Friday, July 30, 2010

Folk og dyr på sjø og land i juliferien

Så er juli 2010 historie.

Det kunne ha vore mange innlegg, og det første kunne heita Med farfar på sirkus. Farfar som ikkje fekk barnebarn med seg, men farmor fekk bli med og sjå på elefantane og hundane og klovnane og trapeskunstnarane og alt som var.
Eit anna innlegg kunne heita Hytteliv i med- og motgang. Der var motgangen mykje av teknisk, elektrisk og meterologisk art. Og så kunne eg ha lagt på eit lite PS der Torunn og Harald som æra oss med besøk blir gratulerte med 40 års bryllupsdag i dag! Det samme blir Solveig og Asle i Lier, og Nils og Marianne som er reist til Danmark for å feira. Agnar og Johanna har sju års bryllupsdag i morgon, men det er vel ikkje så mykje å skryta av, eller kva?Så var det Sørlandsferien som best år av mange deler, men ingen av dei er den tradisjonelle med kvite strender og bading og fisking. Først fekk me eit sterkt møte med Gabriel Scotts Kilden i Stavern kirke. Og deretter kaffe ved havet i Helgeroa før mekom til hytta i to-tida om natta. Seinare fekk endeleg farfar nokon til å visa seg dyrelivet i Kristiansand, dvs i Dyreparken. David blei betatt av dei og av gatemusikantane i Mandal, mens Rebekka koste seg på uterestaurant. Og den som vil sjå henne uten briller, men i fart, kan klikka her! Me har ynskt oss ein tur ut i Sørlands-skjærgarden med båt, og det fekk me med Harald og Anne-Mari. Ein sterk opplevelse; eg seier ikkje meir! Jo forresten, eg høyrde kronprinsen måtte trå til i redningsaksjon der ute i dag, så me får vel ringja våre venner og høyra om det står til liv…Etter suiten hos Harald og Anne -Mari var det ein defintiv nedtur i standard å ta inn på camping-hytta på Justøya bibelcamping. Omtrent halvparten så stor som annekset vårt, og der skulle det vera plass for fire til å sova og eta og koka og vaska opp med mer. Godt det var utever! Det blei mange mil i bil, og den delen kunne godt heita Kon-tiki, for flåten sin ferd følgde me på lydbok, så i går måtte me dra på Kontiki-museet der flåten låg, og der det var stint av utenlandske turistar.Mesteparten av juli har me faktisk heime i Asker, og eg har til og med vore på jobb. Men kaffi med venner har det også blitt tid til, og olsok blei det rømmegrøt på Kari og Ragnar sitt koselege kjøkken. Så no er det godt å vera heime igjen!





Rebekka er blitt stor jente, både når ho poserer ved strandkanten og heime i hagen. Det kan du sjå om du klikkar her



















PS! Hadde redigert og flytta bilder uten at endringane kom med, så no får det bli som det er!











Tuesday, July 06, 2010

Juni-ferie i år

Ferien starta tidleg i juni år, og sidan gjekk me frå høgdepunkt til høgdepunkt. Først prøvde me oss som Oslo-guidar og vertar for Sarah og Lester, slektningar frå Chicago. To flotte dagar med byvandring, Grand Hotell, Frognerparken og Frognerseteren. Deretter bar det av stad med buss til pasjonsspel i Oberammergau, lengst sør i Tyskland. Dette spelet blir framført kvart tiande år i den vesle byen med 5000 innbyggjarar, og det har det blitt i meir enn 300 år. Det er byen si takk for at dei blei sparte for pest. Det var ikkje lov å fotografere inne etter at forestillingen hadde begynt. Derfor ser de berre deler av forsamlingen på ca. 5000 personar. Til saman kjem det ca. ein halv million i løpet av 2010 for å sjå det flotte spelet som var ein enorm opplevelse! Men turen hadde også andre kvalitetar. Bussen, som hadde mykje gildt menighetsfolk frå Asker med seg,
tok oss også til flotte byar som Salzburg, Mûnchen, Celle og Dinkelsbühl. Sightseeing, slottsbesøk og
mykje godt bord- og anna fellesskap.

Salzburg sett frå borga der Sound of Music er spela inn. Elles var det Mozart det meste dreidde seg om her.

Siste kvelden med festmiddag i Rådhuskjellaren i Celle. Lystig underholdning ved Evelyn og Kari. Og ingen kjem vel til å gløyma Karen sin beretning om parkeringsproblemer for ein ung s jåfør i Århus!


Fort heim for å feira trippel 60-årsdag med slekta frå Vestlandet. Veret var sånn passe, så me fekk ikkje samla oss så lenge i pausen at forsamlinga blei komplett eller konsentrert.
Me kom oss Jorda rundt på 80 dager, sjølv om begeistringa for stykket ikkje var så enorm. Bursdagslunsjen på Ekebergrestauranten var derimot av god kvalitet. Syns me!


Vidare vestover mot generasjonstreff og samling av dei fleste av far sine etterkommarar. Her ser vi gammal Peder med ung Peter, og dessuten stolt pappa Inge.


Me ventar fortsatt på Kjetil sine bilde av komplett forsamling. Vårt apparat blei ikkje med i trekninga om å blei eit av dei som onkel Hans skulle trykkja på. Her er eit utsnitt av dei som sat i ro ved langbordet som var dekka til 20. Det var ikkje lett å samla alle på eitt bilde! Sju barn frå fem år og nedover; deriblandt fire fødde siste året. Så kapasiteten både her og der blei maksimalt utnytta. Berre ut på "bakkjen" var det alltid god plass til å slange seg, rulle seg eller sparke fotball.


Jammen godt at Marte snart er skulejente. Her trener ho seg med reknepuslespelet som farmor og farfar kjøpte i Tyskland. Isak sitt med dinosaurer blei derimot ein utfordring for farfar, Anne Lise og onkel Hans. Og David sitt puslespel fekk ein knekk. Det er slikt som skjer!


Mandagen måtte me skifta fokus heilt. Då skulle me stå for nedsetjing av urna til Ingridmosto,a og me som aldri hadde vore med på slikt før ein gong! Men Knut blei seremonimeister, Bjørg Eli heldt tale, Paul hadde kopiert songar, onkel Per senka urna, Magnhild spadde over og alle song og sette ned roser .Rektig fint blei det til slutt. Og rosene som blei til rest fekk Marte og Isak sett ned på oldemor si grav.

Og til slutt fekk vi jammen ynskje Emilie velkommen til verden! Vårt sjette barnebarn var for ny til å bli med på slektstreff. Men akkurat passe gammal til å helsa på farmor og farfar heime hos mor og far. Rødhåra, vaken og fredeleg sjarmerte ho oss frå første øyeblikk!

Sunday, May 30, 2010

Monday, May 17, 2010

17.mai-helsing frå Asker

Så var tida inne for ei tradisjonell 17.mai-helsing frå Asker. Og syttende mai i år inneheldt alle dei ingredienser som ein slik dag skal ha, og som de stort sett finn avbilda nedafor:


Kjempe-barnetog der alle hadde vore oppe grytidleg for å helsa familien på Skaugum før dei reiste vidare for å vinka frå balkongen på slottet.
Tale/russetale for dagen, nedlegging av krans på minnestøtta over dei falne under krigen, og ved statuen over kong Olav i sentrum.
Mannskoret song og folkedansgruppa dansa. Både folk og dyr var pynta i raudt, kvitt og blått, og kjende nasjonale songar blei songne.



Etter den store fellessamlinga i sentrum, blei det tid for

tradisjonell lunsj hos familien Hagemo
og under over under,

det blei varmt nok til at alle kunne sitja ute, og det var bra, for skaren av gjester blir stadig større. I år var det nærare femti. Og programmet var som alltid. Rikeleg med (medbrakt) mat og song og god stemning. I år var det spesielt mykje Bjørnson.



Men finpynta barn og barnebarn måtte me få kontakt med via Skype. Bedre enn ingenting, og me fekk bekrefta at stemningen var bra både i Mandal og Førde.




