Tuesday, September 27, 2011

Auschwitz

Me vassa i norske turistar både i Warszawa og ikkje minst i Krakow. I store og små flokkar, og med og uten norske flagg. Men norske bilskilt var det berre me som hadde. I ei god veke frå me kjørte av ferja var me så godt som einaste bil med utenlandske skilt fram til i dag. Men i dag, i Auschwitz, var dei der, bilar, og ikkje minst bussar frå omtrent heile Europa! Ikkje minst norske. Fleire frå Sørlandet, Vestfold og Oslo-området.
Ikkje alle dei norske bussane var kvite, men fleire var nok representantar for Hvite busser. Det såg me då me kom fram til minnesmerkene over dei døde. Steinen med norsk tekst var overstrødd med friske blomar og sløyfer med helsingar frå bl.a. Hvite busser. Vår flotte polske guide fortalde at det virka som om det kom ekstra mange unge frå Norge no etter 22.juli, og dei virka ekstra følelsesmessig engasjerte. Elles var det ein dag med mange sterlke opplevelsar. Så mykje død, og så mykje liv. Dei store viddene og tomme husa var fylte av folk av alle slag og nasjonalitetar. Utruleg mange. 1,4 millionar kom ifjor. Mange skuleklassar med unge jødar og unge nordmenn. Eldre folk som kanskje hadde kjent nokon av dei som døde eller som overlevde. Enkelte hadde stukke ei raud rose inn på eit bilde eller lagt ned ein bukett ved av dei mange minnesmerka. Vår gruppe var ei samling av folk som ikkje reiste i gruppe, tause og alvorlege vaksne frå mange land.


Fangane kom frå mange land.





40.000 par sko låg igjen. Det var lite etter fleire millionar som måtte bøta med livet.
Ein går ikkje upåvirka ut igjen etter å ha besøkt gasskammer, men me fekk i alle fall komma ut igjen..




Eg må nok heim og lesa historien omatt.

Wednesday, September 21, 2011

Ord frå ein suite i 8.etasje

Etterat me liksom kjørte inn i Polen med feil dekk først har det stadig gått betre! Me tar oss fram! Det er ikkje det at eg trur dette bildet ville ha gjort seg i ein fotokonkurranse, men det seier litt om størrelsen på rommet me fekk tildelt etterat me suste inn til hotellet midt i sentrum av Warshawa i gårkveld. Me hadde ikkje akkurat bedt om digert rom med to store bad, men takka ikkje nei då me fekk det for samme pris, ettersom dei elles ikkje fekk ting til å gå opp.

Eg tenkjer på ferieleiligheten me delte med Magnhild og Audun i Alpane sist me var ute på farten. Den var tilsaman mindre enn de me har no. Så det er berre å nyta det og lura på kva Krakow har å by på av bekvemmeligheter.

Me har tatt ut pengar av minibank, fylt bensin og kjøpt billett til trikken, så me er vel snart aklimatiserte? Det er ikkje sikkert me er så langt borte heller, for damene med nabobordet snakka bergensk (norsk?) og Jonas Gahr Støre svirrar rundt på TV-skjermen og snakkar om ein palestinsk stat......

Polen imponerer på mange måtar. Folk er vennlege og hjelpsomme og stolte av landet sitt. Og dei har lagt ned enorm innsats for å få landet på fote, først etter krigen som øydela enormt, og så dei siste åra etterat kommunismen miste grepet. Dei tre siste dagane har me sett tre ulike byar ta vare på sin gamle kulturarv. Først Gdansk som fekk heil sitt sentrum øydelagt, og som valde å byggja det oppigjen slik det var i Hansatida då Gdansk var på sitt flottaste. I går var det Torun som ved eit under fekk sitt middelaldersentrum spart. Heile sentrum er no på Unescos verdensarvliste. Det same er Gamlebyen i Warshawa som var jevna med jorda slik 85% av byen var det. Gamlebyen er bygd opp som nøyaktig kopi av den som var.

360000 jødar blei utslett her under krigen, og det viser dei mange minnesmerka. Det har vore mange sterke inntrykk i byen i dag. Godt då at Chopin og Madame Curie supplerte bildet. Men Chopin fekk ikkje komma heim etter opphald i utlandet dersom han ikkje søkte om russisk statsborgarskap, og det ville han ikkje. Men hans siste vilje var at hjarta hans skulle bli gravlagt i Warshawa, så det smugla søster hans heim i ei lomme på innsida av skjørtet sitt. Så hjarta hans fekk komma heim.


