Sunday, November 18, 2007

Er november trist og grå?

Vi har høyrt at november skal ein berre komma seg igjennom; trist og grått og vått og sølete. Slik er det slett ikkje. Sjå berre på morgonsola over Skorve tidleg 11.november! Men på andre sida av hytta kan ein tydeleg sjå at vinteren nærmar seg. Me klypte krydderurtene og la dei inn på stovebordet til frysetørking. Men det var kanskje ikkje særleg proft? Me rakk også med eit nødskrik å få tøme sisterna. Vatnet var frose om morgonen 10.nov, men tinte såpass at me fekk det ut. Godt å tenkja på at me ikkje har innlagt vatn som kan frysa om vinteren, eller straum som kostar anten me brukar han eller ikkje!



Er det surt ute i november, så kan ein finne varme og trivsel inne. Me fekk besøk av ein heil liten koloni med slekt frå Vestlandet, og då gjekk det med ein del kaffe og kaker. I tillegg såg me musikalen An-Magritt på Det norske teateret, og ein spesiell viltmiddag på Cholate(?) der sjokolade var med i alle rettane. Bl.a. var det ruccola-salat med raspa sjokolade til forrett!








Og kven seier at kjøpesenter må vera så triste?Her feirer Randi og eg Anne sin bursdag med kaffe og napoleonskaker ein månad for tidleg, og det på Sandvika storsenter som no er blitt Skandinavias største. Det måtte gjerast når dei likevel var undervegs til retreat på Lovisenberg. Me kjøpte presang til deg også, Ellen, men den ligg fint innpakka hos Anne til så lenge.
I dag derimot er det ein frykteleg grå og mørsk novembersøndag, men Knut har likevel tenkt seg opp til Blindern på Astrofestilvalen der han håper å møta Buzz Aldrin, som i si tid var på månen og tok bilde av Armstrong. Elevar kal han ha med, og dei stjerner får dei nok sjå, inne eller ute!
God november!