Monday, March 08, 2010

Verdig avskjed



Fredag tok vi avskjed med Ingridmosto. Nesten 95 strevsomme år fekk ho her på jorda. Mandag morgon sovna ho stille inn på Lille Tøyen sykehjem der ho hadde opphald i meir enn sju år.
Omtrent dei same som kom for å feira 90-årsdagen på Ekebergrestauranten for fem år sidan, tok no veien over fjellet for å bli med på bisetjinga. Si endelege grav får ho dela med foreldrene heime på kyrkjegarden på Bremnes.

Tuesday, February 23, 2010

Reiselyst!


No har nok onkel Hans landa på Alicante. Ikkje så verst å kunna dra av stad frå meterhøge snøfonner og tosifra kuldegrader. Etter pinnekjøtmiddag og Northug-gull sov han her i natt og fekk så skyss ned på stasjonen, der han hadde tenkt å ta eit flytog som ikkje kom. Det neste kom på tida, men i Oslotunnellen stod eit tog fullt av passasjerar som hadde stått fast i to timar, og sperra trafikken for andre tog. Han rakk det vel, for me høyrde ingenting, sjølv om me i fellesskap hadde slått mobiltelefonen både av og på fleire gonger som trening. På Gardermoen skulle han møta kamerat Sverre og fire enkjer frå øvre Telemark. 91 og ut på tur, pytt pytt! Den som har helse og mot kjem langt.
Om fjorten dagar kjem du vel innom på heimvegen? Nei, då skulle vegen gå strakt frå Alicante til Føyno der Kjell skulle vera på plass. Cirka eit døger på kontinuerleg reisefot skulle han vel alltid klara! God tur!

Wednesday, January 27, 2010

Gjenbruk er bra!

Det stod seg eit bryllup, eller rettare to, i 1973. Brudekjolen var ny til det første og kjøpt brukt til det andre eit halvår seinare. Men så blei kjolen pakka ned og lagt på loftet i 30 år nokså omtrent. Men då det første barnebarnet var ventande i Førde blei den gamle brudekjolen frakta i hast til nærmaste sydame her i Asker. Eit gammalt Familien med mønsterark blei lagt fram. Om ho kunne laga ein dåpskjole av denne gamle kjolen? Jo, det kunne ho dersom eg kjøpte brokadestoff og silkebånd! Og huve fekk eg lyst å prøva på sjølv. Og slik fekk brudekjolen eit heilt nytt og meir aktivt liv.


Den starta sitt liv i Stavanger, og dette har sikkert Tove eit bilde av. No er han på veg til Stavanger igjen. Kanskje han blir tatt i bruk for åttende gong?



Marte blir døypt i februar 2005

28.januar er det tre år sidan Isak blei døypt. Gratulerer med dagen, Isak!
Heile Aaslandsfamilien då det var David sin tur til å ta kjolen på seg. Det skjedde 1.juli 2005

Året 2010 starta med at Peter blei boren til dåpen 3.januar

og heldt fram med at det var Rebekka sin tur no på søndag.

Alle ber kjolen med verdighet. Alle er me veldig stolte av og glad i!




Friday, December 25, 2009

Kvit sørlandsjul

Så flott såg det ut i Kongefjellveien vesle julafta, og sjølv om det regna om natta så blei det absolutt kvit jul! 1.juledags ferd til kyrkja var uhyre glattpolert, så det blei ikkje meir utendørsliv, men inne leika gutane seg av hjartans lyst. Den som vil sjå meir kan gå inn her og finna ein liten filmsnutt.



Thursday, December 03, 2009

Nostalgiske bømlingapatriotar på fest!


Jan Gustav fylte femti, og feira flott i Glashuset! Alle gjestene fekk papirhattar laga av gamle Bømlo-nytt. Det er visstnok berre ein dråpe i havet av den samlinga Jan Gustav har flytta med seg dei siste ti(?) åra. Håper Bømlo-Nytt har fått eit betre bilete, men moro var det. Takk for oss!

Rebekka med kk og Marthe med h

Er ikkje Rebekka ei nydeleg lita veslesyster? Knapt ein månad gammal, men stor nok til å kosa litt forsiktig med.