"Den lille blå, den minste av dem alle..." Illustrasjon av vårt solsystem i Kopernikus' hus i Torun



Posthuset (!) i Torun

Jødeghettoen: Her var det Willy Brandt bøygde kne og ba om tilgivelse på vegne av det tyske folk.



Den nye Gamlebyen i Warshawa.

Monday, September 19, 2011

Dannelsesreise?


Utanfor kontorbygningen til Lech Waleca i Gdansk tidlegare i dag.


Så går vi til ro i Kopernikus' fødeby Torun i kveld. Trygt og sikkert losa GPSen oss fram til rett by og rett adresse slik at vi kunne stoppa rett utanfor hotellet der vi hadde bestilt rom på nettet for lenge sidan. GPSen gjorde sitt, men sjåføren gjorde jammen også sitt; fartsgrensene på motorvegen hit var på 140 km/t! Heldigvis var det ikkje så mykje trafikk, så me måtte ikkje opp i den farten. Eg sov litt, for sikkerhets skyld. Tre av fire kveldar har me havna på rett plass, men laurdagskvelden heldt på å enda opp i eit skikkeleg mareritt. Stupmørkt då me kjørte i land i Polen frå Sverige-ferja skulle me heldigvis berre eit lite stykke før overnatting i byen vi kom i land i. Men uansett kva me sette GPSen på så ba dama(sunnmøringen) oss om å kjøre inn på ferja. Me slo av alt og prøvde på nytt igjen, men med samme resultat: Kjør inn på fergen! Til slutt måtte me ringja hotellet som bekrefta at jo, me skulle verkeleg inn på ferja; ei lita lokal byferje! Så kom me oss over, men alle spor etter hotellet var tapt. Me hadde ikkje kart, kunne ikkje polsk og såg ingenting. Einaste trøysta var at me ikkje hadde lokka med oss sørlendingane me tilfeldigvis traff på båten. Dei ville nemleg leggja i veg i natta og stoppa der dei såg det lyste eit hotellskilt, og me syns dei var passe dumme! Me derimot måtte tilslutt losast inn i eit flott boligstrøk av ein venleggsinna innfødd som kjørte føre oss. Her lyste ingen hotellskilt, men "hotellet" var koseleg nok og utanpå stod det "Antikvariat"






Monday, September 12, 2011

Emilie - ett års dåpsdag!


Det er ikkje til å tru, men i dag er det eit år sidan me fekk vera med og bera Emilie til dåpen i IMI-kirken. Vi tenner lys, foldar hendene og ber ei bøn for dåpsbarnet. Takkar for året vi har fått ha med henne.


Ho har gjort sitt beste for å sjarmera farfar og farmor og vi håper vi får mange gode stunder saman i åra som kjem.


















Saturday, August 27, 2011

Peter - to år!

Peter kom til verden den dagen som hans oldefar Isak (farfars far) ville ha fylt 115 år, dersom han mot alle odds skulle ha levd så lenge. No er Peter ein kjekk liten gut på to år som eg trur oldefar ville vore godt fornøgd med. Blid og flink til å prata, og ein trufast tilhengjar av storebror Isak. Oldefar Peder fekk han møta i fjor sommar, men i år blei det ein tur til gravplassen hans i staden.









Peter er slett inga linselus, men når me endeleg får fanga han på eit bilde så er han jo rektig fotogen!


Tuesday, August 23, 2011

Gleder på Koster


Koster - ei vennleg ferieøy på kysten utenfor Strømstad. Endeleg kom vi dit, og helga gav oss mange gleder utenom sjølve naturen.


Vi sykla, bada, åt fantastisk mat, prata og hadde eit strålande fellesskap.












Sunday, August 14, 2011

Sommar 2: Bade- eller var det strandferie?

Jo visst var vi uti, både store og små, men dei store blei ikkje avbilda, og dei små likte seg også best på stranda for det meste. Temperaturane var ikkje akkurat sååååå høge. Men hermed er det altså tilbakevist at det ikkje var råd å bada både i vatnet og i sjøen.








