var visst topp for han og for mange fedre og søner. Det var veldig langt mellom bestemødrene......... Enormt med røyk, motorbrøl, vanvittig kjøring og forbruk av drivstoff, spør du meg. Men bursdagsbarnet var altså fornøgd, og då så! Han fekk også noko anna han ønska seg, nemleg gavekort på tur med Skibladner på Mjøsa. Den turen går om to veker.

Bløtkake blei det ikkje saman med Leif Gustav og Anne Lise på piknik ved sjøen i går heller, men kyllingsalat, hermetiske kirsebær med vaniljesaus og wienerbrød til kaffien. Ideelt i 30 graders varme. Fullt så bra var det ikkje i dag. Då bles det så enormt at etter ein time måtte me heim og varma oss.
I dag ville me helst vore i Stavanger og feirt Per Helge med kanotur og grill, men me forstår at den saken tar familien Urstad seg av, og så får me misunna dei av eit godt hjarte. På same måten som me misunner familien Haaland som fekk vera med å kjøra inn den nye grillen til Kariann då ho feira sin dag sist søndag.
Akk ja, slik går det når me buset oss så usentralt (!), men snart er det ferie, og då dukkar me kanskje opp både her og der.

Saturday, May 17, 2008

Hurra for 17.mai!

Slik starta dagen i Åsgrend til vår store overraskelse! De har vel høyrt om gedigne 17.mai-frukostar? Vår hyttevariant var mildt sagt enkel og i farta.
Men kva gjorde vel det når neste måltid såg slik ut? Då hadde me reist gjennom Telemark i alle slags ver og havna i Asker og hos familien Hagemo som har har invitert til slike 17.mai-lunsjar i 15 år. Dette var første året som me måtte sitja inne, men det er utruleg kor mange det er plass til når hjarterommet er stort. Og takk for det!

Sunday, May 04, 2008

"Vi over 60"


Torunn har fylt 61! Sjelden har vel ein 61-årsdag blitt feira så grundig i tri heile dagar til ende. Variert vart det også då fem Bømladamer samla seg på Bud frå 1. til 4.mai. Ikkje minst spelte veret på lag med oss. Og naturen! Eg var så heldig at eg sat ved sida av eit ungt par frå Nederland i flyet då me tok oss over Romsdalsalpane i strålande solskinn. Eg var stolt over at eg i alle fall var norsk! Maten var heller ikkje å forakta for oss som berre sette oss til veldekka bord. Fiskesuppe og bacalao og lammesteik! Trur nok vertskapet hadde forberedt seg i dagevis. Godt Torunn har ein trugen assistent og kjøkkenskrivar.


Inne og ute var det godt å vera. Me fekk til og med med oss ein tur på hytta på Skaret. Vassa i snø med bacalao som heldt på å havna i snøfonna. Om kvelden fekk me diskutert nokre av livets store spørsmål - og mange små! Dersom det har komme nye synspunkt til så er det berre å melda frå så skal det bli notert som eigne punkt på livs- og pensjonists-meistringslista. Me er vel litt betre rusta no eller kva? Heimearbeidet må me gjera kvar for oss.
Handleturane var eit kapittel for seg. Smykker og toppar og lys og bordpynt av ymist slag. Til og med ein bordløpar berre "måtte" Ellen ha. Passa han bra?

Kveldane i "Vikjen" var gylne. Sol på terassen til seint på kveld og eventyrlege solnedgangar. Kan damer i 60-årsalderen ha det stort betre? Eller kva seier de andre? Takk for meg, i alle fall!