Tremenningen Marthe som me fekk helsa på i Sandnes er ei veke eldre, og så gammal at den stolte farfaren gjer tapre forsøk på kommunikasjon.

Thursday, November 26, 2009

Johanna får presang og David bakar til jul

Endeleg skulle Johanna få bursdagspresang! Dei som blir skuffa når dei ser at det er ein heilt vanleg kasserolle, får sjå om igjen. Han er nemleg forholdsvis ekslusiv og med titan. Me har eit par av desse på hytta, og Johanna hadde faktisk ynskt seg ein, sjølv om ho kanskje hadde gløymt det. Pakken måtte fram før me hadde reist oss frå middagsbordet, men det var fordi me var på gjennomreise til den store femtiårsdagen på Jæren.
Det viktigaste både på fram- og tilbakevegen var å bli kjent med Rebekka (!), men først kjem filmsnutten med gutane som skal baka til jul. Legg merke til den vesle sørlendingen. Dvs det enda med ei lenke til sjølve filmen

Monday, November 09, 2009

Ein svinaktig god handel!

Mandag føremiddag, nokså nøyaktig sju døgn etterat eit svinaktig virus hadde forårsaka dei første brekningane og feberanfalla, fekk pasienten lov å sleppa ut mellom folk. Vi skulle tilogmed treffa mange folk, ettersom det var vår vanlege novemberhandel som stod for tur. Fleire år har vi teke ein tur før stresset tok oss, og kø og kaos tok butikkane. Det har brukt å enda med kaffi på Sandvika Storsenter og seinare middag på Ikea før me drog heim nedlessa med nyttige og unyttige ting. Så me la trøstig i veg med handleliste og ein klar plan. Først gjekk det bra; Knut fekk sine nye briller til 4000, men dei hadde han jo betalt frå før. Og eg hadde ingen problemer med å finansiera dei tre små pynteknappane på håndarbeidsbutikken. Men sidan blei det verre. Me reiste frå det eine store senteret til det andre, samt inn på diverse spesialbutikkar, men fattigare blei me ikkje, og det var det jo planen at me skulle bli! Det blir tross alt jul, og me har mange barn og barnebarn, og ikkje minst svigerbarn. Dessutan skal Johanna fylla 31, og Jan Gustav skal feira 50. To barnebarn skal døypast og korga vår er like tom, endå me har sett og leita og tilogmed spurt. Etter to timar på Ikea har me rett nok fått kaffi og litt mat og kanskje smitta ein kjendisprest som sit med storfamilien sin i kafeteriaen der juletreet er pynta, og tilbudet om svineribbe og pinnekjøt er på plass. Datoen er 9.november og juleduftene synest malplasserte. På veg mot det store kassaområdet til Ikea finn me endeleg tilbodet det ikkje går an å sei nei til:
Ti fingerdukker til den nette sum av 39 kr. Ein veit aldri kva ein får bruk for. Julepapir og gråpapir blir også med. Me finn faktisk også fleire ting som me kunne hatt bruk for, men her hadde me ikkje dei måla me trong, så kanskje me må attende. Men så då, skal be berre kjøpa tolv egg og ein pakke ertestuing og gå heim til tørrfisken vår? Ikkje denne delegasjonen nei. Me trålar alle butikkane i Asker etter det me har tenkt til oss til Kariann og Johanna. Spesialt Johanna hastar det med, og me veit jo kva me vil ha. Men ho kan jo få den siste krimmen til Jo Nesbø???? Dessverre, Johanna, det blei det ikkje. Me fant det me lette etter heilt til sist. Rett nok blei det så dyrt at damene på butikken såg at me trong prosenter, og det fekk me. Så no kan de lura. Både Johanna og de andre..

Thursday, October 22, 2009

Hurra for Rebekka!

Ikkje før var me kommen oss heim til kjøkkenbordet og voksduken, og før me hadde fått rydda opp i alle gamle og nye oppslag (det ser ut som eit aktivt liv, ikkje sant?), ja så måtte me jammen fram med flagget igjen! Rebekka kom til Johanna og Agnar i går, 21.oktober. David har blitt storebror, og me har fått vårt femte barnebarn på knappe fem år. Stas er det!