Tuesday, March 25, 2008

Påskefjell



Kva skal vi vel med Rauland og Silkedalen heretter? No er forholda lagt flott til rette i Vrådalfjella. Brei og fin bilveg like til høgfjellet og så rundløype og løype opp til Hægefjell. Utruleg flott usikt, og foreløbig lite trafikk både på vegen og i løypene. Men enormt med hytter!



Sunday, February 24, 2008

"Den evige stad"

Kanskje er det slik vi hugsar det best: Bjørgulf framfor ein meir eller mindre andektiv forsamling. Her deler han med oss litt av sin store kunnskap før vi går inn i Vatikanmuseet. Innsida der, og dei ca 15 kyrkjene me besøkte fekk me ikkje teke gode bilete av, men prospektkorta er fine!

Innimellom slaga måtte me ha mat. Her tar kelnaren bilete av oss før han serverer oss det han kalla spesialretten for Roma. Restauranten var fin, og kanskje er det det han gjerne vil ha fram, ettersom så mykje av interiøret kom med. Eg trur eg har fått nok av Roma spesial som var ein utruleg mektig spagettirett.


På Forum Romanum venta det oss ein overraskelse: Midt på plassen kom Thor Arne med ein del av familien som han hadde med på tur. Rart å møta gamle kjende på slike trakter, men kanskje var han av dei mest sannsynlege på ein slik stad!

Petersplassen og Peterskyrkja var ein stor opplevelse. Ein kjenner seg liten i slike omgivelsar! Alt var stort, og folkemenda vart stor etterkvart som dagen skrei fram, men heldigvis var me tidleg ute. Me tok undergrunnsbanen til og frå, og der var det berre å stua inn folk til ein mest ikkje fekk pusta.

Så mykje handling blei det no ikkje, men loppemarkedet var ein opplevelse, og Knut handla med seg både det eine og det andre. Her får han kjøpt seg nye pensko.

Me høyrde til dei priviligerte som budde i øverste (6.) etaste på hotellet, og her hadde me eigen takterrasse. Siste dagen blei det endeleg så varmt at me kunne eta ute utan å kle på oss alt me hadde. Her kunne me sjå store deler av byen. Og gangavstand til mykje. Berre ein liten park skilde oss frå Colosseum.
Utruleg at det her vart halde kampar med døden til fylgje for den eine eller andre i fire hundre år. Amfiveggene er
høge, men visstnok er det like stor del som er nedanfor bakken.
Og enno er det mykje, mykje me såg og opplevde. Ikkje minst var det fint å oppleva så mykje med 25 andre som me stort sett kjende alle saman. Lysta til å lesa den eldste verdshistorien og kyrkjehistorien aukar etter slike turar.

Wednesday, February 20, 2008

Roma kaller!

Alt vel her i den evige stad. I dag har vi vore ein flott dagstur til Assisi. Ein kjempefin by der det heile er bygd opp rundt Frans av Assisi. Fantastisk utsikt over dalern, og med mykje flott kunst. Eg kan ikkje faa sendt bilder no, men byen er eit besòk verdt. Roma er jo ogsaa heilt utruleg. Colosseum i gaar gjorde stort inntrykk. Peterskyrkja , Capitol og eit utruleg kaldt solskin. Meir seinare

Friday, February 15, 2008

David var her!


David besøkte oss i fleire dagar saman med foreldra sine sist helg. Han var godt fornøgd med seg sjølv og alt han kunne, og det var farmor og farfar også.

Sunday, January 20, 2008

Lovsong og ymist anna i Asker siste veka!

Lovsongskvelden på Askertun sist søndagskveld fekk det til å svinga i Asker-menigheten. I alle fall den delen som var på vår alder, og som kunne kunne sine lovsongar, og som mimra med slikt volum og slik rytme at ein kunne lura på om det fans "skap-pinsevenner" i forsamlingen. Eller kanskje berre fordums indremisjonsfolk. For det skal seiast i at i denne menigheten har eg ikkje sett ei einaste Sangboken etter at vi kom hit. Her er det Salmeboken som gjeld, supplert med Salmer 97 og kanskje ein liten dose Treklang. Samt eigne tekstar og melodiar. Men på lovsangskveldane lurer bedehussangane seg fram, og "alle" kan dei! Og lovsongsgeneralen Petter styrer det heile med stødig, eller kanskje heller viftande og inspirerande dirigenthender. Trening har han bl.a.skaffa seg i Norsk Pediatrisk Kammerkor(!) på Rikshospitalet.

