
Friday, March 20, 2009
Sunday, March 08, 2009
Våren i Gamle Drammensvei....................

På eit vis kan ein jo sei at det er lyse utsikter når ein ser ut stoveglaset, men vårfornemmelser gir det ikkje! Det er såvidt råd å åpna terrassedøra på gløtt, men det blir lenge før kaffien kan nytast utandørs. Ikkje rart ein stakkars mann føler seg liten i sin kamp mot naturkreftene. Når ein ser ut kjøkkenvindauga på andre sida av huset, så er det ikkje så mykje trøyst å få der heller. Det einaste måtte vera at naboen ikkje slepp så lettvint unna han heller: Han har to bolighus samt div. små uthus å halda styr på. Eg er glad eg snart skal pakka sandaler og solhatt og dra til varmare land. Men slik det ser ut no så blir det over jonsok før me ser snurten av krokus og påskeliljer her heime!


Sunday, February 08, 2009
Tett inntil dagane........

Dei fleste dagane er kvardagar. Ikkje så spennande akkurat, og nokså like. Handling og middag etter jobb. Middagskvil med avisene, Dagsrevyen med kaffi til, og seinare gjerne ein blanding av PC og TV og kanskje ein telefon. Kapasiteten rekk ofte ikkje lenger.
Men plutseleg kjem det veker som denne, med mange møte med menneske og med skjebner. Opplevelsar i natur og med kultur. Liten jobb-kapasitet kan ha den fordelen at det går an å gå tur i skogen ein vanleg fredag føremiddag når det er godt om plass både på parkeringsplass og i skiløyper. Om noko skal seiast om naturen denne veka, så er han kvit!
Kulturen og kunsten er det ikkje alltid så lett å ta bilde av, men det hender han samlar deler av familien Aasland slik det skjedde i Oslo Rådhus no i veka! Mange myldra rundt og såg på på norsk og tjekkisk kunst, mens kunstnaren sjølv (ei av dei) ser ut til å vera like oppteken av det som ein av dei utanlandske gjestene kalla "the most perfect kind of arts"!
Alle tonane frå Fredagsforums 20-årsjubileum er det heller ikkje godt å ta bilde av, men kaka derimot.... og flittige hender! Eit flott jubileum som varte i minst to dagar og som var prega av så mykje lovsong at dei to "utvandra" pinsevennene me møtte, måtte føla seg rektig heime.
Teaterforestillingen me skulle sjå saman med Torunn og Harald let seg av mange og kompliserte årsaker heller ikkje avbilda. Få ting blei som vertskapet hadde tenkt. Eg vurderte eit innlegg under tittelen Å gjera opp rekneskap utan vert men det blei på alle måtar feil, ettersom vertskapet måtte ta heile rekninga, i alle fall inntil vidare. Så det Knut og Harald studerer her på Grand, er ikkje rekninga, men ei teikning av utvendige trapper til hytta!Kom ikkje her og sei at livet ikkje kan vera variert om ein har fylt seksti!
Dessutan skuldar eg å gjera merksam på at "Tett inntil dagene" er tittelen på ei bok som absolutt er å anbefala, og som handlar om dagar svært ulike mine. Men dagane tilhøyrer ei mor, så det kan passa å minna om det no nett før morsdagen er omme.
Dessutan skuldar eg å gjera merksam på at "Tett inntil dagene" er tittelen på ei bok som absolutt er å anbefala, og som handlar om dagar svært ulike mine. Men dagane tilhøyrer ei mor, så det kan passa å minna om det no nett før morsdagen er omme.
Tuesday, January 27, 2009
Gratulerer med to års dåpsdag for Isak

