Tuesday, June 16, 2009

Kongeleg sølv til Kjell!

Ryktene svirra, og me la i ein fart om helgeplanane då me høyrde at Kjell Lindheim i Kviteseid skulle få overrakt Kongens fortenestmedalje i sølv, m.a. for 37 år i arbeid med barnekoret Unge Røyster. Kyrkja var full (i alle fall trudde Kjell det) av folk som ville vera der når det nygamle orgelet blei innvidd. Dagfinn heldt konsert, Jorunn spela fløyte og Kjell song solo, før ordføraren kom fram for å utføra det ærefulle oppdraget. Då medaljen kom fram, blei Kjell meir eller mindre mållaus, mens Dagfinn og Jan Einar som stod bak forslaget, gliser godt.
Og bak i våpenhuset stod dei Unge Røystene, også det ei overrasking!
Heile familien fekk sola seg i glansen av diplom og medalje. Seinare på dagen, då Normisjon serverte kyrkjelapskaus på Misjonshuset til alle som ville ha, kom alle talane, og Solveig og Sigrid overrekte gullmedalje til bestemor. Dei, og resten av familien hadde øvd seg intenst på å halda det heile hemmeleg. Men Kjell visste at det var invitert gjester frå fjern og nær. Han skulle nemleg feira 65-årsdagen sin, ein dag for tidleg, og utover ein strålande søndag ettermiddag fyltes tunet på Grønvang med grannar, slekt og vener. Og alle syns at "Kongen er snill", som det stod i songen, og at Kjell var ein veldig verdig mottakar av utmerkinga.

Sunday, June 07, 2009

Hallo David!

Hei David! Det var kjempekoseleg at du ville bli med oss på hytta og hjelpa farfar med spikrane og banka på plankane. Og når det blei litt vondt så kunne du jo ringe til mamma! Du gløymde ein av dei små bilane dine og så stod det ein liten hund midt på bordet. Dei ventar nok til du kjem igjen når det blir sommar.



Farmor trur du likte deg ekstra godt på trappa med pappa og farfar. Gøy å vera ein av gutta!
Og så var du flink å gå lang tur så me kunne sjå dei store traktorane!
Tusen takk for brevet du sende til oss med kunsten du hadde laga i barnehagen. No har me hengt han opp attmed teikningane til Marte.

No har farfar nettopp hatt bursdag, og dette bildet er teken på bursdagen hans. Då fekk han ikkje ei einaste sjokoladekake, men han fekk sjå på ein flott foss, og så snakka han deg og Isak og Marte i telefonen, og med pappane, og så med brødrene sine. Det syns han er like godt som sjokoladekake. Men han fekk to presangar med ledningar på, så dei kan han leka seg med.

I morgon har onkel Per Helge bursdag, og då kan du kanskje snakka med han. Han blir 28 år og er nesten vaksen, men han er minsteguten til farmor og farfar, og så blir me litt redde for han når han reiser langt på sjøen i ein slik liten kajakkbåt som han padlar i saman med farfar på bildet. Kanksje han kjem heim og får kake og pakkar han også når han har bursdag. Han har fått ein pakke med ledningar, han også.
Det er flott at du vil komma på besøk til Asker og sova i den vesle brune senga når du skal på ferie. Kan du helsa til mamma og pappa og sei at me syns det er fint at du skal få ei syster?

Friday, May 01, 2009

OÆÆÆÆÆÆÆ!

Lyrikaren Helge Torvund sa ein gong at eit kunstnarleg uttrykk er nytt og originalt for den som kjem med det. Slik at då dottera hans på fem kom ut på Jærstranda, slo ho ut med hendene og sa: Himmel! og Hav! Faren meinte at med dette fekk ho sagt alt ho følte, og det på ein overbevisande måte. Trur det var slik med David på to då han kom fram i kyrkja 1.påskedag og på faren sin arm såg han store og flotte veggmaleri og altertavle. Hans følelsar blei uttrykt med at han sprikte med ti små fingrar og kom med eit begeistra OÆÆÆÆÆ! Han fekk sagt alt, til tross for eit lite ordforråd. Skulle ynskt at eg hadde hatt eit slikt enkelt uttrykk for kor flott eg syns det var å sjå og oppleva himmel og hav og bygd og by, sett frå Kolsåstoppen på ein første mai.
Det var mange som hadde teke turen, både store og små. Ein svensk småbarnspappa sa då han kom på toppen: "Har dom inte satt opp svimmelvarning?" For stupbratt var det til alle kantar, og då me klatra ned igjen var me for ein gongs skuld glad for at me ikkje hadde med oss barnebarn.

