Sunday, September 27, 2009

Litt meir Alpar og resten Provence

Det skal jo vera råd å gå på tur i Alpene, og det gjorde me også, men det var i temmeleg flatt terreng rundt eit vatn. Kjempefint, og her fant me mange franskmenn (og engelskmenn) på picnic. Dessutan var det mange som fiska, og nokre fekk fisk, mens han som hadde mest utstyr såg ut til å måtta greia seg med tre svartbrende pølser på grillen sin.......Langs vatnet kom me over ein åpen restaurant, og det var eit sjeldsyn, så me gjekk opp og der fekk me bord ved sida av eit bryllupsfylgje. Pent pynta, men eg la mest merke til dei enorme skohelane til damene.

Kunne ikkje dy meg. Tok bildet av oppslagstavla på toppen. I den røde bobla står det noko sånt som at Her står du. Og så er det teikna inn ei heil mengde løyper og heisar opp og ned av alle fjelltoppane. Den veien me kjørte på var så smal at han var ikkje eingong teikna inn. Det var skummelt å kjøra ned med bil, men me såg også dei som sykla, og som måtte stoppa iblant og kjøla bremsene sine.

I dag gjekk ferda vidare mot Provence. Første stopp var i den flotte byen Annecy. Eg forstår at de hadde det bra der vinterstid, Guro, men sommaren (nokre og tjue grader i dag) var veldig bra. Det var eit enormt parkområde ned mot vatnet og kanalen, med rikeleg med benker stier, trær og blomar, samt urter og krydder og grønnsaker i blomebeda. Søndag i dag, og det såg ut til at alle generasjonar hadde funne veien til parken. Me kjem til å hugsa den, samt parkeringshuset som var ein heilt annan historie. Men me lar oss ikkje stoppa!!!!
No i kveld kom me fram hit til Hotel de Citadelle i Sisteron og rakk såvidt å ta bilete ut hotellvindauga før det blei mørkt. Ein fin gammal by i "nordenden av Provence". Her er ein enormt festning som blei sterkt bomba under 2.verdenskrig, men som no er bygd opp igjen, og er open for publikum, og dersom me rekk det vil me opp dit i morgon kveld. Interessa for historie er på stigande kurs, og me pløyer oss vidare i våre kjempebøker som me har med.

Denne bergformasjonen blir omtala som ein geologisk kuriositet.
Forresten, M&A: Hanedama spurde kor me hadde gjort av dykk!




Saturday, September 26, 2009

Alpebilder i dag

Her er vi på terrassen i minileiligheten i La Grande Terche
Knut fekk endeleg komma seg til Cern som han hadde drøymt om.

Me har vore på to "toppturar" man det er ikkje den typen Inge er opptatt av. Våre foregjekk i bil, og det var skummelt nok. Bildene er frå den første som gjekk til Alkarez(?) Landskap og turistanlegg ikkje til å tru. I går var me på eit utsiktspunkt til Mt. Blanc, men sikten var ikkje så god. Men me såg langt nok!!!!!!!!!!! Meir seinare.






Thursday, September 24, 2009

Her er vi endeleg paa nett

Det tok si tid, og vi har opplevd saa müe at vi startar her og naa. Lausanne i dag. Har nettopp sett det olümpiske museet. Det var enormt flott og vi kunne sjaa gamle norske "gudar" fraa norsk sport, men best var det med is og kaffe paa ein gedigen restaurant paa takteraasen med utsikt over Genevesjöen. Me kom oss godt og vel saa langt, og har no vore i fleire dagar i omraadet rundt Genevesjöen. Starta dagen i dag med aa dra til flüplassen i Geneve med Magnhild og Audun, og dei set nok paa Gardermoen og ventar paa aa komma seg heim til Bergen. Her er det utruleg varmt og fint, og det har det vore heile tida. Me bur ein stad som er saa utruleg at ingen skulle tru...... Omtrent heilt aaleine paa ein ski resort. Oppanfor ein alpelandsbü der det ogsaa er öde. Dei innfödte er reist sin vei paa ferie etter aa ha hatt turistar der heile sommaren. Dei ladar opp til vintersesongen. Me litt strev har me funne ein open restaurant kvar dag. Elles kjem vi tilbake naar vi faar lagt inn bilder og komma oss inn i ei traadlaus sone, men naar veit vi ikkje.