Tuesday, January 13, 2009
Drømmeferie og feriedrømmer
Me tok turen frå ein trist og skoddetung søndag ute og til eit fargerikt mylder av sommar- og feriedraumar inne på reiselivsmessa på Lillestrøm. Her gjekk Knut Jørgen Ødegaard omtrent i taket i sin "anskuelsesundervisning" om avstandane i verdensrommet, og om fantastiske turar som skulle gå dit, mens andre ivra for ein dagstur til Trøgstad. Knut heldt seg til den første, mens eg fekk med meg eit foredrag om tur Frå kyst til kyst i Amerika. Så no er eg klar, men det blir vel ikkje i år. Det blir derimot Tyrkia-turen, og kanskje den store Europaturen. I alle fall skal det ikkje stå på fargeglad info. Draumane er dessuten gratis.....Eg brukte 20 kr. på eit gammalt nr. av Vagabond, mens gemalen handla der det var demonstrasjon av ymist. Så no kan du sitja der nedi Bankok og lura, Agnar. Faren din fant noko som var for dei som reiser og fartar mykje, og då passar det jo bra at du fyller år i morgon, og at du ikkje kjem heim før me har fått pakken avgarde. Det var også stands som anbefalte oss å dra på reise til Israel, men heldigvis har me vore der. Krig var det også den gongen, for tre år sidan. Og no i dag, på tjuandedagen, som restane av jula skal bort, ser eg på glaskunsten i kjøkenglaset. Kjøpt og laga av kristne palestinarar i Betlehem proklamerer dei Peace on Earth. Eg trur det kan få hengja litt til....

Tuesday, December 30, 2008
Takk for besøket!
Julegjestene har reist sin veg, og et vesle raude huset vårt strevar med å finna igjen balansen. Juletreet står i ro og fred og ingen loppar det for blanke kuler. Ingen brukar julekrybba til racerbane for småbilane sine, og det er heller ingen slosskamp om Jesusbarnet. Pianoet kviler seg, og ingen står på krava for å få rydda oppvaskmaskinen. Berre vaskemaskinen går - og går - og går. Me sit her i eit stille hus og er svært takknemlege for det jula gav oss av glede og samver. Mat og gaver, javel, men slett ikkje berre det: Kyrkjebesøk og Mostebesøk og operabesøk (med innlagt stoor gravemaskin), tur til slottet med skumle gardistar. Tur på isen og ein bitteliten skitur, først inne og så i hagen. Inne var det juletregang og traktorkjøring, billedlotto og Uno og Ticket to Ride. Stor tryllekunst-oppvisning! Gråtass og Elias og Byggmester Bob på video for dei små, og Max Manus på kino for dei store. Samt ikkje lite dataopplæring. Så det me ikkje rakk, som f.eks. førstehjelpsopplæring, det får me heller ta ved hjelp av web-camera. Familiebilde blir vanskeligare å få til, men eg stel vilt til så lenge frå eit felles billedarkiv: Monday, December 29, 2008
Sunday, November 30, 2008
Velkommen til bords - i advent!

Fredag var det fullt hus og stormande jubel her. "Gutteklubben" Wiggo med fruer hadde juleavslutning, så det blei atten velvaksne personar til bords. Alle hadde med mat til ståande buffet på kjøkkenet, og sjølv om dei er kjende for sin gode appetitt så blei det mykje restar til oss, og til å ta med attende. Grei ordning, og godt var det! Men eg visste at det ville bli temmeleg kaotisk underveis, og eg skulle koka ris på ein ny induksjons-komfyr som eg ikkje hadde heilt kontroll på, så bord-bilder måtte takast før gjestene kom. Og her er dei! Koseleg å få dekka skikkeleg med adventsfargar for ein gongs skuld. Og mykje kom til nytte: Her er løparane som eg kjøpte på Husfliden saman med Anne og Randi fjorten dagar tidlegare, den kvite damaskduken med isbjørnmønster høyrer til arven frå Mælum, mens mor kom med dei hekla serviett-ringane som mange bemerka. Serviset fekk me i forlovelsespresang (!) frå bestemor, og Telesølvet og lysestaken fekk me i bryllupspresangar vestfrå. Englane derimot er berre tre dagar gamle, og dei kom med Aud og Jens frå Luster som var på koseleg overnattingsbesøk tidlegare i veka.
Mosto gav oss pengar og me kjøpte stettglas i krystall til Inge sin konfirmasjon. Blomar til begge borda er kjøpte hos dei som denne veka fekk årets service-pris i Asker, nemleg Asker Blomster.Me har ikkje kvit damaskduk til det store bordet, men pytt, me gjer som me har gjort før: To pene arva overlaken med brodert monogram gjer same nytta. Her får eg også brukt dei nye små krystallfigurane som eg kjøpte i Budapest for ein månad sidan. Krystallvasen er avskjedsgåva som Knut fekk då han slutta på Kvitsund. Tallerkane er arva frå Mælum (eller var det Eie?). Telyshaldarane fekk eg av Randi H. til 50-årsdagen, mens den store vasen eg fekk av Kvitsundgjengen ved same høve, blei fylt med flotte roser som Carl Otto kom med. Stemningen var god og me er takknemlege til alle som kom og gav oss ein god start på adventstida.
Først i dag tende me det første lyset og fekk med oss ei flott familiemesse der det var barnekoret som med sin nyskrivne musikal heldt preika, og dei fekk tydeleg fram kven det var me venta på. GOD ADVENT!
Sunday, November 16, 2008
Ytterpunkt

