Sunday, April 22, 2007
Saturday, April 07, 2007
Velkommen til verda!


Tuesday, March 20, 2007
"Let my people go"
Dette er under avslutningsaklamasjonen, etter at alle hebrearane har komme seg velberga gjennom det Røde hav, mens egyptarane ligg begravd i bølgene rett bak!
PS. Forestillingen fekk ein seksar i Aftenposten Aften i dag, onsdag, og blir omtalt som Miraklet i St. Olavs gate!
Wednesday, February 28, 2007
Offentleg gåvebord
Monday, February 26, 2007
Velkommen til Aasbu!
Monday, February 19, 2007
Forskjell på folk!
.jpg)
.jpg)
Tuesday, January 30, 2007
Sorg og glede

Før me hadde fått pakka opp festtøyet frå barnedåpen i Førde kom meldinga om at onkel Bigg sine dagar var til ende. 88 gode år fekk han, men så var det plutseleg slutt. Eit ublidt møte med ein bil som kom imot på glatta sende han på sjukehuset, og så, etter to dagar, ville ikkje hjarta hans meir. Me er glad for alle smil og alle kaffekoppar me fekk dela.

Samtidig får me feira nye generasjonar. På søndag blei Isak døypt i Førde kyrkje, og familie og venner hadde gjort tapre forsøk på å ta seg fram med private og offentlege kommunikasjoner.
Det kan forteljast mange historiar om dette. Kanskje Per Helge har noko om det på sin blogg. I ein periode mens han venta på flyet var flyplassane stengt både på Sola, Flesland, Vernes og Gardemoen, så det tok si tid å komma sine vegar. Andre kom fram, men havna rett på sjukehus! Likevel blei det tilslutt fest og glede. Det var dåpsgudsteneste med ni barn som blei døpt og som opplot sine røster, også Isak(sjå biletet!) som var sist i rekka.
Me fekk vera med både som besteforeldre og fadrar. Me koste oss bååde med Isak og Marte som taklar sin rolle som storesyster rektig bra.Mandags morgon pakka me dåpskjole og vogge inn i Subaru'en og kjørte over Filefjell, klar til å ta imot eit nytt barnebarn lenger sør i landet.
Det er ikkje dumt å vera reisande i besteforeldreri! Stas å få stilla tre generasjonar Aasland opp på rekke.
Friday, January 12, 2007
Agnes og Agnar - samt andre bursdagar
Det er fleire me har feira og gratulert på forhånd dei siste vekene. Det har ikkje akkurat vore landliggje på oss sjølv om jula var over. Førstemann som feira stort var Oddbjørn i Oppdal.
Me var av dei heldige som saman med mykje familie og venner fekk vera med på stor fest på misjonsssenteret på Oppdal. På bildet kan de sjå barnebarnet Silje plassera krona på heidersgjesten. Me er stolte og glade over å kjenna deg, Oddbjørn, og etter å ha høyrt alle dei flotte og personlege og morsomme talane, skjønar me at du har vore og er til glede for svært mange. Ikkje minst for dine eigne som me hadde gleda av å treffa også dagen etter. Det er koseleg med dei gamle Kvitsundvennene som me levde så nær i ei spesiell tid.Turen opp og ned for oss gjekk med tog, og spesiell turen oppover var fantastisk med sol over kvite fjell og vidder. Ei glede etter all den grøne vinteren. Kvitt var det også på Haukeli då me kjørte der til neste 60-årsdag helga etter.

Randi er den første av fem barndoms(ungdoms)veninner som i år skal fylle 60. Tilsaman har vi fem fjorten søner og ingen døtre, og Randi sine tre bidrog sterkt til ein kjempefest på bedehuset (grendehuset?) på Innvær. Det var fint dekka til rundt tredve gjester og alt gjekk lenge etter planen. Men på eit punkt kom ting litt ut av (Randi sin) kontroll. Minstemann Per tala til mor si og fortalde kor glad han var i henne, men minst like mykje i ei anna. Deretter gjekk han ned på kne og fridde til jenta han hadde med seg!! Sjelden har vel eit frieri hatt stort publikum. Men ho sa Ja! Takk for fin dag, Randi, sjølv om du kom litt i skuggen i ein periode av selskapet!
Monday, January 01, 2007
Sunday, December 31, 2006
O jul med din glede
Dette blir jula i bilder hos familien Aasland med stort og smått. Åtte vaksne og to små. Det var naturleg nok dei små som blei hovedpersonane. 

Det blei pakkar og juletregang,mat og familiebesøk, pianospel og brettspel, sjukeheimsbesøk, og passe dosar matlaging, oppvask og støvsuging.