Tuesday, August 09, 2011

Sommar: Byggeprosjekt

Jammen bra at farmor vant ein stor kartong med små treklossar på novembermarkedet sist haust. Dei har vore i flittig bruk på hytta heile sommaren.


Først var det Elisabeth som med litt bistand av Emilie bygde ute i godveret.


Seinare på sommaren var det bruk for innesyslar, og David konstruerte eigne stillas mens siddisane beundra dei. Etter kvart blei bygget så høgt at han måtte styra det med tunga.



Isak måtte løftast opp for å få lagt på dei øverste klossane. Tre generasjonar Aasland er like stolte alle!


Til slutt var det Marte sin tur. Oppå ein vaklevoren stol oppå spisebordet og med litt bistand gjekk det bra! Men nokon måtte jo ta på seg rollen som begeistra publikum, og her hevda Rebekka seg suverent!


Wednesday, July 27, 2011

Stille på biblioteket - roser i sentrum!



Det er lenge sidan det skulle vera stille på biblioteket. Derfor var det eit spesielt øyeblikk på mandag klokka tolv. Etter ei helg full av uverkeleg drama var eg på plass på jobb mandag morgon. Sjefen fekk på plass lys og ein enkel plakat på norsk og engelsk om eit minutts stillhet klokka tolv. Men korleis skulle det gå til? Med vårt publikum av barn i ulike fargar som ser ut til å bruka store deler av ferien til å bråka rundt på biblioteket, samt alle dei som sit ved PC-ane og som forstår lite av det vi seier til dei, dei litt slitne i aviskroken, dei travle husmødrene og pratesjuke pensjonistane? Så skjedde det eit lite under: Då Lasse kom og viste til klokka, gjorde samtlige teikn til at dette var dei klare for, og presis klokka tolv stod dei der oppreist og det blei heilt STILLE! Det stillaste og antakeleg mest spesielle øyeblikket i mitt bibliotekarliv. Alle aldrar, fargar og med ulik sosial status var på eit øyeblikk gjort om til ei gruppe sørjande nordmenn som viser respekt og opplever fellesskap.


Dagane rundt katastrofane hadde eg levd eit merkeleg dobbeltliv. Fredag då eg kjørte bil mot hytta,valde eg å høyra lydbok i staden for nyheter. Slik kom eg uforberedt fram til store og små som skulle sjå Tour de France på TV, men som i staden fekk inn blodige og skrekkelege nyheter. Dei måtte slå av, og me kunne ikkje sjå TV før etter sengetid, for med det enorme regnveret som var, måtte me stort sett vera inne i same stova, og desse bilda var ikkje for barn. Nyhetene fekk me i bilradioen på vei opp og ned til Korsvei, eller Jesus-Woodstock som det også blei kalla, med 3000 deltakarar busett i eit gjørmehav av ein teltleir der det i alle fall ikkje var TV. Prosten på Ringerike var ein av leiarane som måtte fort heim til meir presserande oppgåver, mens dei som blei igjen justerte programmet litt.
I Asker kom det også inn små som måtte skjermast og gjerne underhaldast. Men i gårkveld hadde eg huset og tida for meg sjølv. Og då var tida inne for å finna sin plass i rosetoget i Asker.
Rosene mine står for fall, men eg fant ei siste som var så akseptabel at ho fekk bli med. Ikkje så raud kanskje, men eg måtte jo ta det eg hadde. Og sjølv om liljene endeleg er fine, så kan eg vel ikkje ta dei? Det kunne eg nok, for når eg tuslar nedover ser eg folk komma sigande, til fots, på sykkel og i bil, med kjøperoser og hageblomar av alle slag. Og så står vi der, tett i tett på torget. Meir folk enn 17.mai, og folk av alle slag. Ca 5000 seier Budstikka. Gamle partiveteranar (trur eg) sit med bukettane sine på steinhellene rundt, og dei minste set seg rett ned på asfalten. Folk finn kvarandre i trengsla, piler gjennom folkemengda for gi ein ekstra klem til dei som treng det. Vi står der i ein heil klokketime mens Petter Nome losar oss trygt gjennom talar og vakker musikk. Så går det eit stille tog mot steinpyramiden der blomar og lys kan plasserast.

Det er så lenge sidan badeturen til Vollen på torsdag. Eg trur det må ha vore i eit anna liv.