Sunday, April 27, 2008

April-smil i hovudstaden

Eg gjekk åleine gjennom sentrumsgatene her om dagen og gav meg tid til å sjå på folk rundt meg. Det var mange som smilte! Den første var ei ung jente med lange fletter som gjekk åleine og smilte strålande mens ho snakka i telefonen. Tydeleg fellesskap. Så ein ung pappa som smilte til sitt vesle barn. Eit smil som varte, og som tyda på kjærlighet og stolthet. Forte og ivrige smil over kafeborda på uterestaurantane. Dei absolutt meir avmålte smila som folk sende seg sjølv i spegelen på toalettet, og dei høflege inne på butikkane: "Kan eg hjelpa deg med noko?" Så blei det ein periode på Karl Johan der eg berre såg tiggarkoppane, og der dei som sat der hadde gøymt ansiktet sitt, anten i store skjerf eller i hendene. Antakeleg venta dei ikkje på å få smil heller. Noko av det verste er nok å bli betrakta som ikkje-personar og berre bli sett forbi, rakk eg å tenkja før det kom ei opp på sida av meg og smilte, høfleg og forventningsfull, men bak smilet såg eg smerte og angst og kanskje også skam: Kunne du tenkja deg å kjøpa eit nummer av Erlik Oslo? Og forsvarsverket som sprakk ei lita stund då ho forstod at ho fekk dobbel pris fordi ho ikkje hadde vekslepengar (og kanskje fordi eg hadde opparbeidd meg dårleg samvittighet).
I dag har vi også hatt ein tur i byen og sett på dei som smilte, og dersom eg skulle vore representert med eit smil her og no, så skulle det vore oppe på Operataket. Veret var grått og surt, men oppe på taket krydde det av folk. Det er storslagent turterreng og utsikt for dei som vil prøva seg! Inne i inngangshallen var det også fullt av folk som gledde seg over flott og fargerik song av barnekor, samt dans frå alle verdens hjørner. Trur det hadde noko med Mangfoldsåret å gjera. Me såg både bømlingar og Askerfolk, men ingen me kjende godt nok til å smila til dei. Me henta åtte operabilletter til Porgy and Bess som me skal sjå i august. Fire brødre Aasland (den eine fyller 70) med fruer. Til saman har me vore gifte i meir enn hundre år! Me gler oss til august!

Sunday, April 06, 2008

David 1 år i dag!

Me kom ikkje i bursdagsbesøk i dag, men han briljerte med alle sine kunster for få veker sidan då me var på påskebesøk. De ser han i bildeshowet til høgre.

Tuesday, March 25, 2008

Påskefjell



Kva skal vi vel med Rauland og Silkedalen heretter? No er forholda lagt flott til rette i Vrådalfjella. Brei og fin bilveg like til høgfjellet og så rundløype og løype opp til Hægefjell. Utruleg flott usikt, og foreløbig lite trafikk både på vegen og i løypene. Men enormt med hytter!



Sunday, February 24, 2008

"Den evige stad"

Kanskje er det slik vi hugsar det best: Bjørgulf framfor ein meir eller mindre andektiv forsamling. Her deler han med oss litt av sin store kunnskap før vi går inn i Vatikanmuseet. Innsida der, og dei ca 15 kyrkjene me besøkte fekk me ikkje teke gode bilete av, men prospektkorta er fine!

Innimellom slaga måtte me ha mat. Her tar kelnaren bilete av oss før han serverer oss det han kalla spesialretten for Roma. Restauranten var fin, og kanskje er det det han gjerne vil ha fram, ettersom så mykje av interiøret kom med. Eg trur eg har fått nok av Roma spesial som var ein utruleg mektig spagettirett.


På Forum Romanum venta det oss ein overraskelse: Midt på plassen kom Thor Arne med ein del av familien som han hadde med på tur. Rart å møta gamle kjende på slike trakter, men kanskje var han av dei mest sannsynlege på ein slik stad!

Petersplassen og Peterskyrkja var ein stor opplevelse. Ein kjenner seg liten i slike omgivelsar! Alt var stort, og folkemenda vart stor etterkvart som dagen skrei fram, men heldigvis var me tidleg ute. Me tok undergrunnsbanen til og frå, og der var det berre å stua inn folk til ein mest ikkje fekk pusta.

Så mykje handling blei det no ikkje, men loppemarkedet var ein opplevelse, og Knut handla med seg både det eine og det andre. Her får han kjøpt seg nye pensko.

Me høyrde til dei priviligerte som budde i øverste (6.) etaste på hotellet, og her hadde me eigen takterrasse. Siste dagen blei det endeleg så varmt at me kunne eta ute utan å kle på oss alt me hadde. Her kunne me sjå store deler av byen. Og gangavstand til mykje. Berre ein liten park skilde oss frå Colosseum.
Utruleg at det her vart halde kampar med døden til fylgje for den eine eller andre i fire hundre år. Amfiveggene er
høge, men visstnok er det like stor del som er nedanfor bakken.
Og enno er det mykje, mykje me såg og opplevde. Ikkje minst var det fint å oppleva så mykje med 25 andre som me stort sett kjende alle saman. Lysta til å lesa den eldste verdshistorien og kyrkjehistorien aukar etter slike turar.

