Monday, September 12, 2011

Emilie - ett års dåpsdag!


Det er ikkje til å tru, men i dag er det eit år sidan me fekk vera med og bera Emilie til dåpen i IMI-kirken. Vi tenner lys, foldar hendene og ber ei bøn for dåpsbarnet. Takkar for året vi har fått ha med henne.


Ho har gjort sitt beste for å sjarmera farfar og farmor og vi håper vi får mange gode stunder saman i åra som kjem.


















Saturday, August 27, 2011

Peter - to år!

Peter kom til verden den dagen som hans oldefar Isak (farfars far) ville ha fylt 115 år, dersom han mot alle odds skulle ha levd så lenge. No er Peter ein kjekk liten gut på to år som eg trur oldefar ville vore godt fornøgd med. Blid og flink til å prata, og ein trufast tilhengjar av storebror Isak. Oldefar Peder fekk han møta i fjor sommar, men i år blei det ein tur til gravplassen hans i staden.









Peter er slett inga linselus, men når me endeleg får fanga han på eit bilde så er han jo rektig fotogen!


Tuesday, August 23, 2011

Gleder på Koster


Koster - ei vennleg ferieøy på kysten utenfor Strømstad. Endeleg kom vi dit, og helga gav oss mange gleder utenom sjølve naturen.


Vi sykla, bada, åt fantastisk mat, prata og hadde eit strålande fellesskap.












Sunday, August 14, 2011

Sommar 2: Bade- eller var det strandferie?

Jo visst var vi uti, både store og små, men dei store blei ikkje avbilda, og dei små likte seg også best på stranda for det meste. Temperaturane var ikkje akkurat sååååå høge. Men hermed er det altså tilbakevist at det ikkje var råd å bada både i vatnet og i sjøen.








Tuesday, August 09, 2011

Sommar: Byggeprosjekt

Jammen bra at farmor vant ein stor kartong med små treklossar på novembermarkedet sist haust. Dei har vore i flittig bruk på hytta heile sommaren.


Først var det Elisabeth som med litt bistand av Emilie bygde ute i godveret.


Seinare på sommaren var det bruk for innesyslar, og David konstruerte eigne stillas mens siddisane beundra dei. Etter kvart blei bygget så høgt at han måtte styra det med tunga.



Isak måtte løftast opp for å få lagt på dei øverste klossane. Tre generasjonar Aasland er like stolte alle!


Til slutt var det Marte sin tur. Oppå ein vaklevoren stol oppå spisebordet og med litt bistand gjekk det bra! Men nokon måtte jo ta på seg rollen som begeistra publikum, og her hevda Rebekka seg suverent!


Wednesday, July 27, 2011

Stille på biblioteket - roser i sentrum!



Det er lenge sidan det skulle vera stille på biblioteket. Derfor var det eit spesielt øyeblikk på mandag klokka tolv. Etter ei helg full av uverkeleg drama var eg på plass på jobb mandag morgon. Sjefen fekk på plass lys og ein enkel plakat på norsk og engelsk om eit minutts stillhet klokka tolv. Men korleis skulle det gå til? Med vårt publikum av barn i ulike fargar som ser ut til å bruka store deler av ferien til å bråka rundt på biblioteket, samt alle dei som sit ved PC-ane og som forstår lite av det vi seier til dei, dei litt slitne i aviskroken, dei travle husmødrene og pratesjuke pensjonistane? Så skjedde det eit lite under: Då Lasse kom og viste til klokka, gjorde samtlige teikn til at dette var dei klare for, og presis klokka tolv stod dei der oppreist og det blei heilt STILLE! Det stillaste og antakeleg mest spesielle øyeblikket i mitt bibliotekarliv. Alle aldrar, fargar og med ulik sosial status var på eit øyeblikk gjort om til ei gruppe sørjande nordmenn som viser respekt og opplever fellesskap.


Dagane rundt katastrofane hadde eg levd eit merkeleg dobbeltliv. Fredag då eg kjørte bil mot hytta,valde eg å høyra lydbok i staden for nyheter. Slik kom eg uforberedt fram til store og små som skulle sjå Tour de France på TV, men som i staden fekk inn blodige og skrekkelege nyheter. Dei måtte slå av, og me kunne ikkje sjå TV før etter sengetid, for med det enorme regnveret som var, måtte me stort sett vera inne i same stova, og desse bilda var ikkje for barn. Nyhetene fekk me i bilradioen på vei opp og ned til Korsvei, eller Jesus-Woodstock som det også blei kalla, med 3000 deltakarar busett i eit gjørmehav av ein teltleir der det i alle fall ikkje var TV. Prosten på Ringerike var ein av leiarane som måtte fort heim til meir presserande oppgåver, mens dei som blei igjen justerte programmet litt.
I Asker kom det også inn små som måtte skjermast og gjerne underhaldast. Men i gårkveld hadde eg huset og tida for meg sjølv. Og då var tida inne for å finna sin plass i rosetoget i Asker.
Rosene mine står for fall, men eg fant ei siste som var så akseptabel at ho fekk bli med. Ikkje så raud kanskje, men eg måtte jo ta det eg hadde. Og sjølv om liljene endeleg er fine, så kan eg vel ikkje ta dei? Det kunne eg nok, for når eg tuslar nedover ser eg folk komma sigande, til fots, på sykkel og i bil, med kjøperoser og hageblomar av alle slag. Og så står vi der, tett i tett på torget. Meir folk enn 17.mai, og folk av alle slag. Ca 5000 seier Budstikka. Gamle partiveteranar (trur eg) sit med bukettane sine på steinhellene rundt, og dei minste set seg rett ned på asfalten. Folk finn kvarandre i trengsla, piler gjennom folkemengda for gi ein ekstra klem til dei som treng det. Vi står der i ein heil klokketime mens Petter Nome losar oss trygt gjennom talar og vakker musikk. Så går det eit stille tog mot steinpyramiden der blomar og lys kan plasserast.

Det er så lenge sidan badeturen til Vollen på torsdag. Eg trur det må ha vore i eit anna liv.









Tuesday, June 14, 2011

Den store bursdagsfesten




For mange, mange år sidan - eller er det berre fem? - var det stor bursdagsfest på Åsland, slik det hadde vore året før og året før der igjen i meir enn tjue år. Dei fire brødrene Aasland fekk stadig fleire etterkommarar, og slik var det alltid nokon som fylte sytti og seksti og femti, mens andre måtte nøya seg med å fylla fem eller ti. Det var kaker nok til alle, og gåver og talar og grilling. Det var kubbespel på tunet og brødbakst i bryggerhuset, og det var alltid bading og tur til Storøyhue. Regn før eller etter at me var samla, regn litt lenger aust eller vest, men aldri på Åsland når me var der. I alle fall ikkje nok til å droppa badinga!
Som med det meste som er godt her i verda, så måtte også Åslandssamlingane og fellesbursdagane ta ein ende ettersom familien vaks utover sine proporsjonar, og komiteane drog på åra.Samlinga for fem år sidan blei den siste. Det betyr at det året fylte Knut 60 og Lars 70, så i år var det på sin plass med ei feiring av litt mindre runde år. Opprinneleg hadde me tenkt å invitera Telemarksbrødrene på ettermiddagsbesøk på hytta, men det tok litt av, det også, og me syns det blei ein strålande fest!


Regnet bøtta ned før feiringsdagen som blei sett til 3.juni, og etterpå blei det flom, men makan til finver som då me skulle ha fullt av gjester på terrassen har knappast vore spurt. Tilogmed inni kjøleskapet var det tjue grader ein periode! Men det var kaker nok til alle (26?), det var grilling og det var gaver, og det var minst fem bursdagsbarn som alle heitte Aasland. For i tillegg til dei "gamle" så kom det ein liten familie frå Stavanger. Per
Helge fylte 30, og det samme gjorde Elisabeth. Mens Emilie fyller sitt aller første år i desse dagar.

Første del av festen valde me likevel å ha innandørs på Nutheim. Der var det bra, og vestlendingane som fekk overnatta på den gamle prestegarden der var sers nøgde!




Så bar det heim til kaker og sol i hytteveggen! Alle fekk plass, sjølv med forsterkningar frå Kviteseid. Og stemninga var så god og høgrøsta at eg hadde problemer med å nå gjennom lydmuren for å presentera bursdagsbarna. Ikkje rart at Kjell Arne som kom litt seint, sa då han reiste at han aldri forstå rektig kven som fylte år, så han sa no berre eit generelt Gratulerer med dagen!





Det blei varmt på kakene!




Til slutt var det berre overnattingsgjestene igjen, og temperaturen gjekk såpass ned at me kunne ha glede av bålpanna som vestlandsgjestene kom med!


Friday, May 27, 2011

Småbyferie - med BYEN som tema!










Av og til er det som om alt spelar saman. Ikkje før hadde eg avslutta turen til Istanbul uten å kunna setja heilt ord på kvifor dette var så stort, før eg havna i den vesle men viktige norske byen Lillehammer på ein festival med hovedtema BYEN. Og kven blei lyfta fram som den viktigaste byen? Jo, Istanbul eller Konstantinopel!

Og den mest betydningsfulle? Jo, det var Jerusalem som eg nettopp sa eg ville tilbake til! Den som trollbatt eit stort og mangfoldig publikum med sine byfortellingar var Thorvald Steen som har brukt over tjue år på å knyta saman historien, litteraturen og byen. Magisk! Ein frukostfilm om musikken i Istanbul, presentasjon av ein viktig forfatter frå Istanbul - Asli Erdogan - gjorde det ikkje mindre interessant.
I dei to tettpakka dagane blei eg også tatt med rundt i Oslo og til New York. Den siste byen kom me til saman med Sigrid Undset i eksil under krigen. Ja, for endeleg kom eg meg til Bjerkebæk der denne Undset-forestillingen blei sett opp, og der ho ein gong budde.I parken var det drøssevis av forfattarar som las høgt av dei nyaste bøkene sine.
Etter å ha følt meg som ein globetrottar som kjende seg heime i dei store verdensbyane kom eg så veldig heim igjen og attende til mi barndomsøy.


Her vaks også ein av dei høgtlesande forfattarane, Bjørn Sortland, opp. Han snakka sitt morsmål og sjarmerte både meg og andre med si høgtlesing frå boka som enno ikkje er ferdig, men som har fått tittelen Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar. Kor tar han det frå!





To flotte dagar. Eg føler meg priviligert!