Aslaug derimot brukar hendene sine til andre ting. Ho tryllar fram dei lekraste rettar når me møtest til bibelgruppe hos henne, slik me gjorde sist tirsdag. Då blir det for bibelselskap å rekna. I tillegg til nydelege rundstykker blei det denne gongen florlette krumkaker med moltekrem.

Torsdagen var det møte i diakoniutvalget på Askertun. Her var det Martha som styrte med sikker hånd. Sjokoladekaker kom ho også med. Me har det ikkje vondt! Og dersom de ser ut som om ho les annan manns brev, så er det nok takkebrev frå folk som har fått blomar.



Til sist, ei lita helsing til Erling som fylte 80 denne veka, men som framleis har ein kollosal kapasitet til å stå på for menigheten. No søndag var han ikkje på plass i klokkarstolen i kyrkja, for då feira han med slekt og venner på hotell. Vel overstått til deg!

Sunday, January 06, 2008

Samtalar i eit nytt år

Kva er vi så opptekne av i eit nytt år? Kva snakkar vi med folk om? Jo, det er så mangt dersom denne første januarhelga er representativ. Sju damer møttest i ein 59-årsdag laurdagskvelden, og drøsen gjekk livleg om----skulepolitikken i Norge kontra Finland og Frankrike. Er det sikkert at fagleg kunnskap er betre enn trivsel og sjølvtillit? Står verkeleg katten under 10-tallet i gnav? Og veit de at dette spelet kan kjøpast på Oslo Bymuseum? Er eit bilde i eit word-dokument slutta å vera bilde og har gått over til å bli ein del f.eks. av eit brev? Er dei som jobbar i det private næringsliv alltid betre og meir effektive enn dei som jobbar i det offentlege? Kan vi gjera noko for klimaet? Eller er klimakvoter berre ein ekstra skatt som går rett inn i statskassa? Korleis skal det gå med kommuneøkonomien i Vanylven? Har vi glede av å kunna teksten til Jeg snører min sekk? og kor lenge kan eigentleg konjakk (f.eks. til goro) halda seg utan å bli dårleg? Kva gjer vi dersom vi veit meir om Hamsuns liv enn om vårt eige? Skriv vi dagbok, lager oversiktsplanskar eller skriv blogg? To av damene fortalde om julepresangane dei hadde bevilga til seg sjølv: Eit elektronisk piano (det nest beste) og eit speilreflekskamera (det beste?) Deretter gjekk, tradisjonen tru, kollektkorga rundt. Kanskje vi kan få ein kommentar om kor mykje som kom inn og kva pengane skal gå til?

Monday, December 24, 2007

God jul/Merry Christmas

For første gong på ca. 57 år er eg yngstemann på julafta. Me feira vestlandsjul med pøsregn utanfor, men med pinnekjøt og moltekrem inne. Far og onkel Hans feira med oss./For the first time in ca. 57 years I was the youngest one on a Christmas Eve. Knut and I celebrated with my father (92) and his brother Hans (89). Rain was pouring down while we had our traditional Christmas dinner.


Og fortsatt er det dei heimelaga presangane som slår best an. Far og onkel Hans sit fordjupa i kvart sitt slektshefte som eg såvidt rakk å få ferdig. Knut snakkar med sønene sine på telefonen./ Homemade presents are the most popular ones. I jusr finished two different "family books" and my afather and uncle seem to be very interested while Knut is speaking to his sons on the phone.

Og eg blei veldig begeistra for "billedboka" som Per Helge og Elisabeth hadde fått laga frå ferien vår på Kypros. Den som ser godt etter vil sjå at eg har nytt smykke på meg, heilt likt ørepynten eg fekk på Kypros. Kjempebra! / I was very satisfied with the book of pictures from our holiday to Cypros. And with the new nacklace (?) like the earrings I got to my birthday.

Sunday, November 18, 2007

Er november trist og grå?