Wednesday, February 20, 2008

Roma kaller!

Alt vel her i den evige stad. I dag har vi vore ein flott dagstur til Assisi. Ein kjempefin by der det heile er bygd opp rundt Frans av Assisi. Fantastisk utsikt over dalern, og med mykje flott kunst. Eg kan ikkje faa sendt bilder no, men byen er eit besòk verdt. Roma er jo ogsaa heilt utruleg. Colosseum i gaar gjorde stort inntrykk. Peterskyrkja , Capitol og eit utruleg kaldt solskin. Meir seinare

Friday, February 15, 2008

David var her!


David besøkte oss i fleire dagar saman med foreldra sine sist helg. Han var godt fornøgd med seg sjølv og alt han kunne, og det var farmor og farfar også.

Sunday, January 20, 2008

Lovsong og ymist anna i Asker siste veka!

Lovsongskvelden på Askertun sist søndagskveld fekk det til å svinga i Asker-menigheten. I alle fall den delen som var på vår alder, og som kunne kunne sine lovsongar, og som mimra med slikt volum og slik rytme at ein kunne lura på om det fans "skap-pinsevenner" i forsamlingen. Eller kanskje berre fordums indremisjonsfolk. For det skal seiast i at i denne menigheten har eg ikkje sett ei einaste Sangboken etter at vi kom hit. Her er det Salmeboken som gjeld, supplert med Salmer 97 og kanskje ein liten dose Treklang. Samt eigne tekstar og melodiar. Men på lovsangskveldane lurer bedehussangane seg fram, og "alle" kan dei! Og lovsongsgeneralen Petter styrer det heile med stødig, eller kanskje heller viftande og inspirerande dirigenthender. Trening har han bl.a.skaffa seg i Norsk Pediatrisk Kammerkor(!) på Rikshospitalet.

Aslaug derimot brukar hendene sine til andre ting. Ho tryllar fram dei lekraste rettar når me møtest til bibelgruppe hos henne, slik me gjorde sist tirsdag. Då blir det for bibelselskap å rekna. I tillegg til nydelege rundstykker blei det denne gongen florlette krumkaker med moltekrem.

Torsdagen var det møte i diakoniutvalget på Askertun. Her var det Martha som styrte med sikker hånd. Sjokoladekaker kom ho også med. Me har det ikkje vondt! Og dersom de ser ut som om ho les annan manns brev, så er det nok takkebrev frå folk som har fått blomar.



Til sist, ei lita helsing til Erling som fylte 80 denne veka, men som framleis har ein kollosal kapasitet til å stå på for menigheten. No søndag var han ikkje på plass i klokkarstolen i kyrkja, for då feira han med slekt og venner på hotell. Vel overstått til deg!

Sunday, January 06, 2008

Samtalar i eit nytt år

Kva er vi så opptekne av i eit nytt år? Kva snakkar vi med folk om? Jo, det er så mangt dersom denne første januarhelga er representativ. Sju damer møttest i ein 59-årsdag laurdagskvelden, og drøsen gjekk livleg om----skulepolitikken i Norge kontra Finland og Frankrike. Er det sikkert at fagleg kunnskap er betre enn trivsel og sjølvtillit? Står verkeleg katten under 10-tallet i gnav? Og veit de at dette spelet kan kjøpast på Oslo Bymuseum? Er eit bilde i eit word-dokument slutta å vera bilde og har gått over til å bli ein del f.eks. av eit brev? Er dei som jobbar i det private næringsliv alltid betre og meir effektive enn dei som jobbar i det offentlege? Kan vi gjera noko for klimaet? Eller er klimakvoter berre ein ekstra skatt som går rett inn i statskassa? Korleis skal det gå med kommuneøkonomien i Vanylven? Har vi glede av å kunna teksten til Jeg snører min sekk? og kor lenge kan eigentleg konjakk (f.eks. til goro) halda seg utan å bli dårleg? Kva gjer vi dersom vi veit meir om Hamsuns liv enn om vårt eige? Skriv vi dagbok, lager oversiktsplanskar eller skriv blogg? To av damene fortalde om julepresangane dei hadde bevilga til seg sjølv: Eit elektronisk piano (det nest beste) og eit speilreflekskamera (det beste?) Deretter gjekk, tradisjonen tru, kollektkorga rundt. Kanskje vi kan få ein kommentar om kor mykje som kom inn og kva pengane skal gå til?