Livet går sin vei, mykje på det jevne, og det hender eg tenkjer at det ikkje skjer så mykje. Men av og til ser eg yttepunkta som gjer at livet blir spennande og interessant. Frå at eg den eine helga beveger meg på dei store høgdene ved Donau med utsikt over den vakre byen Budapest. Klasssisk konsert og båttur på samme Donau med middag og musikk i nattemørket. 

Til at eg neste helg bokstaveleg talt ligg nede i snøføyka for å få litt orden på terassen på hytta.
Den eine kvelden er eg på datakurs og føler me dummare enn på svært lenge, mens eg neste morgon har ansvaret for eit tilsvarande sjølv. Det var i grunnen meir moro, men ein utfordring likevel.
Og i kveld har me testa bursdagspresang frå Per Helge. Prøvd å få liv i Mini-Anne, men eg trur me må ha eit intensiv-kurs i jula.
Elles lurer eg jo på om eg skal blogga noko meir. Syns det er skralt med responsen etterkvart. Men kanskje har vore litt sløv sjølv også.
Sunday, October 26, 2008
Vi lever - bra, til og med!
Det er så lenge sidan sist at eg må få inn eit livsteikn. På mange måtar betyr det berre at det har vore mykje som hendt og gjort livet litt travelt. Men det er også godt! Sender nokre små glimt.
I oppramsingsmodus: To syttiårsdagar, dobbel sekstiårsfeiring, sørlandstur og vestlandstur og Telemarkstur. Forsøk på terassebygging på hytta, litteraturseminar og fotobehandlingskurs. Det siste er eg nettopp begynt på, så me får sjå om det gir resultater.

Men mest har eg vore hekta på å lesa meg opp på litteratur frå Vietnam, Burma, Pakistan og India. Dette blei igjen presentert på ein mangfoldig litteraturkveld på biblioteket. Det var arbeidskrevande, men uhyre givande og interessant! Litt får eg brukt om igjen i menighetssamanheng.
I oppramsingsmodus: To syttiårsdagar, dobbel sekstiårsfeiring, sørlandstur og vestlandstur og Telemarkstur. Forsøk på terassebygging på hytta, litteraturseminar og fotobehandlingskurs. Det siste er eg nettopp begynt på, så me får sjå om det gir resultater.

Men mest har eg vore hekta på å lesa meg opp på litteratur frå Vietnam, Burma, Pakistan og India. Dette blei igjen presentert på ein mangfoldig litteraturkveld på biblioteket. Det var arbeidskrevande, men uhyre givande og interessant! Litt får eg brukt om igjen i menighetssamanheng.

