Wednesday, June 27, 2007

Litt om ting og tang både her og der


Snart er ferien her, og med den den store folkeforflyttinga. Som ein forberedelse har eg foreløbig reidd opp 11 senger og må nok ta to-tre til. Eg har to kaker i ovnen og ei klar i fryseboksen. Eg har ordna dåpspresang i pose og bursdagspresangar på skap. Planter er blitt flytta hit og dit og/eller overlatt til ein såkalla naturleg død. Eg har sjekka at tripp-trapp-stolen med "bandet" som Marte bruka i fjor står klar i midtrommet på hytta. Blir det ho som skal bruka det i år også, skal tru, eller får Isak bandet og Marte den andre tripp-trapp-stolen? Eg har sjekka at farfar si barnedyne ligg klar i kista slik at Isak og David kan bruka den til teppe ute på "plattingen" slik Marte gjorde for to år sidan.

Og så har farmor eigenhendig skrive på fleire plankar, mens farfar personleg har brent dei.Senger er oppreidde til Per Helge og Elisabeth på rommet mot stien, og oppå skapet i stova ligg ein pakke som er til ein av dykk, eller begge. Det er ikkje så godt å sei, etter den nye ynskjelista til Elisabeth som kom i dag. På rommet i midten kan du ha senga di, Marte, og kanskje pappa får mest morgonfred dersom han søv der med deg? I øverste skuff i skapet ligg den gamle sangboka som farmor bruka då ho var lita. Kanskje du kan få Elisabeth og Per Helge til å syngja med deg? Og på annekset er det reidd opp til Kariann og Inge, så får de eige hus som i fjor. De syns kanskje plantene ute har fått rar plassering? Dei står der dei står for å få litt sol, litt skugge og litt vatn. Krydderplantene må de forsyna dykk av etter som de har kunnskap til. Det er salvie, sitronmelisse, selleripersille og gressløk. Kjenner eg Per Helge rett så luktar han snart av det siste.
Elles er ting omtrent som det har vore, sjølv om eitt og anna ber preg av at det har vore mange (utdriknings- og andre) menn der i det siste. Koppen skal limast, Elisabeth, så han blir nok i fin form til du begynnar å drikka kaffi. Tørrmat bør de ikkje kjøpa stort av før de ser kva som fins frå før. Det er rikeleg med ved, store mengder vaskevatn, og tilogmed to kanner med drikkevatn. Dei hadde me med dit sist helg.


Her i Asker har far i huset fått ferie og då jobbar han som aldri før. På baksida av huset reiser nybygget seg:

Det skal visstnok komma tak også før me drar, og så kan snøen berre komma. Eg gler meg til det til vinteren.
PS. Me kunne ha skrive kor nøkkelen ligg gøymt for dykk som skal mellomlanda her, men eg trur me lar det vera. Husk å vatna plantene!
PPS. No er marnegsbotnane ferdigsteikte. Dei smakte godt, men blei i altfor mange bitar til at dei eignar seg til å ta med til dåpen. Så me får tenkja ut noko anna.

Sunday, June 17, 2007

Gylne øyeblikk

Det er akkurat ein månad sidan 17.mai, og i desse fire vekene har det vore så tett med gylne øyeblikk med natur, kultur og fellesskap, at det er vanskeleg å komprimera. Så det får bli litt av kvart, herifrå og derifrå. Først to naturbilde, tekne med ei vekes mellomrom.
Suleskar pinseafta, på veg til Per Helge og Elisabeth i Stavanger - og Tvetersetra som høyrer til turområda våre her i Asker. Randi tok oss med hit.



Kulturen blir representert ved Hans Nielsens Hauge sin barndomsheim i Rolfsøy. Dit gjekk turen med seniorane i Asker menighet 5.juni. Motstykket blir Brandenburger Tor frå besøket i Berlin nokre dagar seinare.






Fellesskap kan gi seg så mange utslag: Kjell prøver å forklara uvitande venner om korleis sølvløken skal plantast og stellast

Magnhild og eg var på vår første søstertur sist helg. Mellom anna me koste oss med kaffi og is ved elva Spre, og med Berlinerdomen i bakgrunnen. Me var også inni kyrkja på gudsteneste, og det var ein stor opplevelse.


Og enno har eg ikkje nevnt 17.mai-fellesskapet, jubileumsfesten på Kvitsund, pinsegudstenesta i Stavanger domkirke og, ikkje minst, fellesskapet ved gravferda til tante Petra.

Tuesday, June 12, 2007

Ved tante Petra si båre

Bindestreken

Ein mann tala ved båra til ein ven.
Han tala om årstala som skulle stå på gravstøtta:
Først skulle fødselsdatoen stå,
og så ein aller siste dato.
Men, sa han, viktigast av alt
var bindestreken,
eller det vesle til som kom mellom åra
1922-2007

Denne bindestreken var nemleg den tida
venen hadde fått på jorda.
Og no var det berre dei som heldt av han
som visste kva denne bindestreken er verdt.
Bilen, huset, pengane
betydde ingenting.
Derimot korleis han levde og elska
og brukte sin vesle bindestrek.

------------

Tenk på dette, alvorleg og lenge:
Er det noko du vil endra?
Du veit aldri kor mykje tid du har igjen,
og som du er herre over.
La oss roa oss ned såpass
at vi ser kva som er sant og ekte.
Prøva å forstå
korleis andre menneske har det.

La oss ikkje la sinnet få så stort rom,
men la takksemda desto større plass.
La oss bry oss om våre næraste
slik vi aldri har gjort det før.
La oss møta kvarandre med respekt,
og gjerne med eit smil.
Alt mens vi hugsar at den vesle bindestreken vår
ikkje varer så lenge.

Måtte vi så, når våre vita blir lesne opp
og vårt livsløp er omme,
vera stolte over det som då skal seiast
om korleis vi, du og eg,
brukte vår vesle bindestrek

Lese ved båreandakten. Fritt omsett etter amerikansk tekst.