Monday, September 07, 2009

Wednesday, August 26, 2009

Hurra!

Vi flaggar og feirar litleguten som kom til verda i Førde i dag, 26.aug, på oldefar sin bursdag.
Vi har fått vårt fjerde barnebarn og takkar for det!

Tuesday, June 16, 2009

Kongeleg sølv til Kjell!

Ryktene svirra, og me la i ein fart om helgeplanane då me høyrde at Kjell Lindheim i Kviteseid skulle få overrakt Kongens fortenestmedalje i sølv, m.a. for 37 år i arbeid med barnekoret Unge Røyster. Kyrkja var full (i alle fall trudde Kjell det) av folk som ville vera der når det nygamle orgelet blei innvidd. Dagfinn heldt konsert, Jorunn spela fløyte og Kjell song solo, før ordføraren kom fram for å utføra det ærefulle oppdraget. Då medaljen kom fram, blei Kjell meir eller mindre mållaus, mens Dagfinn og Jan Einar som stod bak forslaget, gliser godt.
Og bak i våpenhuset stod dei Unge Røystene, også det ei overrasking!
Heile familien fekk sola seg i glansen av diplom og medalje. Seinare på dagen, då Normisjon serverte kyrkjelapskaus på Misjonshuset til alle som ville ha, kom alle talane, og Solveig og Sigrid overrekte gullmedalje til bestemor. Dei, og resten av familien hadde øvd seg intenst på å halda det heile hemmeleg. Men Kjell visste at det var invitert gjester frå fjern og nær. Han skulle nemleg feira 65-årsdagen sin, ein dag for tidleg, og utover ein strålande søndag ettermiddag fyltes tunet på Grønvang med grannar, slekt og vener. Og alle syns at "Kongen er snill", som det stod i songen, og at Kjell var ein veldig verdig mottakar av utmerkinga.

Sunday, June 07, 2009

Hallo David!

Hei David! Det var kjempekoseleg at du ville bli med oss på hytta og hjelpa farfar med spikrane og banka på plankane. Og når det blei litt vondt så kunne du jo ringe til mamma! Du gløymde ein av dei små bilane dine og så stod det ein liten hund midt på bordet. Dei ventar nok til du kjem igjen når det blir sommar.



Farmor trur du likte deg ekstra godt på trappa med pappa og farfar. Gøy å vera ein av gutta!
Og så var du flink å gå lang tur så me kunne sjå dei store traktorane!
Tusen takk for brevet du sende til oss med kunsten du hadde laga i barnehagen. No har me hengt han opp attmed teikningane til Marte.

No har farfar nettopp hatt bursdag, og dette bildet er teken på bursdagen hans. Då fekk han ikkje ei einaste sjokoladekake, men han fekk sjå på ein flott foss, og så snakka han deg og Isak og Marte i telefonen, og med pappane, og så med brødrene sine. Det syns han er like godt som sjokoladekake. Men han fekk to presangar med ledningar på, så dei kan han leka seg med.

I morgon har onkel Per Helge bursdag, og då kan du kanskje snakka med han. Han blir 28 år og er nesten vaksen, men han er minsteguten til farmor og farfar, og så blir me litt redde for han når han reiser langt på sjøen i ein slik liten kajakkbåt som han padlar i saman med farfar på bildet. Kanksje han kjem heim og får kake og pakkar han også når han har bursdag. Han har fått ein pakke med ledningar, han også.
Det er flott at du vil komma på besøk til Asker og sova i den vesle brune senga når du skal på ferie. Kan du helsa til mamma og pappa og sei at me syns det er fint at du skal få ei syster?

Friday, May 01, 2009

OÆÆÆÆÆÆÆ!

