Tuesday, August 19, 2008
I potetåkeren på Skaugum
Monday, August 11, 2008
"Porgy and Bess" og brødrene Aasland
Harald fyller 70, og bursdagspresangen denne gongen var billettar til premieren på "Porgy and Bess" på Operaen, samt lunsj (eller var det middag?) på Operaen, saman med alle brødrene og svigerinnene. Og sjelden har har vel ei gåve falle så i smak både hos den som fekk og dei som gav!
Forestillingen og musikk-opplevelsen var berre fantastisk. Heldigvis er dei fleste kritikarar enige med oss i dagens aviser.
Men bestemmelsen om å reisa kollektivt skulle visa seg å føra mange og lange komplikasjoner med seg. Godt me hadde hatt eit solid måltid tidleg på dag, for det skulle bli lenge før me kom oss heim til reker og loff og kaffe og kaker. Men moro var det lell!
Sunday, August 03, 2008
Ferien er over.........
Og enno har eg ikkje nevnt god mat og godt lesestoff, varme bad i sjø og vatn, samt tre strålande barnebarn!
Count your blessings, seier eg no berre!
Sunday, June 08, 2008
Bursdagsfeiring i juni
Bløtkake blei det ikkje saman med Leif Gustav og Anne Lise på piknik ved sjøen i går heller, men kyllingsalat, hermetiske kirsebær med vaniljesaus og wienerbrød til kaffien. Ideelt i 30 graders varme. Fullt så bra var det ikkje i dag. Då bles det så enormt at etter ein time måtte me heim og varma oss.
I dag ville me helst vore i Stavanger og feirt Per Helge med kanotur og grill, men me forstår at den saken tar familien Urstad seg av, og så får me misunna dei av eit godt hjarte. På same måten som me misunner familien Haaland som fekk vera med å kjøra inn den nye grillen til Kariann då ho feira sin dag sist søndag.
Akk ja, slik går det når me buset oss så usentralt (!), men snart er det ferie, og då dukkar me kanskje opp både her og der.
Saturday, May 17, 2008
Hurra for 17.mai!
Sunday, May 04, 2008
"Vi over 60"
Inne og ute var det godt å vera. Me fekk til og med med oss ein tur på hytta på Skaret. Vassa i snø med bacalao som heldt på å havna i snøfonna. Om kvelden fekk me diskutert nokre av livets store spørsmål - og mange små! Dersom det har komme nye synspunkt til så er det berre å melda frå så skal det bli notert som eigne punkt på livs- og pensjonists-meistringslista. Me er vel litt betre rusta no eller kva? Heimearbeidet må me gjera kvar for oss.
Sunday, April 27, 2008
April-smil i hovudstaden
I dag har vi også hatt ein tur i byen og sett på dei som smilte, og dersom eg skulle vore representert med eit smil her og no, så skulle det vore oppe på Operataket. Veret var grått og surt, men oppe på taket krydde det av folk. Det er storslagent turterreng og utsikt for dei som vil prøva seg! Inne i inngangshallen var det også fullt av folk som gledde seg over flott og fargerik song av barnekor, samt dans frå alle verdens hjørner. Trur det hadde noko med Mangfoldsåret å gjera. Me såg både bømlingar og Askerfolk, men ingen me kjende godt nok til å smila til dei. Me henta åtte operabilletter til Porgy and Bess som me skal sjå i august. Fire brødre Aasland (den eine fyller 70) med fruer. Til saman har me vore gifte i meir enn hundre år! Me gler oss til august!
Sunday, April 06, 2008
David 1 år i dag!
Tuesday, March 25, 2008
Sunday, February 24, 2008
"Den evige stad"
høge, men visstnok er det like stor del som er nedanfor bakken.
Wednesday, February 20, 2008
Roma kaller!
Friday, February 15, 2008
David var her!
Sunday, January 20, 2008
Lovsong og ymist anna i Asker siste veka!
I alle fall den delen som var på vår alder, og som kunne kunne sine lovsongar, og som mimra med slikt volum og slik rytme at ein kunne lura på om det fans "skap-pinsevenner" i forsamlingen. Eller kanskje berre fordums indremisjonsfolk. For det skal seiast i at i denne menigheten har eg ikkje sett ei einaste Sangboken etter at vi kom hit. Her er det Salmeboken som gjeld, supplert med Salmer 97 og kanskje ein liten dose Treklang. Samt eigne tekstar og melodiar. Men på lovsangskveldane lurer bedehussangane seg fram, og "alle" kan dei! Og lovsongsgeneralen Petter styrer det heile med stødig, eller kanskje heller viftande og inspirerande dirigenthender. Trening har han bl.a.skaAslaug derimot brukar hendene sine til andre ting. Ho tryllar fram dei lekraste rettar når me møtest til bibelgruppe hos henne, slik me gjorde sist tirsdag. Då blir det for bibelselskap å rekna. I tillegg til nydelege rundstykker blei det denne gongen florlette krumkaker med moltekrem.