Vi har høyrt at november skal ein berre komma seg igjennom; trist og grått og vått og sølete. Slik er det slett ikkje. Sjå berre på morgonsola over Skorve tidleg 11.november! Men på andre sida av hytta kan ein tydeleg sjå at vinteren nærmar seg. Me klypte krydderurtene og la dei inn på stovebordet til frysetørking. Men det var kanskje ikkje særleg proft? Me rakk også med eit nødskrik å få tøme sisterna. Vatnet var frose om morgonen 10.nov, men tinte såpass at me fekk det ut. Godt å tenkja på at me ikkje har innlagt vatn som kan frysa om vinteren, eller straum som kostar anten me brukar han eller ikkje!



Er det surt ute i november, så kan ein finne varme og trivsel inne. Me fekk besøk av ein heil liten koloni med slekt frå Vestlandet, og då gjekk det med ein del kaffe og kaker. I tillegg såg me musikalen An-Magritt på Det norske teateret, og ein spesiell viltmiddag på Cholate(?) der sjokolade var med i alle rettane. Bl.a. var det ruccola-salat med raspa sjokolade til forrett!








Og kven seier at kjøpesenter må vera så triste?Her feirer Randi og eg Anne sin bursdag med kaffe og napoleonskaker ein månad for tidleg, og det på Sandvika storsenter som no er blitt Skandinavias største. Det måtte gjerast når dei likevel var undervegs til retreat på Lovisenberg. Me kjøpte presang til deg også, Ellen, men den ligg fint innpakka hos Anne til så lenge.
I dag derimot er det ein frykteleg grå og mørsk novembersøndag, men Knut har likevel tenkt seg opp til Blindern på Astrofestilvalen der han håper å møta Buzz Aldrin, som i si tid var på månen og tok bilde av Armstrong. Elevar kal han ha med, og dei stjerner får dei nok sjå, inne eller ute!
God november!

Friday, October 19, 2007

Ferie med badesko og solhatt



Ja, så er han over då, den store familieturen som vi har gleda oss til og planlagt i over eit år. Det var godt å leva eit liv i shorts og t-skjorte i to veker, og ha alle sine rundt seg i ei av dei. Me koste oss verre, og til tross for diverse dramatikk er vi no alle vel heime og i ferd med å gyva laus på hausten sine utfordringar som kan vera ulike i Førde, Stavanger, Mandal og Asker. Godt å ha felles opplevelsar å sjå attende på!

Marte var nok den som kosa seg mest i vatnet, samt under og oppi den vesle båten


Alle mann på restaurant

Både den eldste og den yngste ser ut til å lika seg.Førde-folka som ikkje er heilt sikker på korleis sola ser, dei må smørja seg litt ekstra godt!
Inge og Per Helge i fritt svev
Elisabeth i stor fart ute i bølgene



Sunday, September 23, 2007

Skal gamalt venskap kverva bort og ikkje setja far?


Skal gamalt venskap kverva bort
Og ikkje setja far
Skal gamalt venskap kverva bort
Og det som ein gong var
(ved H. Kiran)

Monday, September 10, 2007

Rikdom!

Har nett bak meg ei helg som får meg til å kjenna meg rik- rik på tyttebær, naturopplevelsar, vennskap og fellesskap! Åtte damer på hyttetur til Åsgrend henta inn adskillige liter tyttebær på laurdag føremiddag i eit strålande ver.


Randi H. og Ellen har seg til og med ein liten tur uti det kalde vatnet.

Så var det å leggja i veg gjennom lyngen med lange kjolar og anorakkar og joggesko og tomme vatnkanner. Litt fantasi måtte ein ha for å forstå at me var på veg til festmiddag på Morgedal hotell. Men hit kom me, og blei møtt av fleire lystige damer frå nærmiljøet. Eit flott bord i Kongesalen og nydeleg middag! Festen blei avslutta på hytta inne i skogen. Her var det talar og gåveoverrekking samt kaffe og kaker. Stemningen var god, men plutseleg var det fleire som hugsa at dei skulle møta til kyrkjekorøving tidleg søndag morgon. Og borte i natta var dei, men ikonet mitt fekk dei ikkje sjå!





Takka eg forresten for gåvene? Flotte naturbilde frå Bømlo, spesiallaga og rosemåla hyttebok, opplevelsesgåvekort og praktverket "Vann av klippen" med bibelillustrasjonar som Terje Grøstad har arbeidd på i åtte år! Dessutan pengar, så i dag har eg vore rundt og sett etter hytteservice. Eg visste ikkje at eg ynskte meg noko av dette, men eg blei veldig glad. Akkurat slik skal det vera med gåver! Eg visste ikkje heilt at det var eit slikt selskap eg ynskte meg heller, men så kom de og gjorde det heile så flott. Håper me møtest om ti år, og gjerne før, f.eks. neste helg , for mange sin del.
