Men kva gjer vel det når ein har så gode assistentar!
Opptil fleire av familien fann vegen til kyrkja både julafta og første juledag. Mellom dei var Marte. 1.juledag fekk ho gå med farfar opp til altaret for å ofra i kollekten. Den vesle dama i rosa duffel og farfar så stolt som ein hane fekk mange blikk, og etterpå kom kommentarane til farfaren frå fleire andre kyrkjegjengarar: "Du var så pen i dag! Stoltheten og kjærleiken til barnebarnet gav deg så flott glød i ansiktet!"
Slik er det med kjærleik, og slik er det med barnebarn. Slik var det med den jula som gjorde oss gladare inni og kanskje til og med litt vakrare utanpå.


Tuesday, December 05, 2006
Adventsstaken - og sirupsspekulasier(?)
Her er adventsstaken som absolutt ikkje ville la seg kopiera inn i forrige innlegg.Sidan sist har broren min vore her og kalla sirupssnippane for spekulasier, og då blir det alltid eit lite glimt av gamle tider og barndommen då ingen hos oss hadde høyrt noko anna namn på desse julekakene.
I dag er det vørterbrøda som luktar godt frå kjøkkenet. Laga mor det, skal tru?
Friday, December 01, 2006
ADVENT - Same procedure ........

Det er så lett å tenkja at me ikkje har så mange tradisjonar me som flyttar omkring og ikkje har slekta her til å halda oss i øyrene. Men no som jula nærmar seg ser eg at det er jo eit og anna likevel. Først måtte eg henta fram adventsstaken som eg no har tent ljos i for omtrent førtiande gong. Den kjøpte eg for "eigne" pengar den første hausten eg var i arbeid i Tysvær. Lysmansjettane er frå ei julemesse på Kvitsund cirka 20 år seinare, og dei hanglar litt no.
Adventsstjerna er frå Panduroperioden omtrent på samme tida. Den er av tynt tremateriale, og eg har bekymra meg for brannfaren i alle desse åra, men eg vil nødig slå av lyset om natta. (Knut trøystar med at det er berre 15 watt, og det er visst for lite til å ta fyr!) Den sjuarma lysestaken i kjøkenglaset har me berre hatt i ti år. Før den var det onkel David sin, og me set set ekstra pris på å ha hans helsing som følgjer med i øskja. Så den staken må me ha fram!
I snart tjue år har eg baka sirupssnippar etter samme oppskrift; nemleg frå kokeboka som eg fekk av Suvatne til 40-årsdagen. I like mange år har eg gløymt at oppskrifta er altfor stor. Trur det blei elleve eller tolv brett! Men eg syns i alle fall at dei er gode, og så mykje fleire småkaker blir det vel ikkje.
Ein av dei nyaste tradisjonane er besøket i "Sareptas krukke" den første helga i advent. Eit av uthusa til Asker prestegård er gjort om til salgsbod for Sidsel som lagar
særeigne keramikkenglar og mykje anna av beste klasse. Sarepas krukke er vel verdt eit besøk, ikkje minst når me veit at presten og hans kjøkkenskrivarar serverer kaffe og kringle inne i dei trivelege stovene. Kanskje hovedgrunnen til at Knut blir med på keramikk-kjøp.
Litt nytt for året bør det også vera. Turen til Israel i haust er ein av grunnane til at me i kveld såg den nye filmen Veien til Betlehem. Den var kjempefin. Boka Barnet og byen; en bok om Betlehem(av biskop Kvarme) er tenkt som adventslektyre. Og heilt ny julepynt innkjøpt i Betlehem, ligg i kartongane sine og ventar på å bli teken i bruk. Så jo, det er godt med tradisjonar, både dei gamle og dei heilt nye!
Nemnde eg forresten juleposten? Striemappa heng på plass på kjøkkenet og ventar på å få helsingar frå gamle og nye venner. Så kva ventar de på, folkens?
Thursday, November 23, 2006
Hurra for Marte 2 år!

Hei Marte! Gratulerer med dagen. No har eg nettopp sett bilde av deg og Isak i avisa. Det var mange som hadde bursdag i dag. Har du hugsa dei hemmelege pakkane som eg og du gøymde i skapet nede i kjellaren sist farmor var på besøk? To av dei kunne du ta opp i dag, mens den største må venta til jul. Kanskje du har gjester og gode kaker også? Farmor ville gjerne komme og smakt, så slapp ho å sitja her heime og eta fiskesuppe heilt åleine fordi farfar er ute og leikar med gutevennene sine. Ha ein fin dag!

Forresten stod det bilde av ein heilt ny tremenning i Veslebladet(VTB) i dag. Det var vesle Eirik som hadde komme til Synne og Odd på Møsstrond. Vi gratulerer dei også!
Tuesday, November 14, 2006
Nytt novemberbarn!
Wednesday, November 08, 2006
Dette er Isak og Marte!