Sist, men ikkje minst har me no i helga hatt besøk av Agnar og David som har sjarmert både besteforeldre og mosto sønder og saman. Ved Tveter gård måtte far og son halda seg unna alle dei flotte hestane. På sjukeheimen gjorde han eit dykk ned i planter med vatn og steinar og fekk farfar til å råkjøra han med rullator i korridorane. Han likte seg godt på Lille Tøyen, og mosto syns det var stas å få besøk.
Tuesday, August 19, 2008
I potetåkeren på Skaugum
Søndag tok me turen over til kronprinsen sin bondegård. Me plukka poteter og kjøpte grønnsaker, og no har me smaka på det meste. Det var såkalla Åpen gård der alle som hadde lyst kunne komma. Og dei kom! Det var store flokkar med barnefamiliar som skulle sjå på dyr og høyra Knut Risan fortelja eventyr. Samt mange andre. Me var så heldige at me kom i snakk med "sjefen sjøl", altså ikkje kronprinsen, men gardsstyraren som hadde jobba der i over 40 år. No hadde han, saman med to andre, ansvaret for dyrking av 1200 mål jord. Men til dette Åpen gård-arrangementet hadde han hjelp av 60-70 frivillige.
Monday, August 11, 2008
"Porgy and Bess" og brødrene Aasland
Harald fyller 70, og bursdagspresangen denne gongen var billettar til premieren på "Porgy and Bess" på Operaen, samt lunsj (eller var det middag?) på Operaen, saman med alle brødrene og svigerinnene. Og sjelden har har vel ei gåve falle så i smak både hos den som fekk og dei som gav!
Forestillingen og musikk-opplevelsen var berre fantastisk. Heldigvis er dei fleste kritikarar enige med oss i dagens aviser.
Men bestemmelsen om å reisa kollektivt skulle visa seg å føra mange og lange komplikasjoner med seg. Godt me hadde hatt eit solid måltid tidleg på dag, for det skulle bli lenge før me kom oss heim til reker og loff og kaffe og kaker. Men moro var det lell!
Sunday, August 03, 2008
Ferien er over.........
Ikkje dei heilt store krumspringa i år, men inntrykka kan bli mange likevel. Står fast ved det eg tidlegare har sagt: For å vera vellykka skal ein ferie gi påfyll når det gjeld natur, kultur og fellesskap. Det har blitt mykje av et første og det siste no i sommar. Når det gjeld kulturen måtte eg tenkja meg litt om. Men jo, eg har fått med meg museer, kunstutstillingar, konsert og kino, samt ein del som ligg i grenselandet til kultur. F.eks. tur med "Skibladner" på Mjøsa, og på Telemarkskanalen med "Henrik Ibsen". Olsokmesse i Eidsborg Stavkyrkje. Besøk på Gustavsberg, Sveriges første badested, og, ikkje minst, overnatting på det fantastiske "Skattkammeret" i Lårdal.
Og enno har eg ikkje nevnt god mat og godt lesestoff, varme bad i sjø og vatn, samt tre strålande barnebarn!
Count your blessings, seier eg no berre!
Og enno har eg ikkje nevnt god mat og godt lesestoff, varme bad i sjø og vatn, samt tre strålande barnebarn!
Count your blessings, seier eg no berre!
Sunday, June 08, 2008
Bursdagsfeiring i juni
Dei fleste som fyller 62 syns dei har alt dei treng, men slik var det ikkje med herren her i huset i år. Han ønska seg å feira dagen med å gå på Stunt Show på Føyka. Det var visst topp for han og for mange fedre og søner. Det var veldig langt mellom bestemødrene......... Enormt med røyk, motorbrøl, vanvittig kjøring og forbruk av drivstoff, spør du meg. Men bursdagsbarnet var altså fornøgd, og då så! Han fekk også noko anna han ønska seg, nemleg gavekort på tur med Skibladner på Mjøsa. Den turen går om to veker.
Bløtkake blei det ikkje saman med Leif Gustav og Anne Lise på piknik ved sjøen i går heller, men kyllingsalat, hermetiske kirsebær med vaniljesaus og wienerbrød til kaffien. Ideelt i 30 graders varme. Fullt så bra var det ikkje i dag. Då bles det så enormt at etter ein time måtte me heim og varma oss.
I dag ville me helst vore i Stavanger og feirt Per Helge med kanotur og grill, men me forstår at den saken tar familien Urstad seg av, og så får me misunna dei av eit godt hjarte. På same måten som me misunner familien Haaland som fekk vera med å kjøra inn den nye grillen til Kariann då ho feira sin dag sist søndag.
Akk ja, slik går det når me buset oss så usentralt (!), men snart er det ferie, og då dukkar me kanskje opp både her og der.
Saturday, May 17, 2008
Hurra for 17.mai!
Slik starta dagen i Åsgrend til vår store overraskelse!
De har vel høyrt om gedigne 17.mai-frukostar? Vår hyttevariant var mildt sagt enkel og i farta.
Men kva gjorde vel det når neste måltid såg slik ut? Då hadde me reist gjennom Telemark i alle slags ver og havna i Asker og hos familien Hagemo som har har invitert til slike 17.mai-lunsjar i 15 år. Dette var første året som me måtte sitja inne, men det er utruleg kor mange det er plass til når hjarterommet er stort. Og takk for det!
Sunday, May 04, 2008
"Vi over 60"
Inne og ute var det godt å vera. Me fekk til og med med oss ein tur på hytta på Skaret. Vassa i snø med bacalao som heldt på å havna i snøfonna. Om kvelden fekk me diskutert nokre av livets store spørsmål - og mange små! Dersom det har komme nye synspunkt til så er det berre å melda frå så skal det bli notert som eigne punkt på livs- og pensjonists-meistringslista. Me er vel litt betre rusta no eller kva? Heimearbeidet må me gjera kvar for oss.
Handleturane var eit kapittel for seg. Smykker og toppar og lys og bordpynt av ymist slag. Til og med ein bordløpar berre "måtte" Ellen ha. Passa han bra?
Sunday, April 27, 2008
April-smil i hovudstaden
Eg gjekk åleine gjennom sentrumsgatene her om dagen og gav meg tid til å sjå på folk rundt meg. Det var mange som smilte! Den første var ei ung jente med lange fletter som gjekk åleine og smilte strålande mens ho snakka i telefonen. Tydeleg fellesskap. Så ein ung pappa som smilte til sitt vesle barn. Eit smil som varte, og som tyda på kjærlighet og stolthet. Forte og ivrige smil over kafeborda på uterestaurantane. Dei absolutt meir avmålte smila som folk sende seg sjølv i spegelen på toalettet, og dei høflege inne på butikkane: "Kan eg hjelpa deg med noko?" Så blei det ein periode på Karl Johan der eg berre såg tiggarkoppane, og der dei som sat der hadde gøymt ansiktet sitt, anten i store skjerf eller i hendene. Antakeleg venta dei ikkje på å få smil heller. Noko av det verste er nok å bli betrakta som ikkje-personar og berre bli sett forbi, rakk eg å tenkja før det kom ei opp på sida av meg og smilte, høfleg og forventningsfull, men bak smilet såg eg smerte og angst og kanskje også skam: Kunne du tenkja deg å kjøpa eit nummer av Erlik Oslo? Og forsvarsverket som sprakk ei lita stund då ho forstod at ho fekk dobbel pris fordi ho ikkje hadde vekslepengar (og kanskje fordi eg hadde opparbeidd meg dårleg samvittighet).
I dag har vi også hatt ein tur i byen og sett på dei som smilte, og dersom eg skulle vore representert med eit smil her og no, så skulle det vore oppe på Operataket. Veret var grått og surt, men oppe på taket krydde det av folk. Det er storslagent turterreng og utsikt for dei som vil prøva seg! Inne i inngangshallen var det også fullt av folk som gledde seg over flott og fargerik song av barnekor, samt dans frå alle verdens hjørner. Trur det hadde noko med Mangfoldsåret å gjera. Me såg både bømlingar og Askerfolk, men ingen me kjende godt nok til å smila til dei. Me henta åtte operabilletter til Porgy and Bess som me skal sjå i august. Fire brødre Aasland (den eine fyller 70) med fruer. Til saman har me vore gifte i meir enn hundre år! Me gler oss til august!
I dag har vi også hatt ein tur i byen og sett på dei som smilte, og dersom eg skulle vore representert med eit smil her og no, så skulle det vore oppe på Operataket. Veret var grått og surt, men oppe på taket krydde det av folk. Det er storslagent turterreng og utsikt for dei som vil prøva seg! Inne i inngangshallen var det også fullt av folk som gledde seg over flott og fargerik song av barnekor, samt dans frå alle verdens hjørner. Trur det hadde noko med Mangfoldsåret å gjera. Me såg både bømlingar og Askerfolk, men ingen me kjende godt nok til å smila til dei. Me henta åtte operabilletter til Porgy and Bess som me skal sjå i august. Fire brødre Aasland (den eine fyller 70) med fruer. Til saman har me vore gifte i meir enn hundre år! Me gler oss til august!
Sunday, April 06, 2008
David 1 år i dag!
Me kom ikkje i bursdagsbesøk i dag, men han briljerte med alle sine kunster for få veker sidan då me var på påskebesøk. De ser han i bildeshowet til høgre.
Subscribe to:
Posts (Atom)







.jpg)


.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)

.jpg)



