Sunday, August 27, 2006

Sommaren med godjenta

Hei Marte!
Farfar og farmor syns det var så flott at me kunne få treffa deg så mange gonger i sommar! Det var fint å plukka blåbær på hytta ikkje sant? No har eg og farfar plukka masse blåbær

slik at du og dei andre kan få syltetøy og dessert dersom de kjem på besøk. Men det er berre om sommaren du kan få "busk" slik som på bildet. Og det er om sommaren du kan dra på padletur og badetur og sykletur og fjelltur. Du var jammen tøff!


Ser du jenta som lurte seg inn i farmor si hytteseng så fort så fort! Dette er nok tidleg om morgonen før du har fått på deg klær.

Og så kom du til Asker og fekk prøva kjelken og posen til dokka som bur på loftet. Litt liten pose, men akkurat plass til Marte sine føter!
Til og med på restaurant med mosto fekk du vera med. Hugsar du mosto og alle dei gamle damene som blei så glad då du kom inn på sjukeheimen og sa hei! Me skal til mosto i morgon og drikka kaffi, men då trur ikkje det blir små jenter der.

Du slapp å ha på deg OL-genseren som farmor hadde strikka. Det var for varmt i sommar, og så vart han jo så stoor! Men når genseren er blitt passe, og det er blitt haust, då kjem babyen og Marte blir storesøster. Eg trur nok pappa må rekka å bli 30 år først. Kanskje kjem farfar og farmor ein tur til Førde for å sjå babybroren eller babysøstera, og kanskje kjem alle i Førde til oss og feirar jul. Det blir kjempebra! Kan du forresten helsa til mamma og pappa og sei takk for dei flotte blomane som blomstermannen kom med i dag?

Sunday, August 20, 2006

Bursdagsfeiring i Gabriel Scotts rike


Me var så heldige at me blei inviterte i Terje (Bjelland) sin 60-årsdag. Saman med omtrent 20 andre av familie og vener feira me dagen på Høvag prestegård. Mykje regn siste døgeret hindra oss i å sitja til bords under epletrea i den flotte hagen, sjølv om det eigentleg blei fint ver til sist. Men huset var også flott og gammalt (ca. 115 år?), men pietetsfullt nyoppussa! Her ser me Terje i det fine kjøkkenet i Gabriel Scott sin barndomsheim.
Faren til Gabriel Scott var prest her, akkurat som dottera til Terje er det no. Kathrine tok oss med på omvisning i området og inne i kyrkja. Der måtte ho på med prestekjole slik at me kunne sjå at ho verkeleg var ein skikkeleg prest. Snora blir knytt forsiktig rundt Terje sitt enno ufødde barnebarn.


Me overnatta heime hos Terje og Kirstin i Søgne, og søndags føremiddag blei det tid til ein smak av sein sommar ute på dei sørlandske svaberga i Søgne, før me tok toget(!!) heim til Asker.

Sunday, August 06, 2006

Eigen avling

Berre til opplysning: i dag har vi hatt dessert av eigen avling! Like deler rips og solbær blei passe til to. Vi kan dessuten rapportera at vi har like mange stikkelsbær til ein annan dag. To eple (som har falt ned) og ca. 10 plommer. Det er vel ikkje verst til ein begynnelse. Eller ny begynnelse. Vi syns det var trist å sjå den frodige frukt- og bærhagen vår i Kviteseid bli nullstilt. Alt bar rikeleg i vår tid, men no er trea og bærbuskane nede og heile tomta endevendt. Jaja, vi forlet det jo frivillig............

Saturday, August 05, 2006

Innflytting i Mandal

Tirsdag morgon kl. 9.00 var me i full gang med å lempa alle sakene til Johanna og Agnar frå flyttebilen og inn i det (nesten heilt) nye huset deira i Mandal. Avbrutt av intense regnbyger, men Agnar og svigermor rakk å hiva seg i flyttebilen attende til Stavanger og få levert den i tide. Agnar rakk også toget tilbake og kom omtrent med dei første verflyktningane. Inge og Kariann og Marte sat under eit tre i parken i Kristiansand i pøsregn og grua seg for å slå opp telt for natta. Dermed havna dei også i Mandal, og det trur eg dei var glad for når dei såg det enorme lyn- og tordenveret som blei den natta. Så fekk dei også bli med i komiteen som skulle montera nye møblar og vaska opp og rydda ut av kartongar. Og sim-sala-bim så var masse kartongar og eit tomt hus blitt til ein heim!

Friday, August 04, 2006

Storfamilien Aasland

For 21.gong samla fire brødre Aasland (nesten) alle sine etterkommarar til ei helg på slektsgarden Åsland i Bamble. Alt var som det skulle vera: Stor feiring av 70-årsdag, 60-årsdag, tre førtiårsdagar, ein tredveåring osv. osv. Bading med eit overhendig regnver og grilling og kubbespel. Nytt av året: Kultur- og natursti, samt vandring til ei nedlagt gruve. Og skrekk og gru: Det året utedoen var borte gjekk kjelda tom, så nærare 30 stod uten vatn og do! Men Forresteren fekk kjøra vassfrakt seint på kveld og tidleg morgon, så tannpuss og kaffivatn blei redda. Overnattingskapasiteten blei i år pressa til ei yttergrense, og når tre nye er på veg inn i familien mens seks ikkje kunne komma i år, så kan det sjå ut til at dette er siste året vi kan møtast på denne måten. Ein flott innsats av Lars og Heidi som har halde huset ope for oss i alle desse åra!