Lyrikaren Helge Torvund sa ein gong at eit kunstnarleg uttrykk er nytt og originalt for den som kjem med det. Slik at då dottera hans på fem kom ut på Jærstranda, slo ho ut med hendene og sa: Himmel! og Hav! Faren meinte at med dette fekk ho sagt alt ho følte, og det på ein overbevisande måte. Trur det var slik med David på to då han kom fram i kyrkja 1.påskedag og på faren sin arm såg han store og flotte veggmaleri og altertavle. Hans følelsar blei uttrykt med at han sprikte med ti små fingrar og kom med eit begeistra OÆÆÆÆÆ! Han fekk sagt alt, til tross for eit lite ordforråd. Skulle ynskt at eg hadde hatt eit slikt enkelt uttrykk for kor flott eg syns det var å sjå og oppleva himmel og hav og bygd og by, sett frå Kolsåstoppen på ein første mai.
Det var mange som hadde teke turen, både store og små. Ein svensk småbarnspappa sa då han kom på toppen: "Har dom inte satt opp svimmelvarning?" For stupbratt var det til alle kantar, og då me klatra ned igjen var me for ein gongs skuld glad for at me ikkje hadde med oss barnebarn.

Det har vore fleire sterke opplevelsar siste månaden.

Ikkje minst då me drog frå kyrkje til kyrkje og song for fulle hus med prosjektkoret Jazzker. I Lommedalen kirke blei det så fullt at ikkje alle kom inn, og det var stor stemning og jubel overalt.
T.C.Hawkins frå New Orleans var ein fantastisk dirigent og inspirator for ca 120 amatørsongarar frå Asker og Bærum. I tillegg song han utruleg bra! Og så var det Ytre Suløen! Eg seier som David som åt ei av sine bursdagskaker her hos oss: OÆÆÆÆÆÆÆ!

PS! Snøen er nesten heilt borte i nabolaget. Hos oss vat det bart i hagen til 1.mai!



Friday, March 20, 2009

Sunday, March 08, 2009

Våren i Gamle Drammensvei....................


På eit vis kan ein jo sei at det er lyse utsikter når ein ser ut stoveglaset, men vårfornemmelser gir det ikkje! Det er såvidt råd å åpna terrassedøra på gløtt, men det blir lenge før kaffien kan nytast utandørs. Ikkje rart ein stakkars mann føler seg liten i sin kamp mot naturkreftene. Når ein ser ut kjøkkenvindauga på andre sida av huset, så er det ikkje så mykje trøyst å få der heller. Det einaste måtte vera at naboen ikkje slepp så lettvint unna han heller: Han har to bolighus samt div. små uthus å halda styr på. Eg er glad eg snart skal pakka sandaler og solhatt og dra til varmare land. Men slik det ser ut no så blir det over jonsok før me ser snurten av krokus og påskeliljer her heime!





Sunday, February 08, 2009

Tett inntil dagane........


Dei fleste dagane er kvardagar. Ikkje så spennande akkurat, og nokså like. Handling og middag etter jobb. Middagskvil med avisene, Dagsrevyen med kaffi til, og seinare gjerne ein blanding av PC og TV og kanskje ein telefon. Kapasiteten rekk ofte ikkje lenger.
Men plutseleg kjem det veker som denne, med mange møte med menneske og med skjebner. Opplevelsar i natur og med kultur. Liten jobb-kapasitet kan ha den fordelen at det går an å gå tur i skogen ein vanleg fredag føremiddag når det er godt om plass både på parkeringsplass og i skiløyper. Om noko skal seiast om naturen denne veka, så er han kvit!
Kulturen og kunsten er det ikkje alltid så lett å ta bilde av, men det hender han samlar deler av familien Aasland slik det skjedde i Oslo Rådhus no i veka! Mange myldra rundt og såg på på norsk og tjekkisk kunst, mens kunstnaren sjølv (ei av dei) ser ut til å vera like oppteken av det som ein av dei utanlandske gjestene kalla "the most perfect kind of arts"!


Alle tonane frå Fredagsforums 20-årsjubileum er det heller ikkje godt å ta bilde av, men kaka derimot.... og flittige hender! Eit flott jubileum som varte i minst to dagar og som var prega av så mykje lovsong at dei to "utvandra" pinsevennene me møtte, måtte føla seg rektig heime.