Det har vore fleire sterke opplevelsar siste månaden.

Ikkje minst då me drog frå kyrkje til kyrkje og song for fulle hus med prosjektkoret Jazzker. I Lommedalen kirke blei det så fullt at ikkje alle kom inn, og det var stor stemning og jubel overalt.
T.C.Hawkins frå New Orleans var ein fantastisk dirigent og inspirator for ca 120 amatørsongarar frå Asker og Bærum. I tillegg song han utruleg bra! Og så var det Ytre Suløen! Eg seier som David som åt ei av sine bursdagskaker her hos oss: OÆÆÆÆÆÆÆ!

PS! Snøen er nesten heilt borte i nabolaget. Hos oss vat det bart i hagen til 1.mai!



Friday, March 20, 2009

Sunday, March 08, 2009

Våren i Gamle Drammensvei....................


På eit vis kan ein jo sei at det er lyse utsikter når ein ser ut stoveglaset, men vårfornemmelser gir det ikkje! Det er såvidt råd å åpna terrassedøra på gløtt, men det blir lenge før kaffien kan nytast utandørs. Ikkje rart ein stakkars mann føler seg liten i sin kamp mot naturkreftene. Når ein ser ut kjøkkenvindauga på andre sida av huset, så er det ikkje så mykje trøyst å få der heller. Det einaste måtte vera at naboen ikkje slepp så lettvint unna han heller: Han har to bolighus samt div. små uthus å halda styr på. Eg er glad eg snart skal pakka sandaler og solhatt og dra til varmare land. Men slik det ser ut no så blir det over jonsok før me ser snurten av krokus og påskeliljer her heime!





Sunday, February 08, 2009

Tett inntil dagane........


Dei fleste dagane er kvardagar. Ikkje så spennande akkurat, og nokså like. Handling og middag etter jobb. Middagskvil med avisene, Dagsrevyen med kaffi til, og seinare gjerne ein blanding av PC og TV og kanskje ein telefon. Kapasiteten rekk ofte ikkje lenger.
Men plutseleg kjem det veker som denne, med mange møte med menneske og med skjebner. Opplevelsar i natur og med kultur. Liten jobb-kapasitet kan ha den fordelen at det går an å gå tur i skogen ein vanleg fredag føremiddag når det er godt om plass både på parkeringsplass og i skiløyper. Om noko skal seiast om naturen denne veka, så er han kvit!
Kulturen og kunsten er det ikkje alltid så lett å ta bilde av, men det hender han samlar deler av familien Aasland slik det skjedde i Oslo Rådhus no i veka! Mange myldra rundt og såg på på norsk og tjekkisk kunst, mens kunstnaren sjølv (ei av dei) ser ut til å vera like oppteken av det som ein av dei utanlandske gjestene kalla "the most perfect kind of arts"!


Alle tonane frå Fredagsforums 20-årsjubileum er det heller ikkje godt å ta bilde av, men kaka derimot.... og flittige hender! Eit flott jubileum som varte i minst to dagar og som var prega av så mykje lovsong at dei to "utvandra" pinsevennene me møtte, måtte føla seg rektig heime.

Teaterforestillingen me skulle sjå saman med Torunn og Harald let seg av mange og kompliserte årsaker heller ikkje avbilda. Få ting blei som vertskapet hadde tenkt. Eg vurderte eit innlegg under tittelen Å gjera opp rekneskap utan vert men det blei på alle måtar feil, ettersom vertskapet måtte ta heile rekninga, i alle fall inntil vidare. Så det Knut og Harald studerer her på Grand, er ikkje rekninga, men ei teikning av utvendige trapper til hytta!
Kom ikkje her og sei at livet ikkje kan vera variert om ein har fylt seksti!
Dessutan skuldar eg å gjera merksam på at "Tett inntil dagene" er tittelen på ei bok som absolutt er å anbefala, og som handlar om dagar svært ulike mine. Men dagane tilhøyrer ei mor, så det kan passa å minna om det no nett før morsdagen er omme.