Tuesday, August 28, 2007

Oselands


I fleire dagar har vi feira brødrene Aasland som har vist fram sine eigne og sine forfedres kunstverk, åndsverk og livsverk. Først ute var Nils som var ein av hovudutstillarane i den nye skulpturparken på Bærums Verk. Utstillingen blei opna med stor fest på torsdag kveld.

Saman med Marianne og Ane fekk me bli med på opning og mottakelse (?) heime på godset til Carl Otto Cappelen som eig anlegga på Bærums Verk. Sjølv fortalde Nils historien om sine "resirkulerte" Big Buttons. Etter eit langt liv på t-banestasjonen på Stovner, har dei no fått nytt liv på Bærums Verk.



To dagar seinare var det Aasland jr. (Tord) som fekk æra av å ynskja nær på hundre menneske velkomne til tuns på Åsland.Her fortalde Tord om slekt og gard og historie, og så blei det vist fram ting som Nils Malar(bror av Knut sin oldefar) hadde laga og det blei sunge salmer som han hadde laga.
Seinare gjekk turen til menighetshuset i Bamble der det var halde fleire kulturhistoriske foredrag, bl.a. av brødrene Harald, Nils og Knut.
Dagen blei avslutta med ein flott konsert i kyrkja. Her song Anne Gravir Klykken, mens Sigvald Tveit spela, m.a. fleire av Nils "Malar" Aasland sine songar. Og alle var samde om at det hadde vore ein gild dag!

Neste dag var det tid for 30-årsfotograferinga: På denne kjelken har dei fire brødrene blitt fotografert kvart 30.år, og alltid har Nils gummistøvlar på, og ei brødslive i handa. Forrige gong var i Guro sin barnedåp i Vinje.



Og når det no var så godt mannskap, så bar det til skogs for å hogga, kvista og slepa til gards eit tre som kan bli erstatta den flaggstanga som vinden tok ei veke før den store festen. No er det von om at ein slepp å flagga på "byvis" neste gong det blir fest i tunet!

Monday, August 13, 2007

Kveldsstemning i Åsgrend og i Asker

Me har prøvd vårt nye kamera:


Monday, August 06, 2007

I Edens hage og i andre hagar





Sommaren er i store trekk over, og badetøyet blir lagt ubrukt tilbake i skapet. Eller kanskje ikkje. Var me kanskje ikkje i sjøen og bada med Tove og Arne den første dagen me var tilbake i Asker? Og åt (litt!) på eksklusive Hvalstrand Bad uterestaurant. Ikkje at det var opphaldsver heile dagen, men...Det var det heller ikkje då me var på uterestaurant på brygga i Kviteseid. Stas for det. Ein av dei to dagane det ikkje regna var me på Flor og Fjære. Ei eksotisk palmeøy i Ryfylke. Ein fantastisk opplevelse som me dytta på Per Helge og Elisabeth som bursdagspresangar, slik at me også kunne få vera med. Trur dei hadde det bra, dei også.


Mange dagar var det regn på hytta. Men her var det godt selskap. Ser ikkje Isak glad ut, kanskje?



Ein av dagane tok me ein utflukt til bibelcampen på Kvitsund. Her blei det bibeltime på farfar, og barnemøte med perler(!) på farmor og Marte. Imponerande å halda konsentrasjonen til 50-60 ungar mellom tre og sju. Og deretter bistå med perling for alle. Marte var nok av dei minste, men me fekk pressa oss til eit lite hjørne. Og jammen blei det armbånd. Kor har det blitt av det, trur du, Marte? Etter strabasane gjekk me på felles lunsj i matsalen. Flott med så mange barnefamiliar som koste seg i regnveret. Marte koste seg også i Lindheim-hagen med Solveig og Sigrid. Og me koste oss me henne og Isak. Så då eg hadde jobba ei veke så drog me rett opp for å sjå korleis dei hadde fått det i "ny-huset".

Knut likte seg godt på "arbeids-ferie", mens eg slappa meir av.


For dei som syns det har blitt mange bilde, så er no fotoapparatet kaputt, så me nok skaffa oss eit nytt dersom ikkje bloggen heretter berre skal innehalda gamle bilde.