Tuesday, July 03, 2007

David store dag


Ein stor og fin dag då David blei døypt i Mandal kyrkje. Han oppførte seg eksemplarisk og gudstenesta var flott. Deretter var det stor fest med alle besteforeldre, alle søskenbarn og alle onklar og tanter, med unntak av morbror Arne som låg med to brekte leggbein på sykehuset i Stavanger etter eit litt uheldig fraspark på fotballkamp. Dåpsfesten vart halden i "blåstova" på Hald. Eit så flott lokale at plutseleg dukka det opp to franske turistar som hadde lese om takmaleria i ei fransk guidebok og som kom eins ærend for å sjå på dei. Men i tillegg fekk dei med seg eit norsk dåpsselskap og norske kaker.