Tuesday, January 27, 2009

Gratulerer med to års dåpsdag for Isak



Tida går jo så fykande fort, og det er ikkje så lenge sidan me fekk den store æra å vera fadder for Isak. Det var ein flott dag for oss som kom, men jammen måtte mange streva for å komma fram i mykje uvær! Onkel Kjetil kom seg berre til sjukehuset mens damene frå Bergen ikkje kom i det heile tatt. I dag er det alt to år sidan, og Isak er blitt stor gut som likte å visa oss kunstene sine då han var på besøk i jula. Gratulerer til både han og dei andre i familien!






Tuesday, January 13, 2009

Drømmeferie og feriedrømmer

Me tok turen frå ein trist og skoddetung søndag ute og til eit fargerikt mylder av sommar- og feriedraumar inne på reiselivsmessa på Lillestrøm. Her gjekk Knut Jørgen Ødegaard omtrent i taket i sin "anskuelsesundervisning" om avstandane i verdensrommet, og om fantastiske turar som skulle gå dit, mens andre ivra for ein dagstur til Trøgstad. Knut heldt seg til den første, mens eg fekk med meg eit foredrag om tur Frå kyst til kyst i Amerika. Så no er eg klar, men det blir vel ikkje i år. Det blir derimot Tyrkia-turen, og kanskje den store Europaturen. I alle fall skal det ikkje stå på fargeglad info. Draumane er dessuten gratis.....Eg brukte 20 kr. på eit gammalt nr. av Vagabond, mens gemalen handla der det var demonstrasjon av ymist. Så no kan du sitja der nedi Bankok og lura, Agnar. Faren din fant noko som var for dei som reiser og fartar mykje, og då passar det jo bra at du fyller år i morgon, og at du ikkje kjem heim før me har fått pakken avgarde.

Det var også stands som anbefalte oss å dra på reise til Israel, men heldigvis har me vore der. Krig var det også den gongen, for tre år sidan. Og no i dag, på tjuandedagen, som restane av jula skal bort, ser eg på glaskunsten i kjøkenglaset. Kjøpt og laga av kristne palestinarar i Betlehem proklamerer dei Peace on Earth. Eg trur det kan få hengja litt til....


Tuesday, December 30, 2008

Takk for besøket!

Julegjestene har reist sin veg, og et vesle raude huset vårt strevar med å finna igjen balansen. Juletreet står i ro og fred og ingen loppar det for blanke kuler. Ingen brukar julekrybba til racerbane for småbilane sine, og det er heller ingen slosskamp om Jesusbarnet. Pianoet kviler seg, og ingen står på krava for å få rydda oppvaskmaskinen. Berre vaskemaskinen går - og går - og går. Me sit her i eit stille hus og er svært takknemlege for det jula gav oss av glede og samver. Mat og gaver, javel, men slett ikkje berre det: Kyrkjebesøk og Mostebesøk og operabesøk (med innlagt stoor gravemaskin), tur til slottet med skumle gardistar. Tur på isen og ein bitteliten skitur, først inne og så i hagen. Inne var det juletregang og traktorkjøring, billedlotto og Uno og Ticket to Ride. Stor tryllekunst-oppvisning! Gråtass og Elias og Byggmester Bob på video for dei små, og Max Manus på kino for dei store. Samt ikkje lite dataopplæring. Så det me ikkje rakk, som f.eks. førstehjelpsopplæring, det får me heller ta ved hjelp av web-camera. Familiebilde blir vanskeligare å få til, men eg stel vilt til så lenge frå eit felles billedarkiv:



















Monday, December 29, 2008

Sunday, November 30, 2008

Velkommen til bords - i advent!



Fredag var det fullt hus og stormande jubel her. "Gutteklubben" Wiggo med fruer hadde juleavslutning, så det blei atten velvaksne personar til bords. Alle hadde med mat til ståande buffet på kjøkkenet, og sjølv om dei er kjende for sin gode appetitt så blei det mykje restar til oss, og til å ta med attende. Grei ordning, og godt var det! Men eg visste at det ville bli temmeleg kaotisk underveis, og eg skulle koka ris på ein ny induksjons-komfyr som eg ikkje hadde heilt kontroll på, så bord-bilder måtte takast før gjestene kom. Og her er dei! Koseleg å få dekka skikkeleg med adventsfargar for ein gongs skuld. Og mykje kom til nytte: Her er løparane som eg kjøpte på Husfliden saman med Anne og Randi fjorten dagar tidlegare, den kvite damaskduken med isbjørnmønster høyrer til arven frå Mælum, mens mor kom med dei hekla serviett-ringane som mange bemerka. Serviset fekk me i forlovelsespresang (!) frå bestemor, og Telesølvet og lysestaken fekk me i bryllupspresangar vestfrå. Englane derimot er berre tre dagar gamle, og dei kom med Aud og Jens frå Luster som var på koseleg overnattingsbesøk tidlegare i veka. Mosto gav oss pengar og me kjøpte stettglas i krystall til Inge sin konfirmasjon. Blomar til begge borda er kjøpte hos dei som denne veka fekk årets service-pris i Asker, nemleg Asker Blomster.
Me har ikkje kvit damaskduk til det store bordet, men pytt, me gjer som me har gjort før: To pene arva overlaken med brodert monogram gjer same nytta. Her får eg også brukt dei nye små krystallfigurane som eg kjøpte i Budapest for ein månad sidan. Krystallvasen er avskjedsgåva som Knut fekk då han slutta på Kvitsund. Tallerkane er arva frå Mælum (eller var det Eie?). Telyshaldarane fekk eg av Randi H. til 50-årsdagen, mens den store vasen eg fekk av Kvitsundgjengen ved same høve, blei fylt med flotte roser som Carl Otto kom med. Stemningen var god og me er takknemlege til alle som kom og gav oss ein god start på adventstida.
Først i dag tende me det første lyset og fekk med oss ei flott familiemesse der det var barnekoret som med sin nyskrivne musikal heldt preika, og dei fekk tydeleg fram kven det var me venta på. GOD ADVENT!




Sunday, November 16, 2008

Ytterpunkt



Livet går sin vei, mykje på det jevne, og det hender eg tenkjer at det ikkje skjer så mykje. Men av og til ser eg yttepunkta som gjer at livet blir spennande og interessant. Frå at eg den eine helga beveger meg på dei store høgdene ved Donau med utsikt over den vakre byen Budapest. Klasssisk konsert og båttur på samme Donau med middag og musikk i nattemørket.
Til at eg neste helg bokstaveleg talt ligg nede i snøføyka for å få litt orden på terassen på hytta.


Den eine kvelden er eg på datakurs og føler me dummare enn på svært lenge, mens eg neste morgon har ansvaret for eit tilsvarande sjølv. Det var i grunnen meir moro, men ein utfordring likevel.
Og i kveld har me testa bursdagspresang frå Per Helge. Prøvd å få liv i Mini-Anne, men eg trur me må ha eit intensiv-kurs i jula.

Elles lurer eg jo på om eg skal blogga noko meir. Syns det er skralt med responsen etterkvart. Men kanskje har vore litt sløv sjølv også.

Sunday, October 26, 2008

Vi lever - bra, til og med!

Det er så lenge sidan sist at eg må få inn eit livsteikn. På mange måtar betyr det berre at det har vore mykje som hendt og gjort livet litt travelt. Men det er også godt! Sender nokre små glimt.
I oppramsingsmodus: To syttiårsdagar, dobbel sekstiårsfeiring, sørlandstur og vestlandstur og Telemarkstur. Forsøk på terassebygging på hytta, litteraturseminar og fotobehandlingskurs. Det siste er eg nettopp begynt på, så me får sjå om det gir resultater.

Men mest har eg vore hekta på å lesa meg opp på litteratur frå Vietnam, Burma, Pakistan og India. Dette blei igjen presentert på ein mangfoldig litteraturkveld på biblioteket. Det var arbeidskrevande, men uhyre givande og interessant! Litt får eg brukt om igjen i menighetssamanheng.
Sist, men ikkje minst har me no i helga hatt besøk av Agnar og David som har sjarmert både besteforeldre og mosto sønder og saman. Ved Tveter gård måtte far og son halda seg unna alle dei flotte hestane. På sjukeheimen gjorde han eit dykk ned i planter med vatn og steinar og fekk farfar til å råkjøra han med rullator i korridorane. Han likte seg godt på Lille Tøyen, og mosto syns det var stas å få besøk.