Tuesday, June 14, 2011

Den store bursdagsfesten




For mange, mange år sidan - eller er det berre fem? - var det stor bursdagsfest på Åsland, slik det hadde vore året før og året før der igjen i meir enn tjue år. Dei fire brødrene Aasland fekk stadig fleire etterkommarar, og slik var det alltid nokon som fylte sytti og seksti og femti, mens andre måtte nøya seg med å fylla fem eller ti. Det var kaker nok til alle, og gåver og talar og grilling. Det var kubbespel på tunet og brødbakst i bryggerhuset, og det var alltid bading og tur til Storøyhue. Regn før eller etter at me var samla, regn litt lenger aust eller vest, men aldri på Åsland når me var der. I alle fall ikkje nok til å droppa badinga!
Som med det meste som er godt her i verda, så måtte også Åslandssamlingane og fellesbursdagane ta ein ende ettersom familien vaks utover sine proporsjonar, og komiteane drog på åra.Samlinga for fem år sidan blei den siste. Det betyr at det året fylte Knut 60 og Lars 70, så i år var det på sin plass med ei feiring av litt mindre runde år. Opprinneleg hadde me tenkt å invitera Telemarksbrødrene på ettermiddagsbesøk på hytta, men det tok litt av, det også, og me syns det blei ein strålande fest!


Regnet bøtta ned før feiringsdagen som blei sett til 3.juni, og etterpå blei det flom, men makan til finver som då me skulle ha fullt av gjester på terrassen har knappast vore spurt. Tilogmed inni kjøleskapet var det tjue grader ein periode! Men det var kaker nok til alle (26?), det var grilling og det var gaver, og det var minst fem bursdagsbarn som alle heitte Aasland. For i tillegg til dei "gamle" så kom det ein liten familie frå Stavanger. Per
Helge fylte 30, og det samme gjorde Elisabeth. Mens Emilie fyller sitt aller første år i desse dagar.

Første del av festen valde me likevel å ha innandørs på Nutheim. Der var det bra, og vestlendingane som fekk overnatta på den gamle prestegarden der var sers nøgde!




Så bar det heim til kaker og sol i hytteveggen! Alle fekk plass, sjølv med forsterkningar frå Kviteseid. Og stemninga var så god og høgrøsta at eg hadde problemer med å nå gjennom lydmuren for å presentera bursdagsbarna. Ikkje rart at Kjell Arne som kom litt seint, sa då han reiste at han aldri forstå rektig kven som fylte år, så han sa no berre eit generelt Gratulerer med dagen!





Det blei varmt på kakene!




Til slutt var det berre overnattingsgjestene igjen, og temperaturen gjekk såpass ned at me kunne ha glede av bålpanna som vestlandsgjestene kom med!


Friday, May 27, 2011

Småbyferie - med BYEN som tema!










Av og til er det som om alt spelar saman. Ikkje før hadde eg avslutta turen til Istanbul uten å kunna setja heilt ord på kvifor dette var så stort, før eg havna i den vesle men viktige norske byen Lillehammer på ein festival med hovedtema BYEN. Og kven blei lyfta fram som den viktigaste byen? Jo, Istanbul eller Konstantinopel!

Og den mest betydningsfulle? Jo, det var Jerusalem som eg nettopp sa eg ville tilbake til! Den som trollbatt eit stort og mangfoldig publikum med sine byfortellingar var Thorvald Steen som har brukt over tjue år på å knyta saman historien, litteraturen og byen. Magisk! Ein frukostfilm om musikken i Istanbul, presentasjon av ein viktig forfatter frå Istanbul - Asli Erdogan - gjorde det ikkje mindre interessant.
I dei to tettpakka dagane blei eg også tatt med rundt i Oslo og til New York. Den siste byen kom me til saman med Sigrid Undset i eksil under krigen. Ja, for endeleg kom eg meg til Bjerkebæk der denne Undset-forestillingen blei sett opp, og der ho ein gong budde.I parken var det drøssevis av forfattarar som las høgt av dei nyaste bøkene sine.
Etter å ha følt meg som ein globetrottar som kjende seg heime i dei store verdensbyane kom eg så veldig heim igjen og attende til mi barndomsøy.


Her vaks også ein av dei høgtlesande forfattarane, Bjørn Sortland, opp. Han snakka sitt morsmål og sjarmerte både meg og andre med si høgtlesing frå boka som enno ikkje er ferdig, men som har fått tittelen Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar. Kor tar han det frå!





To flotte dagar. Eg føler meg priviligert!

Sunday, May 15, 2011

Storbyferie - f.eks. til Istanbul






Kvifor reiste vi eigentleg til Istanbul? Ei av dei medreisande litteratur-damene spurte både seg sjølv og oss andre om dette ein av dagane.Vi kava oss oppover dei smale og steinete gatene i byen med nesten 20 millionar innbyggjarar. Ingen kunne svara skikkeleg på det. Vi hadde no berre tenkt det kunne vera interessant. Vi hadde lese Orhen Pamuk og Thorvald Steen og andre bøker der noko av handlinga var lagt til Istanbul. Så fekk vi vel lyst å dra dit då. Kanskje vi ville ha eit stambord med utsikt til Den blå moske?



Torunn sa ho gjerne ville ut og pusta inn den store verden med jevne melomrom. Ho har jo budd utanfor Norge i mange år




Eg visste ikkje heilt eg heller i øyeblikket kva som var så spesielt.



Utsikt mot Det gylne horn



Agia Sofia var flott
og hadde ein unik historie. Ca tusen år som kyrkje, mange hundre år som moske og så til slutt museum. Ein opplevelse! Men vi hadde jo sett gamle kyrkjer før...Ein dag besøkte vi det flotte Topkapi-palasset, men vi hadde sett andre fine slott før. Tilogmed basaren! Hadde vi ikkje opplevd noko liknande i Kairo? Forskjellen var at me var blitt gode på pruting. Vinden var kald og regnet vått. Likna mest på vestlandsver, så me hadde ikkje komme for å sola oss, det var i alle fall sikkert. Det var utruleg frodig og vakkert sett frå høge utsiktpunkt, men ikkje vakrare enn det grøne landskapet med vaiande norske norke flagg som møtte oss då me kom heim 8.mai.


Likevel forstår eg det betre no enn før vi reiste kvifor det var så viktig å komma seg til Istanbul.


Eg siterer frå lederartikkelen i Arr Idehistorisk tidsskrift som kom akkurat i dag:

"Det finnes en lang tradisjon for å betrakte Istanbul, tidligere kalt Konstantinopel, som jordens hjerte eller navle. Både innen kristendom og islam er det tunge teologiske og historiske begrunnelser for å anse denne byen som verdens midtpunkt...............Hvordan samles ulike religioner i Istanbul, hvordan møtes modernitet og tradisjonalisme, fortid og nåtid, i denne byen som faktisk kan sier å romme alt?"

Dersom vi i alle fall kan svara på noko av dette, så var det turen verdt. Som andre turar og andre byar. Reisa tilbake i historien på ein måte og prøva å forstå korleis det heile heng saman. Tenkja at når eg blir pensjonist på alvor så kan eg begynna å lesa verdenshistorien frå kant, og så nikka gjenkjennande minst eit par gonger i kvart kapittel. Eg blir etterkvart liten i den store samenhengen, men det godt å stadig utvida sine referanserammer, slik at eg har glede av det både når eg høyrer andre fortelja og når eg les. Eg kan fylgja romanpersonane mine på sine vandringar i mange store (og små!) byar i verda. Det hjelper meg også å finna kulturelle og religiøse røter å vandra i byar som Jerusalem, Athen, Roma, Berlin og Kjøbenhavn. Det trur eg må bli tema for eit seinare blogginnlegg.

Var det så ingenting eg opplevde og såg for første gong i Istanbul? Jo visst, eg ferdast i ein by som er delt på to verdensdelar, eg var på omvisning i eit harem og på underjordisk vandring i ei enorm vannsisterne som er meir enn 1500 år gammal.


Med rette kalla den mest spesielle turistattraksjonen i Istanbul. Eg blei kjent med Det gylne horn og med Marmarahavet, reiste på båttur opp Bosporus-stredet og såg utover Svartehavet.



Vi var med og feira romfolkets dag på sigøynerkonsert. Ein opplevelse å ta drosje i ein by der sjåførane stort sett berre snakkar tyrkisk og ikkje kan lesa kart. Men til gjengjeld fekk me ein guida turmed Marit på alt(?) som fanst av offentlege kommunikasjonar. Det var ikkje få og regnet hølja ned og det var ikkje direkte praktisk å ha med rullestol, men fram dit ho budde på Asiasida kom vi. Eg hadde med ekstra skift i anledning regnveret, men hadde gått med sekken open, så det blei ikkje akkurat tørt skift!






Attende kom vi også, forbi endestasjonen til Orientekspressen og sykehuset til Florence Nightingale, og det einaste som hindra oss var at straumen var borte på trikken, så då blei det drosje heim til eit utruleg vennleg hotellvertskap som kvar kveld stilte med varm kaffe og te, småkaker og frukt. Me følte oss veldig heime og godt tekne vare på, og anbefaler så gjerne Gardenhouse hotell!
Kjempekoseleg å ha kjentfolk å treffa på kafe, og som kunne hjelpa oss med å orientera oss i båtrutene på Bosporus!

Og Turkish Airlines som har betre sete, betre plass og betre mat enn norske flyselskap.
Men neste gong må eg vel finna meg eit anna flyselskap, og ein annan retning? Eg rekk vel ikkje å sjå alt, men eg likar tanken på å vera undervegs!






PS! Eg gløymde tulipanane! Det er jo her dei kjem ifrå, og me kom akkuar jo mange utvandrat i rett tid. Seinare har jo mange av dei utvandra til Holland, men det var her dei opprinneleg vaks vilt!


Utsikt over Marmarahavet med typisk turistantrekk: Sekk og audioguide!

Monday, April 25, 2011

Glimt frå påska 2011


Som så ofte før blei ferien vår ei rundreise. Også denne gongen for å oppleva det som gjer livet godt å leva, nemleg fellesskap, kultur og natur. Og fellesskapen kom fyrst, både på den eine og den andre måten. Men i Vinje fekk Knut kombinert det med kultur ettersom han var vår representant då broren Harald fekk utdelt kulturpris. Stor stas, og her ser me VIP-bordet.











Eg hadde min eigen bror å feira så eg tok omvegen om godjenta i Stavanger. Ho er no blitt stor nok til å delta i oppvasken med liv og lyst. Dessuten var ho passe stor til å avslutta babysymjing, og eg fekk vera med!




Så kom turen til han som feirte 60 i Sandnes og som feira med stort kalas på Gamlaverket. Talane var mange og flotte, og presangar blei det også. Her viser han storesystra si eit instrument som visstnok skal bevisa at han verkeleg har gått så langt som han trur.
David fekk sin 4-årspresang som blei feira på hytta. Han er utruleg nysgjerrig på geografien og flink til å plassera land og stader rett på globusen. Så då det viste seg at globusen hadde innlagt lys og kunne fungera som nattlampe, så blei det mange spørsmål å svara på på sengekanten.
Men om dagen var det jobbing som gjaldt. Kjempekjekt å hjelpa farfar med å snekra. Eller å kosta!

Rebekka blei gjerne med på tur dersom det vanka sjokolade av farmor.


For akeføret var heller dårleg.

Den siste delen av påsken av bypåske og kyrkjepåske, kombinert langfredag med å gå korsvandring gjennom Oslos gater. Påskenattsmesse og festgudsteneste fekk me også med oss.
Og til sist ein tur opp på Vardåsen for å sjå blå Oslofjord 1.påskedag og blomstrande skogbotn på veg til Gupu 2.påskedag. Våren er hjarteleg velkommen!



Så var det kvardagen igjen, men den er jo heller ikkje å forakta. Dessuten er det berre to arbeidsdagar før eg drar langt ut i verda på storbyferie. Det blir også bra!

Sunday, April 03, 2011

Å sjå og bli sett!

Det var det vi gjorde sist helg: Vi såg og blei sett. Kanskje ikkje akkurat slik det foregår på Aker Brygge eller Theaterkafeen der ein helst må tenkja nøye på korleis ein ser ut. Nei, for oss var det eit alternativ til skitur i eit grått og vått og sørpete ver,og antrekket var som det måtte vera når me kava oss ut frå hytta laurdag føremiddag, og sette kursen bort frå tåkehavet og mot Kviteseidbyen. Og der blei me i mange timar. Det var utruleg kor mange kjende me traff. Først vinka me til Aslaug T. før me parkerte ved sida av Ingebjørg R. og firhjulingen. Ho var lukkeleg for våren, for kjøredoningen var vanskeleg å ta seg ut med i minus tjue og med giktiske fingrar. Me fekk høyra nytt om store og små i familien, og fekk høyra om reiseplanar ho hadde. Framleis ute på parkeringsplassen kom Hadle og Ingar inn frå kvar sin kant. Hadle skulle heim og røra i grautgryta mens Ragnhild og Ingvild gjekk på tur, og når alt dette var vel unnagjort kunne me komma bort og eta graut. Me takka ja, men det var enno fleire timar til, så me hadde god tid til å drøsa med Astrid T. og vesle Jon som skulle ut på kort handel før dei skulle heim til suppegryta. Den var stor og god, og me måtte gjerne bli med! Me kunne ikkje dobbeltbooka, men me fekk no høyra at ho venta eit nytt barnebarn i juni. Så kom Svein F. og fortalde at han skulle flytta til Bergen til sommaren, og at han skulle heim og eta ribbe til middag! Me blei ikkje inviterte med, og det beklaga me alle høglytt mens me sende helsingar med han då han for. Me måtte jo innom butikken, og sjølv om me nesten ikkje skulle ha noko, laga me kork i alle krokar. Det var jo så mykje kjentfolk der! Der var Janne som fortalde om ei gammal klasseveninne som hadde flytta til bygda, og om døtrene, ei med odelsrett og ei med ektemann, og der var Vibeke som snakka om gamle svigerforeldre, samt Inge og Britta med ein dotterson som var som å sjå ein liten Ørjan. Til og med Aak snakka me med, og han ville også helst flytta heim igjen til Bergen. Me hadde tenkt oss å drikka kaffi hos Waldenstrøm, som ikkje er Waldenstrøm lenger, og då me kom dit var me så godt i farta at me snakka lenge og vel med ei som stod der og venta på å få handla. I ettertid viste det seg at me slett ikkje kjende henne, og aldri hadde snakka med henne før, men no veit me at ho heitte Tjodvor. Derimot kjende me to av dei tre som sat på kafeen og som vinka oss bort. > Asle fortalde om alle sine nyrer; den siste var den aller beste. Og dessuten hadde han rydda på låven og funne ett hundre år gamle oppbyggjelege blad, og dei fekk eg! Jordskiftedommaren fortalde at han skulle til Molde og vera morfar på heiltid ei vekes tid, og dessuten fekk me gode råd om at veirett bør setjast på papir, og om korleis ein eventuelt skal løysa opp eit sameige. Og begge fortalde om alle sine, og me om våre. Me har alle vore foreldre til barn på Haukom skule som no er historie. Dei me ikkje traff på søndagen dei såg me stort sett på gudsteneste i Brunkeberg på søndagen. Utruleg flinke barn i kor, og mange stolte foreldre og besteforeldre. Og dirigent Åsbjørg er eg til og med litt i slekt med!
Kunsten er å komma akkurat ofte nok til at folk hugsar oss, og sjelden nok til at dei ser at me er der! Me er i alle fall fornøgde.

Wednesday, March 23, 2011

Arv kan vera så mangt


Etter å ha starta med første vesle oppryddinga i gamlehuset heime, har eg fått med meg litt håndgripeleg, men mest dei minnene som dukkar fram når me får gamle ting i hendene. Saker og ting som ikkje betyr det aller minste for andre, men som får fram det som ein gong var, for oss som hugsar, eller som har har høyrt om, det som skjedde. Som for eksempel denne vesle tina som har stått framme så lenge eg kan hugsa, og antakeleg så lenge huset har stått. Forlovelsespresang eller morgongåve frå far til mor; eg veit ikkje så sikkert, berre at mor alltid sette pris på denne og aldri rydda henne vekk.

Mor har vore borte i meir enn 30 år, og då ho døydde var ho yngre enn eg er no. Likevel er det som ho har komme nærmare no i denne oppryddingsprosessen.
Ung, med mykje pågangsmot, ein husmorskuleeksamen og ei ny kokebok tok ho fatt på sitt nye liv på Hollund. Kokeboka blei mykje bruka så den er det berre filler att av, men ho har lege i kjøkkenskuffa fram til no. Den som var skikkeleg opprådd kunne slå opp der. Dei siste åra var kokeboka lite i bruk. Helse og krefter var borte, og det var vemodig at me no kunne finna spor av mor sine siste år: Knevarmarar i lammeull mot konstante leddsmerter og ein kløpinne som måtte erstatta forkrøpla fingrar. Underlege ting som bæreposar med gamle "filler" er berre søppel for andre, men for meg vekte desse tøybitane, oppklipte til filleryer, sterke minner. Restar av sommarkjolane mor sydde til meg og Magnhild og til seg sjølv, vamsen eg laga meg i unge dagar, og til slutt ein rev! Mest skinn, men med føter og hovud. Den skulle nok ha blitt ein fin "besetning" (var det ikkje det det heitte?), og kanskje, men berre kanskje, kan den framleis bli det. Restar og mønster til løpar og puter som framdeles finst i sofaen, og til den blå eg broderte og som eg framleis har i skapet. Kansje eg skal ta den fram no, og plassera "arvesølvet" på han. Me konsentrerte oss litt om ting som var navn på denne gongen. Og ettersom me har både Agnes og Agnar, samt to som heiter Per og ein liten som heiter Peter, ein som heiter Gustav og ingen som heiter Maren, men både Marte og Marthe og Mari, og dessutan Magnhild, så fant me arvingar til det meste. Mor og far gifte seg midt under krigen,både borgarleg og i kyrkja, for den kyrkjelege vielsen var ikkje gyldig. Det var ikkje tid og råd for så mykje sølv, men spør om ikkje mor kunne få nysølvet til å skina like fint! Både ho og me jentene broderte hardangersaumsbrikkar som bl.a. kunne brukast til fløytesettet og dukar til bordet når mor dekka til selskap, og vips blei det nesten like flott som hos "dei fine". Då me kom heim no i mars og vandra litt rundt på det overgrodde bruket, fant me jammen både krokus og snøklokker! Så var det inn for å finna Vasen. Endå det fanst sikkert tjue vasar, så fant me ikkje de me tenkjer på som Vasen. Den som i alle år har blitt bruka til dei første vårblomane, og seinare til stemorsblomar og liljekonvall. Me sørga over den ei lita stund, men før me reiste fann eg han, så til sommaren kan han bli tatt i bruk igjen. Kanskje er litt av hemmeligheten at det ikkje fanst så mange av alle ting, så me rakk å knyta oss til dei, om det så berre var ein alminneleg liten glasvase. Som sagt: Arv kan vera så mangt!

Sunday, March 06, 2011

Vår?

I mi skuletid lærte me at mars var vårmånad, men det har dei visst ikkje fått med seg her på Austlandet. I alle fall ser det for at det blir lenge til me kan drikka kaffi på hagebordet rett utanfor verandadøra!

Frå kjøkenglaset kan me så vidt sjå Holmenkollhoppet i det fjerne. Det seiest at det har vore mykje aktivitet der i det siste , og det har ikkje vore av eit vårleg slag!

Det blir stritt for solstrålene å rå med all takdrypp det må bli frå nærliggjande tak!



Marshimmelen har i alle fall vore blå dei siste dagane.










Friday, January 28, 2011

Isak sin dåpsdag - og andre prikkedagar


Prikkedagar kalte mor det når det var ein dag me måtte hugsa på. Mest gjaldt det bursdagar, og då var det om å gjera at det begynte å prikka i tide dersom brev skulle sendast eller presangar kjøpast inn. Enkelte er ufølsomme for denslags prikking, mens andre stoler på at ein 7.sans skal melda frå om prikkedag i god tid.
Januar er ein typisk månad for prikkedagar, så det går litt i tull for oss. I år kom Agnar her og feirte burdagen sin, og pakke var innkjøpt før jul, så den prikkinga slapp me lett ifrå. Men dei fleste dåpsdagane me har å hugsa på er også i januar, og dei har rast forbi i rask rekkefølge, frå Inge sin den 2. til Peter sin den 3. Jammen fekk dei døypt vesle Mari i Bergen i januar, og så kom Rebekka sin dag 24. Endeleg i dag er det Isak sin dåpsdag, og han må me absolutt hugsa, for han var me fadrar til. Tenk det er fire år sidan! Det var morsomt å lesa om vesle Petrine og Benjamin i nyttårshelga.(Jo Tenfjord. Tre trylleord). Benjamin var ikkje stor, men han smette inn litt frå juleevangeliet og gamle julesangar mens han snakka. Og Isak kjende igjen både det eine og det andre. Humra over uttrykk som "okse der og asen stod" og "de heldige tre kongan". Så det har skjedd mykje sidan han blei døypt. Bl.a. har han lært å leita etter Willy. Sjå berre på bildet!












Håper du har fått pakken, Isak, og gratulerer med dagen!

Sunday, January 23, 2011

Så var dagane talde

Tidleg om morgonen mandag 17.januar sovna far stille inn, godt 95 år gammal./Early in the Morning on January the 17th, my father died calmly,95 years old/. Trøtt og mett av dagar, og med fred i sjela./Tired, but with peace in his soul./ Og på fredag var me ein heil flokk som fekk fylgja han til siste kvilestaden./On Friday we followed him to his last resting place/. Han skal liggja der attmed kjæresten sin, sa Marte på seks, som hadde besøkt oldemor si grav i sommar. No blei det for langt for henne og småbrødrene å komma, men han blei fylgd av tre barn, tre svigerbarn, seks av sju barnebarn (trist for Guro som ikkje kunne få det til), fire av sju svigerbarnebarn, og fire (av ni) oldebarn, og desse var under halvtanna år. Minst av alle var aldeles nydøpte Mari. Emilie med vannkoppar fekk heller ikkje møta oldefaren sin i levande live, men ho gjorde sitt til å muntra opp forsamlinga. Og mange deltok på ymse vis! Dei las bibeltekstar, la på krans og heldt tale, bar kista, spelte og ikkje minst song velsignelsen på minnesamveret. Mange andre var også med og gjorde at det blei eit fint og verdig farvel. Ikkje minst onkel Hans som hadde fylgd han siste biten, og som hadde hatt flest timar saman med han dei siste åra. Far fekk sine år,trur ikkje han ynskte seg fleire, så det var ikkje så trist, men vemodig og rart og tomt. /Children, grandchildren and great grand children participated at the seremony, reading texts from the Bible, carrying the coffin and singing the Blessings which you can hear here/










Gode ord på minnemøtet etter gravferda, men ingenting kom opp mot barnebarna som song Velsignelsen. Då dei var ferdige, fekk dei spontan applaus. Du kan også høyra (og sjå) songen ved å klikka her

Dessverre blei ikkje applausen med på opptaket, men dei dunka de høyrer i bakgrunnen, er berre Marthe (med h) som slår takten med klossane sine! Alle var med på å heidra fars minne.

Tuesday, November 09, 2010

Krise med någå (mykje!) attåt

Alt såg jo så fint og flott og flott ut då me la i vei for å gjera vår innsats på årets Novembermarked i menigheten. Etter iherdige studier i bøker og anna fekk eg til og med sydd dyne og pute med trekk til den flotte dokkesenga som Kari hadde rosemala til utlodningen. Litt bakverk kom også med, samt litt (altfor lite!) som skulle seljast på loppemarknad.


Eg hadde fått plass ved koppar- og kar-avdelingen, mens Knut rådde over avd. med tekniske saker og ting. Og ting gjekk unna! Ikkje minst for Knut som avslutta dagen med å selja min gamle og gode ytterjakke på posesalg for kr. 20,- At det går an! Det blei presisert at ingen klær skulle på loppemarked, og dette var også det einaste klesplagget som gjekk med, og det i siste sekund.




Eg kom fornøyd med sju store og fine basargevinster, tre gamle tekanner, ei enorm gammal rulle, brukte uteleker til hytta, tre glass heimelaga syltetøy, to boksar med dei første småkakene og ein stiftemaskin + + Men så var altså jakka mi borte, og den skuldige fekk sanneleg høyra det. Til stor applaus! Men det var han som fekk tilbud om ei seng for natta og ekstra sjelesorg. Eg derimot, kva fekk eg? Ikkje tilbud om å få låna ein jakke på heimveien eingong!
Men mykje fekk me med oss heim likevel. Litt til å eta, litt til julepresanger, litt til hytta og litt til kjellaren. Håpet er at det no blir nyrulla dukar til jul.



Og restane blei kjørt på søppelfyllingen på mandagen.




Og eg fekk ny (og mykje betre!) jakke etter to dagar. Men at det går an!