Teaterforestillingen me skulle sjå saman med Torunn og Harald let seg av mange og kompliserte årsaker heller ikkje avbilda. Få ting blei som vertskapet hadde tenkt. Eg vurderte eit innlegg under tittelen Å gjera opp rekneskap utan vert men det blei på alle måtar feil, ettersom vertskapet måtte ta heile rekninga, i alle fall inntil vidare. Så det Knut og Harald studerer her på Grand, er ikkje rekninga, men ei teikning av utvendige trapper til hytta!
Kom ikkje her og sei at livet ikkje kan vera variert om ein har fylt seksti!
Dessutan skuldar eg å gjera merksam på at "Tett inntil dagene" er tittelen på ei bok som absolutt er å anbefala, og som handlar om dagar svært ulike mine. Men dagane tilhøyrer ei mor, så det kan passa å minna om det no nett før morsdagen er omme.

Tuesday, January 27, 2009

Gratulerer med to års dåpsdag for Isak



Tida går jo så fykande fort, og det er ikkje så lenge sidan me fekk den store æra å vera fadder for Isak. Det var ein flott dag for oss som kom, men jammen måtte mange streva for å komma fram i mykje uvær! Onkel Kjetil kom seg berre til sjukehuset mens damene frå Bergen ikkje kom i det heile tatt. I dag er det alt to år sidan, og Isak er blitt stor gut som likte å visa oss kunstene sine då han var på besøk i jula. Gratulerer til både han og dei andre i familien!






Tuesday, January 13, 2009

Drømmeferie og feriedrømmer

Me tok turen frå ein trist og skoddetung søndag ute og til eit fargerikt mylder av sommar- og feriedraumar inne på reiselivsmessa på Lillestrøm. Her gjekk Knut Jørgen Ødegaard omtrent i taket i sin "anskuelsesundervisning" om avstandane i verdensrommet, og om fantastiske turar som skulle gå dit, mens andre ivra for ein dagstur til Trøgstad. Knut heldt seg til den første, mens eg fekk med meg eit foredrag om tur Frå kyst til kyst i Amerika. Så no er eg klar, men det blir vel ikkje i år. Det blir derimot Tyrkia-turen, og kanskje den store Europaturen. I alle fall skal det ikkje stå på fargeglad info. Draumane er dessuten gratis.....Eg brukte 20 kr. på eit gammalt nr. av Vagabond, mens gemalen handla der det var demonstrasjon av ymist. Så no kan du sitja der nedi Bankok og lura, Agnar. Faren din fant noko som var for dei som reiser og fartar mykje, og då passar det jo bra at du fyller år i morgon, og at du ikkje kjem heim før me har fått pakken avgarde.

Det var også stands som anbefalte oss å dra på reise til Israel, men heldigvis har me vore der. Krig var det også den gongen, for tre år sidan. Og no i dag, på tjuandedagen, som restane av jula skal bort, ser eg på glaskunsten i kjøkenglaset. Kjøpt og laga av kristne palestinarar i Betlehem proklamerer dei Peace on Earth. Eg trur det kan få hengja litt til....


Tuesday, December 30, 2008

Takk for besøket!

Julegjestene har reist sin veg, og et vesle raude huset vårt strevar med å finna igjen balansen. Juletreet står i ro og fred og ingen loppar det for blanke kuler. Ingen brukar julekrybba til racerbane for småbilane sine, og det er heller ingen slosskamp om Jesusbarnet. Pianoet kviler seg, og ingen står på krava for å få rydda oppvaskmaskinen. Berre vaskemaskinen går - og går - og går. Me sit her i eit stille hus og er svært takknemlege for det jula gav oss av glede og samver. Mat og gaver, javel, men slett ikkje berre det: Kyrkjebesøk og Mostebesøk og operabesøk (med innlagt stoor gravemaskin), tur til slottet med skumle gardistar. Tur på isen og ein bitteliten skitur, først inne og så i hagen. Inne var det juletregang og traktorkjøring, billedlotto og Uno og Ticket to Ride. Stor tryllekunst-oppvisning! Gråtass og Elias og Byggmester Bob på video for dei små, og Max Manus på kino for dei store. Samt ikkje lite dataopplæring. Så det me ikkje rakk, som f.eks. førstehjelpsopplæring, det får me heller ta ved hjelp av web-camera. Familiebilde blir vanskeligare å få til, men eg stel vilt til så lenge frå eit felles billedarkiv: