Sunday, March 06, 2011
Vår?
Friday, January 28, 2011
Isak sin dåpsdag - og andre prikkedagar

Prikkedagar kalte mor det når det var ein dag me måtte hugsa på. Mest gjaldt det bursdagar, og då var det om å gjera at det begynte å prikka i tide dersom brev skulle sendast eller presangar kjøpast inn. Enkelte er ufølsomme for denslags prikking, mens andre stoler på at ein 7.sans skal melda frå om prikkedag i god tid.
Januar er ein typisk månad for prikkedagar, så det går litt i tull for oss. I år kom Agnar her og feirte burdagen sin, og pakke var innkjøpt før jul, så den prikkinga slapp me lett ifrå. Men dei fleste dåpsdagane me har å hugsa på er også i januar, og dei har rast forbi i rask rekkefølge, frå Inge sin den 2. til Peter sin den 3. Jammen fekk dei døypt vesle Mari i Bergen i januar, og så kom Rebekka sin dag 24. Endeleg i dag er det Isak sin dåpsdag, og han må me absolutt hugsa, for han var me fadrar til. Tenk det er fire år sidan! Det var morsomt å lesa om vesle Petrine og Benjamin i nyttårshelga.(Jo Tenfjord. Tre trylleord). Benjamin var ikkje stor, men han smette inn litt frå juleevangeliet og gamle julesangar mens han snakka. Og Isak kjende igjen både det eine og det andre. Humra over uttrykk som "okse der og asen stod" og "de heldige tre kongan". Så det har skjedd mykje sidan han blei døypt. Bl.a. har han lært å leita etter Willy. Sjå berre på bildet!
Sunday, January 23, 2011
Så var dagane talde
Tidleg om morgonen mandag 17.januar sovna far stille inn, godt 95 år gammal./Early in the Morning on January the 17th, my father died calmly,95 years old/. Trøtt og mett av dagar, og med fred i sjela./Tired, but with peace in his soul./ Og på fredag var me ein heil flokk som fekk fylgja han til siste kvilestaden./On Friday we followed him to his last resting place/. Han skal liggja der attmed kjæresten sin, sa Marte på seks, som hadde besøkt oldemor si grav i sommar. No blei det for langt for henne og småbrødrene å komma, men han blei fylgd av tre barn, tre svigerbarn, seks av sju barnebarn (trist for Guro som ikkje kunne få det til), fire av sju svigerbarnebarn, og fire (av ni) oldebarn, og desse var under halvtanna år. Minst av alle var aldeles nydøpte Mari. Emilie med vannkoppar fekk heller ikkje møta oldefaren sin i levande live, men ho gjorde sitt til å muntra opp forsamlinga. Og mange deltok på ymse vis! Dei las bibeltekstar, la på krans og heldt tale, bar kista, spelte og ikkje minst song velsignelsen på minnesamveret. Mange andre var også med og gjorde at det blei eit fint og verdig farvel. Ikkje minst onkel Hans som hadde fylgd han siste biten, og som hadde hatt flest timar saman med han dei siste åra. Far fekk sine år,trur ikkje han ynskte seg fleire, så det var ikkje så trist, men vemodig og rart og tomt. /Children, grandchildren and great grand children participated at the seremony, reading texts from the Bible, carrying the coffin and singing the Blessings which you can hear here/
Gode ord på minnemøtet etter gravferda, men ingenting kom opp mot barnebarna som song Velsignelsen. Då dei var ferdige, fekk dei spontan applaus. Du kan også høyra (og sjå) songen ved å klikka her
Dessverre blei ikkje applausen med på opptaket, men dei dunka de høyrer i bakgrunnen, er berre Marthe (med h) som slår takten med klossane sine! Alle var med på å heidra fars minne.
Tuesday, November 09, 2010
Krise med någå (mykje!) attåt
Eg hadde fått plass ved koppar- og kar-avdelingen, mens Knut rådde over avd. med tekniske saker og ting. Og ting gjekk unna! Ikkje minst for Knut som avslutta dagen med å selja min gamle og gode ytterjakke på posesalg for kr. 20,- At det går an! Det blei presisert at ingen klær skulle på loppemarked, og dette var også det einaste klesplagget som gjekk med, og det i siste sekund.
Eg kom fornøyd med sju store og fine basargevinster, tre gamle tekanner, ei enorm gammal rulle, brukte uteleker til hytta, tre glass heimelaga syltetøy, to boksar med dei første småkakene og ein stiftemaskin + + Men så var altså jakka mi borte, og den skuldige fekk sanneleg høyra det. Til stor applaus! Men det var han som fekk tilbud om ei seng for natta og ekstra sjelesorg. Eg derimot, kva fekk eg? Ikkje tilbud om å få låna ein jakke på heimveien eingong!
Men mykje fekk me med oss heim likevel. Litt til å eta, litt til julepresanger, litt til hytta og litt til kjellaren. Håpet er at det no blir nyrulla dukar til jul.
Og eg fekk ny (og mykje betre!) jakke etter to dagar. Men at det går an!
Sunday, October 17, 2010
Hausttakkefest for damer
Eg tenkjer kvart år når det lir mot haust at i dag skal eg jammen ha eit dameselskap i oktober, og i år fekk eg det til! Sende invitasjonar før eg reiste til Venezia, og ti av elleve takka ja. Mitt poeng var at eg ville takka for at dei hadde teke så godt imot meg i Asker, og gjort mine første åtte år her så gode. Heldigvis hadde eg fått ny bursdagspresangduk frå Mandal, og den passa fint, men eg måtte ta inn hagebordet for å få plass til alle.
Randi fant fort sin plass som "blomsterpike" på kjøkkenet, ettersom bukettane strøymde inn. Gamle damer får blomster! Egentleg burde eg hatt nye gjester dagen etter så fleire kunne ha glede av blomane, men no deler eg med dykk her på bloggen!
Sunday, October 10, 2010
Venezia - ein fantastisk by!
Turen var flott, heilt frå flyturen i solskinn over snødekte Alpar og vårt første glimt av den merkverdige byen gjennom flyvindauga .

Det blei morsomme og interesante dagar på tur med ni gråhåra lektorar (her representert ved sju av dei) og ditto fruer.
På stillas over Markusplassen mens vatnet flomma inn.
Det blei morsomme og interesante dagar på tur med ni gråhåra lektorar (her representert ved sju av dei) og ditto fruer.
Thursday, September 16, 2010
Sunday, September 05, 2010
Gamle Kvitsund-venner
Tuesday, August 24, 2010
Heilt på (blå)bærtur!
Det var ein gong , ganske nyleg, fem Bømlajenter som planla ein skikkeleg bærtur i Telemarks skoger. Blåbær skulle det vera, for det er jo så sunt, og dessuten var det rette tida no i helga. Etter lange forhandlingar på hytta der me fordelte bærspann og bærplukkarar, samt støvlar etter beste evne, aksla på oss sekker med ekstra klær og mat og la innover mot Heivatn. Anne var igjen på hytta for å passa på vaniljesausen som stod klar til blåbærdesserten. Etter tre timar var me attende med våre 28 blåbær, ca. 35 villbringebær og resten (kanskje 100?) i umodne tyttebær. Aldri har eg sett lyngen så ublå!
Turen var jo fin, og etter store anstrengelser der me var i direkte kontakt med Helpdesk på Skotselv der Knut tura, fekk me skikkeleg dreis på grillen og grillmaten, og det blei ikkje berre dei enkle karbonadane de ser på bildet! Men kva med desserten som skulle vera det absolutte blåbærminimum? Jo, det er noko med Nøken kvinne, samt Man tager hva man haver......så på bildet ser de ein av våre lekre porsjonar. Det skulle bli ca. fem blåbær og sju bringebær til kvar. Dandert med vaniljekrem og sprø flak av marengs og mandler blei det vel berre lækkert?

Vel heime for eg rett på konsert med Kviteseidkunstnarar (bl.a. son til han med innflyttarbautaen), og der fekk eg med meg dette verset av Olav H. Hauge, som eg syns kunne passa bra som kommentar til laurdagskveldspraten.
Me siglar ikkje same havet, endå det ser so ut.
Grovt timber og jern på dekk, sand og sement i romet,
djupt ligg eg, seint sig eg, stampar i brottsjø, uler i skodde.
Du sigler i ein papirbåt, og draumen ber det blå seglet,
so linn er vinden, so var er bylgja.
Wednesday, August 11, 2010
Hodlonsjenter på vift!
Plutseleg dukka det opp
to syskjebodn heimante, og dei ville til Vollen og drikka kaffe ved fjorden, og deretter på handel i småbutikkane. Slik blei det, og vel heime måtte me posera med generasjonsnetta våre. De ser vel at det er håndtak for barnebarn på sida? No er det ikkje fleire nett i den fargen på Vollen. Sandalane hadde me frå før! Men Ellen fekk seg også ny shorts, og Kirsten tigerskjorte (som ho ikkje har på seg). Grått og vått var det på utfarten vår, men utpå dagen skein det opp så me kunne ta ein enkel pakkeløsning til middag på terassen. Kjekt med uventa besøk!

Friday, July 30, 2010
Folk og dyr på sjø og land i juliferien
Så er juli 2010 historie.
Det kunne ha vore mange innlegg, og det første kunne heita Med farfar på sirkus. Farfar som ikkje fekk barnebarn med seg, men farmor fekk bli med og sjå på elefantane og hundane og klovnane og trapeskunstnarane og alt som var.
Eit anna innlegg kunne heita Hytteliv i med- og motgang. Der var motgangen mykje av teknisk, elektrisk og meterologisk art. Og så kunne eg ha lagt på eit lite PS der Torunn og Harald som æra oss med besøk blir gratulerte med 40 års bryllupsdag i dag! Det samme blir Solveig og Asle i Lier, og Nils og Marianne som er reist til Danmark for å feira. Agnar og Johanna har sju års bryllupsdag i morgon, men det er vel ikkje så mykje å skryta av, eller kva?Så var det Sørlandsferien som best år av mange deler, men ingen av dei er den tradisjonelle med kvite strender og bading og fisking. Først fekk me eit sterkt møte med Gabriel Scotts Kilden i Stavern kirke. Og deretter kaffe ved havet i Helgeroa før mekom til hytta i to-tida om natta. Seinare fekk endeleg farfar nokon til å visa seg dyrelivet i Kristiansand, dvs i Dyreparken. David blei betatt av dei og av gatemusikantane i Mandal, mens Rebekka koste seg på uterestaurant. Og den som vil sjå henne uten briller, men i fart, kan klikka her! Me har ynskt oss ein tur ut i Sørlands-skjærgarden med båt, og det fekk me med Harald og Anne-Mari. Ein sterk opplevelse; eg seier ikkje meir! Jo forresten, eg høyrde kronprinsen måtte trå til i redningsaksjon der ute i dag, så me får vel ringja våre venner og høyra om det står til liv…Etter suiten hos Harald og Anne -Mari var det ein defintiv nedtur i standard å ta inn på camping-hytta på Justøya bibelcamping. Omtrent halvparten så stor som annekset vårt, og der skulle det vera plass for fire til å sova og eta og koka og vaska opp med mer. Godt det var utever! Det blei mange mil i bil, og den delen kunne godt heita Kon-tiki, for flåten sin ferd følgde me på lydbok, så i går måtte me dra på Kontiki-museet der flåten låg, og der det var stint av utenlandske turistar.Mesteparten av juli har me faktisk heime i Asker, og eg har til og med vore på jobb. Men kaffi med venner har det også blitt tid til, og olsok blei det rømmegrøt på Kari og Ragnar sitt koselege kjøkken. Så no er det godt å vera heime igjen!


Det kunne ha vore mange innlegg, og det første kunne heita Med farfar på sirkus. Farfar som ikkje fekk barnebarn med seg, men farmor fekk bli med og sjå på elefantane og hundane og klovnane og trapeskunstnarane og alt som var.Eit anna innlegg kunne heita Hytteliv i med- og motgang. Der var motgangen mykje av teknisk, elektrisk og meterologisk art. Og så kunne eg ha lagt på eit lite PS der Torunn og Harald som æra oss med besøk blir gratulerte med 40 års bryllupsdag i dag! Det samme blir Solveig og Asle i Lier, og Nils og Marianne som er reist til Danmark for å feira. Agnar og Johanna har sju års bryllupsdag i morgon, men det er vel ikkje så mykje å skryta av, eller kva?Så var det Sørlandsferien som best år av mange deler, men ingen av dei er den tradisjonelle med kvite strender og bading og fisking. Først fekk me eit sterkt møte med Gabriel Scotts Kilden i Stavern kirke. Og deretter kaffe ved havet i Helgeroa før mekom til hytta i to-tida om natta. Seinare fekk endeleg farfar nokon til å visa seg dyrelivet i Kristiansand, dvs i Dyreparken. David blei betatt av dei og av gatemusikantane i Mandal, mens Rebekka koste seg på uterestaurant. Og den som vil sjå henne uten briller, men i fart, kan klikka her! Me har ynskt oss ein tur ut i Sørlands-skjærgarden med båt, og det fekk me med Harald og Anne-Mari. Ein sterk opplevelse; eg seier ikkje meir! Jo forresten, eg høyrde kronprinsen måtte trå til i redningsaksjon der ute i dag, så me får vel ringja våre venner og høyra om det står til liv…Etter suiten hos Harald og Anne -Mari var det ein defintiv nedtur i standard å ta inn på camping-hytta på Justøya bibelcamping. Omtrent halvparten så stor som annekset vårt, og der skulle det vera plass for fire til å sova og eta og koka og vaska opp med mer. Godt det var utever! Det blei mange mil i bil, og den delen kunne godt heita Kon-tiki, for flåten sin ferd følgde me på lydbok, så i går måtte me dra på Kontiki-museet der flåten låg, og der det var stint av utenlandske turistar.Mesteparten av juli har me faktisk heime i Asker, og eg har til og med vore på jobb. Men kaffi med venner har det også blitt tid til, og olsok blei det rømmegrøt på Kari og Ragnar sitt koselege kjøkken. Så no er det godt å vera heime igjen!
Rebekka er blitt stor jente, både når ho poserer ved strandkanten og heime i hagen. Det kan du sjå om du klikkar her
Subscribe to:
Posts (Atom)








