Men på andre sida av hytta kan ein tydeleg sjå at vinteren nærmar seg. Me klypte krydderurtene og la dei inn på stovebordet til frysetørking. Men det var kanskje ikkje særleg proft? Me rakk også med eit nødskrik å få tøme sisterna. Vatnet var frose om morgonen 10.nov, men tinte såpass at me fekk det ut. Godt å tenkja på at me ikkje har innlagt vatn som kan frysa om vinteren, eller straum som kostar anten me brukar han eller ikkje!Er det surt ute i november, så kan ein finne varme og trivsel inne. Me fekk besøk av ein heil liten koloni med slekt frå Vestlandet, og då gjekk det med ein del kaffe og kaker. I tillegg såg me musikalen An-Magritt på Det norske teateret, og ein spesiell viltmiddag på Cholate(?) der sjokolade var med i alle rettane. Bl.a. var det ruccola-salat med raspa sjokolade til forrett!