Slik såg han ut første gongen me såg han på sykehuset i Førde. Me sette oss på eit Widerøe-fly rett vest i tåkehavet og landa der etter tredje (og siste?) forsøk søndag ettermiddag. Marte og Inge venta oss ved sjukehuset og tok oss rett opp for å sjå "broren" eller Isak som Marte alt har lært seg å sei. Ho var ei omsorgsfull og kjærleg, men også litt tapper storesøster.
Mor og baby var i forbausande god form, så måndag kveld kom dei heim til Rennekleiva, og alt tysdag føremiddag var vi alle ute på tur med ny tvillingvognMarte var tillitsfull med ein gong og let farmor både stella og leggja seg, berre ho hadde "bille på sig!" Det var fint å treffa dei alle, og no gler oss berre til både dei og dei andre kjem til jul.
Thursday, November 02, 2006
Sonesonen kom i dag!
Sunday, October 15, 2006
Israelsbilder
2. Genesaretsjøen omtrent på staden for Peters fiskefangst
3. Den andre sida av Genesaretsjøen der vi bada og budde på Ramot kibbutz
4. St. Peters fisk
5. Vi "ligg" til bords i ein beduinleir
6. Frå Holocaustmuseet. Denne vesle guten blei drept i Auschwitz mens foreldre overlevde, og då dei etter krigen tente mange pengar bygde dei dette museet til minne om sonen og dei 6 mill. andre jødane som miste livet. Navn på alle dei jødiske barna blir lest opp kontinuerleg, og det vil ta ca 3,5 år før ein har komme gjennom lista ein gong.
7. Vi kom den veka heile Israel var pynta til Løvhyttefest. På vårt hotell var det lagt palmetak på heile terassen som for anledningen var gjort om til spisesal.
8. Dei første nettene budde vi på det store hotellet vi har bak oss til høgre. Det var her vi hadde "løvhytteterasse".
9. Klagemuren sin mannsavdeling
Ta ein tur til Israel, folkens! Det var ein enormt stor opplevelse som ikkje lar seg gjenskapa på bilder. Det er bibelkunnskap, natur, kultur, politikk, badeferie, handleturar og fellesskap. Mellom anna.
Friday, October 06, 2006
Jerusalem kaller!
Forresten fekk me oppleva Jerusalem i soloppgang den morgonen me kom hit i sekstida! Ikkje stort sovn, men me held koken.
Tuesday, September 26, 2006
Damer på by'n
Det er ikkje så ofte eg er med på å feira 91-årsdag, men no i helga kom Magnhild og Bjørg Eli ifrå Bergen for å feira mosto. Så her er me altså på Bølgen & Moi på Høvikodden. Legg merke til dei flotte porsjonane våre, mens mosto nøyer seg med kjøttboller i pasta. Men gravlaks til forrett og sjokolademiks til dessert var heller ikkje å forakta. Etterpå gjekk me heim og kvilte middag før me gjekk over til kaffi og kaker.
På søndag gjorde eg og Magnhild ein tapper innsats for å finna ut kor Guro befinn seg akkurat for øyeblikket. Ikkje før var Guro i Vinje kommen heim før Guro i Bergen la ut på jordomsegling. Dvs. segling er det visst lite med, ettersom det for tida dreier seg om den transsibirske jernbanen. Me fant Irkutsk, Guro, og veit at du no er kommen omtrent til Mongolia. Dersom du kjem til hovudstaden i Mongolia og høyrer nokon snakka norsk, så kan det fort vera ein av barndomskameratane til Agnar og Inge. Jan Tore Foldøy (og kona hans) er stasjonert der som flyver for MAF (misjonsfly). Guro rapporterer på sin blogg, men minuset er at ho reiser med ei engelsk veninne og skriv alt på engelsk. Eg skal no prøva å kommentera på norsk. Dei har tenkt å reisa i eit heilt år med litt veterinærjobbing underveis. Ho skriv om svette forhold og lite vasking på alle på jernbanen, og det tenkte eg på i gårkveld då eg var ute på stavgangstrim med tjue svette damer. På slutten lukta det nok omtrent som i Sibir.
Elles brukte me litt av søndagen til å høyra på små videoopptak. Per Helge spelar påskesalme på glass, Ida Kristin og jentene til Jan Gustav helsar til mosto, og ho les høgt på høstfesten på sykehjemmet. Angra på at eg ikkje hadde med og gjorde eit lite opptak på søndagskvelden då me var på sangkveld på menighetshuset. Gamle salmer, mange flotte stemmer og stor sangglede gjorde det til ein opplevelse!
Elles ventar me kvar dag på Israelsbillettar. Onsdag 4.okt. drar me, så det er rimeleg å tru at neste blogghelsing kjem frå Jerusalem. Det blir spennande!