Torsdagen var det møte i diakoniutvalget på Askertun. Her var det Martha som styrte med sikker hånd. Sjokoladekaker kom ho også med. Me har det ikkje vondt! Og dersom de ser ut som om ho les annan manns brev, så er det nok takkebrev frå folk som har fått blomar.
Til sist, ei lita helsing til Erling som fylte 80 denne veka, men som framleis har ein kollosal kapasitet til å stå på for menigheten. No søndag var han ikkje på plass i klokkarstolen i kyrkja, for då feira han med slekt og venner på hotell. Vel overstått til deg!
Sunday, January 06, 2008
Samtalar i eit nytt år
Monday, December 24, 2007
God jul/Merry Christmas
Og fortsatt er det dei heimelaga presangane som slår best an. Far og onkel Hans sit fordjupa i kvart sitt slektshefte som eg såvidt rakk å få ferdig. Knut snakkar med sønene sine på telefonen./ Homemade presents are the most popular ones. I jusr finished two different "family books" and my afather and uncle seem to be very interested while Knut is speaking to his sons on the phone.
Sunday, November 18, 2007
Er november trist og grå?
Men på andre sida av hytta kan ein tydeleg sjå at vinteren nærmar seg. Me klypte krydderurtene og la dei inn på stovebordet til frysetørking. Men det var kanskje ikkje særleg proft? Me rakk også med eit nødskrik å få tøme sisterna. Vatnet var frose om morgonen 10.nov, men tinte såpass at me fekk det ut. Godt å tenkja på at me ikkje har innlagt vatn som kan frysa om vinteren, eller straum som kostar anten me brukar han eller ikkje!Er det surt ute i november, så kan ein finne varme og trivsel inne. Me fekk besøk av ein heil liten koloni med slekt frå Vestlandet, og då gjekk det med ein del kaffe og kaker. I tillegg såg me musikalen An-Magritt på Det norske teateret, og ein spesiell viltmiddag på Cholate(?) der sjokolade var med i alle rettane. Bl.a. var det ruccola-salat med raspa sjokolade til forrett!

Friday, October 19, 2007
Ferie med badesko og solhatt
Ja, så er han over då, den store familieturen som vi har gleda oss til og planlagt i over eit år. Det var godt å leva eit liv i shorts og t-skjorte i to veker, og ha alle sine rundt seg i ei av dei. Me koste oss verre, og til tross for diverse dramatikk er vi no alle vel heime og i ferd med å gyva laus på hausten sine utfordringar som kan vera ulike i Førde, Stavanger, Mandal og Asker. Godt å ha felles opplevelsar å sjå attende på!
Alle mann på restaurant
Sunday, September 23, 2007
Skal gamalt venskap kverva bort og ikkje setja far?
Monday, September 10, 2007
Rikdom!
Randi H. og Ellen har seg til og med ein liten tur uti det kalde vatnet.
Så var det å leggja i veg gjennom lyngen med lange kjolar og anorakkar og joggesko og tomme vatnkanner. Litt fantasi måtte ein ha for å forstå at me var på veg til festmiddag på Morgedal hotell. Men hit kom me, og blei møtt av fleire lystige damer frå nærmiljøet. Eit flott bord i Kongesalen og nydeleg middag! Festen blei avslutta på hytta inne i skogen. Her var det talar og gåveoverrekking samt kaffe og kaker. Stemningen var god, men plutseleg var det fleire som hugsa at dei skulle møta til kyrkjekorøving tidleg søndag morgon. Og borte i natta var dei, men ikonet mitt fekk dei ikkje sjå!
Takka eg forresten for gåvene? Flotte naturbilde frå Bømlo, spesiallaga og rosemåla hyttebok, opplevelsesgåvekort og praktverket "Vann av klippen" med bibelillustrasjonar som Terje Grøstad har arbeidd på i åtte år! Dessutan pengar, så i dag har eg vore rundt og sett etter hytteservice. Eg visste ikkje at eg ynskte meg noko av dette, men eg blei veldig glad. Akkurat slik skal det vera med gåver! Eg visste ikkje heilt at det var eit slikt selskap eg ynskte meg heller, men så kom de og gjorde det heile så flott. Håper me møtest om ti år, og gjerne før, f.eks. neste helg , for mange sin del.



