Wednesday, February 28, 2007

Offentleg gåvebord


Den store festen til kongen er over, men det fins gåve"bord" som blir rydda seinare enn andre, og så fins det folk som dagleg får tilgang til desse gåveborda. Knut er ein av dei.

Monday, February 26, 2007

Velkommen til Aasbu!

Det var trygt å hengja opp det nye flotte skiltet (bursdagsgåve til Knut frå Torunn og Harald F.) på hytteveggen, for deretter å forlata hytta ulåst for resten av dagen. Me var rimeleg sikre på at ingen kom til å forvilla seg i nærleiken. Då me kom fram på fredagskvelden måtte me vassa i over ein halv meter med nysnø utan eit einaste spor. Inne i hytta var det åtte minusgrader og me var våte og kalde. Men i løpet av to timar steig temperaturen med 30 grader, så me kunne setja oss ned og eta. Men først måtte me varma tallerkar og bestikk på ovnen. Me hadde ski på biltaket, og der fekk dei liggja i fred. Me heldt oss innadørs og såg på snøen som lava ned. Neste morgon var den møysommeleg oppgådde stien snøa igjen, så kanskje me er for gamle til detta livet? I alle fall kom me oss til Kviteseid for å drikka kaffi med Ranheim på laurdagen, samt nyta den gamle utsikten vår mot Roholdt. Søndagen inviterte Hadle til Knoke med suppe på, og den var rektig god. Samla oss krefter til ein heimtur i ufse ver og to bilulukker på rimeleg nært hald. Godt å komma heim i trygg behold, og sikra oss at Per Helge og Elisabeth hadde komme seg velberga frå biltur til Sørlandet, og at Agnar og Johanna er ved rimeleg godt mot etter mykje og strabasiøst ver og føre. (Johanna datt to gonger på veg ned til Hald! Kanskje du er blitt så rund at du trillar, Johanna?) I Bergen var det sol og utedrikkekaffiver, mens det heime hos far var regnver og ver til biltur rundt Siggjo, og til middagsbesøk på Innvær (flott at de prøver å halda liv i huset, Jan Gustav). På Innvær blei det servert mat som måtte pakkast inn (taco?), mens far fekk det ferdig innpakka. Korleis forholda er i Førde veit me ingenting, så det er kanskje best me tar ein telefon, og det blir ikkje den trådlause, for den er det berre bråk i. Men den svarte kameraten er kommen opp frå kjellaren, så me får prøva om den oppnår kontakt. Det er ikkje alltid så lett å få det til Førde, forresten.

Monday, February 19, 2007

Forskjell på folk!




Knut har fått vinterferie, og plutseleg var han på Rally-VM! Slik kan det gå når sonen har komme til å tenkja på at det snart (om 20-30 år eller så) kan det bli hans tur til å bli invitert med, og her gjeld det å gå føre med eit godt eksempel. Så dermed reiste dei og Johanna til Elverum, der ho blei sett av hos broren sin, mens dei stod langs løypa og såg og høyrde brødrene Solberg fara forbi. Moro var det visst! Og framleis ferierer han.
Mens eg må streva med lånarar, og ikkje minst med bloggar. Har laga to på jobb, og dei er ikkje alltid like samarbeidsvillige. Kikk innom: