Sunday, June 17, 2007

Gylne øyeblikk

Det er akkurat ein månad sidan 17.mai, og i desse fire vekene har det vore så tett med gylne øyeblikk med natur, kultur og fellesskap, at det er vanskeleg å komprimera. Så det får bli litt av kvart, herifrå og derifrå. Først to naturbilde, tekne med ei vekes mellomrom.
Suleskar pinseafta, på veg til Per Helge og Elisabeth i Stavanger - og Tvetersetra som høyrer til turområda våre her i Asker. Randi tok oss med hit.



Kulturen blir representert ved Hans Nielsens Hauge sin barndomsheim i Rolfsøy. Dit gjekk turen med seniorane i Asker menighet 5.juni. Motstykket blir Brandenburger Tor frå besøket i Berlin nokre dagar seinare.






Fellesskap kan gi seg så mange utslag: Kjell prøver å forklara uvitande venner om korleis sølvløken skal plantast og stellast

Magnhild og eg var på vår første søstertur sist helg. Mellom anna me koste oss med kaffi og is ved elva Spre, og med Berlinerdomen i bakgrunnen. Me var også inni kyrkja på gudsteneste, og det var ein stor opplevelse.


Og enno har eg ikkje nevnt 17.mai-fellesskapet, jubileumsfesten på Kvitsund, pinsegudstenesta i Stavanger domkirke og, ikkje minst, fellesskapet ved gravferda til tante Petra.

Tuesday, June 12, 2007

Ved tante Petra si båre

Bindestreken

Ein mann tala ved båra til ein ven.
Han tala om årstala som skulle stå på gravstøtta:
Først skulle fødselsdatoen stå,
og så ein aller siste dato.
Men, sa han, viktigast av alt
var bindestreken,
eller det vesle til som kom mellom åra
1922-2007

Denne bindestreken var nemleg den tida
venen hadde fått på jorda.
Og no var det berre dei som heldt av han
som visste kva denne bindestreken er verdt.
Bilen, huset, pengane
betydde ingenting.
Derimot korleis han levde og elska
og brukte sin vesle bindestrek.

------------

Tenk på dette, alvorleg og lenge:
Er det noko du vil endra?
Du veit aldri kor mykje tid du har igjen,
og som du er herre over.
La oss roa oss ned såpass
at vi ser kva som er sant og ekte.
Prøva å forstå
korleis andre menneske har det.

La oss ikkje la sinnet få så stort rom,
men la takksemda desto større plass.
La oss bry oss om våre næraste
slik vi aldri har gjort det før.
La oss møta kvarandre med respekt,
og gjerne med eit smil.
Alt mens vi hugsar at den vesle bindestreken vår
ikkje varer så lenge.

Måtte vi så, når våre vita blir lesne opp
og vårt livsløp er omme,
vera stolte over det som då skal seiast
om korleis vi, du og eg,
brukte vår vesle bindestrek

Lese ved båreandakten. Fritt omsett etter amerikansk tekst.

Monday, May 14, 2007

Fest for og med gamle venner!


Vi festar stadig vidare, og denne gongen var det Jan som hadde sin store dag. Saman med Marit og fire flotte barn var Jan eit godt vertskap på menighetshuset på Nesodden.

Som de ser av bildet her, var det dekka til mange gjester. Mange var ukjente, andre såg me for første gong etter 30 år, så det var godt å finna gamle venner som Terje og Hans. Dei har også feira stort det siste året.
Programmet var godt og allsidig. Ikkje minst då Jan kom fram med dagboksnotatane som faren hadde gjort seg den dagen(og dagen etter) at Jan blei fødd. Maten var godt, og kakebordet berre fantastisk! Det var Marit som hadde pynta alle dei elleve kakene.


Saturday, May 05, 2007

Gleder som livet gir

Det hender eg tenkjer på kva som gir livet glede. Slik også denne siste veka. Om ein ferie tenkjer eg ofte at den er god dersom eg har opplevd natur, kultur og fellesskap med andre menneske, fordi det er dette som gir livet verdi. Så kan definisjonen ofte bli litt romsleg. Dagen i dag begynte med at eg bestilte teaterbillettar; "Markens grøde" til oss sjølve og "Til døden skiller oss ad.." som bursdagspresang til Jan (og Marit og oss her i huset) Han skal me feira neste laurdag. Sist veke var det Arve og hans Marit me tok med på "Spelemann på taket". Hans sekstiårspresang, og ein fantastisk forestilling! Dette er ein god kombinasjon av kultur og fellesskap med venner. Sist søndag hadde me ein god kombinasjon av natur og vennskap. Då sat me i time etter time i ro og god drøs ved den wendelske stranda i Holtevika i Kviteseid. Åsa og Olav sat med. Ingen hadde travelt, og veret og naturen var flott. Ein gyllen time eller to. Mange gamle kjente slo også av ein prat på vegen ut dit. (Eit lite skår i gleda er det naturlegvis å sjå kor flott dei har fått det dei som har bygd der me fyrst rydda oss hyttetomt!)

Og jammen slo Åsa til med middag for sju på 1.mai, og det i eige hus. Kjøpt etter å ha budd det inn i snart tjue år. Godt for oss at det fins bufaste med åpne dørar på Kvitsund. Me gler oss til din store fest i juni, Olav! Knut lurer på om han rekk å vaske og stryke bunadsskjorta mellom alle festhelgane. For øyeblikket kavar han med ni (!) skjorter som skal strykast, og ber meg helsa at han ynskjer seg tilbake til den strykefrie perioden.....

Elles har det gått mykje i natur i dag. Hagestell med plantekjøp og planting, samt hausting av den fyrste rabarbraen. Det blei både suppe og dessert. Øvst på sida ser de litt av planteresultatet. Me gløymde å spørja kva desse blomane heitte. Hadde ikkje hatt dei før. Kan nokon hjelpa oss med det? (Dobbeltklikk på bildet så får du det større). Elles er det fint å få innspill om gleder. Kanskje du kan prøva deg på det, Ellen Katrine? Er ikkje sikker på kor barnebarn skal kategoriserast, men du må gjerne bringa dei på banen. Og Åsa, over til kulturen: Kva var det ho heitte, den boka du anbefalte der ved stranda?

Ps. Ei ekstra uventa glede å bli med på samtalegudsteneste med Kviteseidkonfirmantane. Verd ei ekstra omtale, men det må bli ein annan gong!

Pps. Litt barnebarn må eg ha med. Dersom lukka står meg bi så vil du her finna ein liten filmsnutt med Marte som deltar på Kyrkjelydshuset i Førde. Innslag på Vestlandsrevyen 2.mai

Saturday, April 07, 2007

Velkommen til verda!

Fredags morgonen skulle me til Mandal og hjelpa Agnar og Johanna og venta, men før me kom så langt, melde vesle David sin ankomst. Frdag morgon kl. 10.07 såg han dagens lys på Sørlandet sykehus, Me fekk møta han same kveld; det mest nyfødde me har sett sidan me våre eigne. Me syns bestemt han liknar faren sin frå unge år. Her er nokre glimt frå Davids aller første dag på jorda:





Tuesday, March 20, 2007

"Let my people go"



Du ser ikkje akkurat ut som ein slave her, Per Helge, men det var absolutt deg og Thorleif som var "tvangssendt" i solbærbuskane me kom på då me i kveld såg ein fantastisk musical med stoff frå utvandringa frå Egypt. Både de og KG-koret i kveld song "Let my people go" for å sleppa unna. Elles var nok forestillingane ulike. Det me var vitne til i Filadelphia i kveld tok for seg heile utvandringa av Egypt. Handlinga kjende me frå bibelsoga, men alle dei vanvittige krumspringa rundt, hadde dei sjølv laga til stor moro for dei på scenen og dei i salen. Flott musikk og song og dans, så her skulle du nok vore, Per Helge , så kunne du fått gjensyn med gamle tider.

Og for oss: Det er utruleg kva ein kan oppleva på ein vanleg tirsdag!

Dette er under avslutningsaklamasjonen, etter at alle hebrearane har komme seg velberga gjennom det Røde hav, mens egyptarane ligg begravd i bølgene rett bak!

PS. Forestillingen fekk ein seksar i Aftenposten Aften i dag, onsdag, og blir omtalt som Miraklet i St. Olavs gate!

Wednesday, February 28, 2007

Offentleg gåvebord


Den store festen til kongen er over, men det fins gåve"bord" som blir rydda seinare enn andre, og så fins det folk som dagleg får tilgang til desse gåveborda. Knut er ein av dei.

Monday, February 26, 2007

Velkommen til Aasbu!

Det var trygt å hengja opp det nye flotte skiltet (bursdagsgåve til Knut frå Torunn og Harald F.) på hytteveggen, for deretter å forlata hytta ulåst for resten av dagen. Me var rimeleg sikre på at ingen kom til å forvilla seg i nærleiken. Då me kom fram på fredagskvelden måtte me vassa i over ein halv meter med nysnø utan eit einaste spor. Inne i hytta var det åtte minusgrader og me var våte og kalde. Men i løpet av to timar steig temperaturen med 30 grader, så me kunne setja oss ned og eta. Men først måtte me varma tallerkar og bestikk på ovnen. Me hadde ski på biltaket, og der fekk dei liggja i fred. Me heldt oss innadørs og såg på snøen som lava ned. Neste morgon var den møysommeleg oppgådde stien snøa igjen, så kanskje me er for gamle til detta livet? I alle fall kom me oss til Kviteseid for å drikka kaffi med Ranheim på laurdagen, samt nyta den gamle utsikten vår mot Roholdt. Søndagen inviterte Hadle til Knoke med suppe på, og den var rektig god. Samla oss krefter til ein heimtur i ufse ver og to bilulukker på rimeleg nært hald. Godt å komma heim i trygg behold, og sikra oss at Per Helge og Elisabeth hadde komme seg velberga frå biltur til Sørlandet, og at Agnar og Johanna er ved rimeleg godt mot etter mykje og strabasiøst ver og føre. (Johanna datt to gonger på veg ned til Hald! Kanskje du er blitt så rund at du trillar, Johanna?) I Bergen var det sol og utedrikkekaffiver, mens det heime hos far var regnver og ver til biltur rundt Siggjo, og til middagsbesøk på Innvær (flott at de prøver å halda liv i huset, Jan Gustav). På Innvær blei det servert mat som måtte pakkast inn (taco?), mens far fekk det ferdig innpakka. Korleis forholda er i Førde veit me ingenting, så det er kanskje best me tar ein telefon, og det blir ikkje den trådlause, for den er det berre bråk i. Men den svarte kameraten er kommen opp frå kjellaren, så me får prøva om den oppnår kontakt. Det er ikkje alltid så lett å få det til Førde, forresten.

Monday, February 19, 2007

Forskjell på folk!




Knut har fått vinterferie, og plutseleg var han på Rally-VM! Slik kan det gå når sonen har komme til å tenkja på at det snart (om 20-30 år eller så) kan det bli hans tur til å bli invitert med, og her gjeld det å gå føre med eit godt eksempel. Så dermed reiste dei og Johanna til Elverum, der ho blei sett av hos broren sin, mens dei stod langs løypa og såg og høyrde brødrene Solberg fara forbi. Moro var det visst! Og framleis ferierer han.
Mens eg må streva med lånarar, og ikkje minst med bloggar. Har laga to på jobb, og dei er ikkje alltid like samarbeidsvillige. Kikk innom:

Tuesday, January 30, 2007

Sorg og glede


Før me hadde fått pakka opp festtøyet frå barnedåpen i Førde kom meldinga om at onkel Bigg sine dagar var til ende. 88 gode år fekk han, men så var det plutseleg slutt. Eit ublidt møte med ein bil som kom imot på glatta sende han på sjukehuset, og så, etter to dagar, ville ikkje hjarta hans meir. Me er glad for alle smil og alle kaffekoppar me fekk dela.

Samtidig får me feira nye generasjonar. På søndag blei Isak døypt i Førde kyrkje, og familie og venner hadde gjort tapre forsøk på å ta seg fram med private og offentlege kommunikasjoner.
Det kan forteljast mange historiar om dette. Kanskje Per Helge har noko om det på sin blogg. I ein periode mens han venta på flyet var flyplassane stengt både på Sola, Flesland, Vernes og Gardemoen, så det tok si tid å komma sine vegar. Andre kom fram, men havna rett på sjukehus! Likevel blei det tilslutt fest og glede. Det var dåpsgudsteneste med ni barn som blei døpt og som opplot sine røster, også Isak(sjå biletet!) som var sist i rekka. Me fekk vera med både som besteforeldre og fadrar. Me koste oss bååde med Isak og Marte som taklar sin rolle som storesyster rektig bra.
Mandags morgon pakka me dåpskjole og vogge inn i Subaru'en og kjørte over Filefjell, klar til å ta imot eit nytt barnebarn lenger sør i landet. Det er ikkje dumt å vera reisande i besteforeldreri!
Stas å få stilla tre generasjonar Aasland opp på rekke.

Friday, January 12, 2007

Agnes og Agnar - samt andre bursdagar

I dag, 12.jan. 2007, ville det ha vore mor Agnes sin 90-årsdag om ho hadde fått leva. Ho fekk berre feira ei jul med barnebarn. Her er ho med Agnar på fanget jula 1975. Agnar fekk namn etter henne så godt me fekk det til (godt me ikkje venta til me fekk ei jente!), og han har bursdag berre to dagar etter henne. Så på søndag fyller han 32, og det får han feira heime på Sørlandet, sjølv om det slett ikkje var meininga. Me gratulerer på forhånd! Det er fleire me har feira og gratulert på forhånd dei siste vekene. Det har ikkje akkurat vore landliggje på oss sjølv om jula var over. Førstemann som feira stort var Oddbjørn i Oppdal. Me var av dei heldige som saman med mykje familie og venner fekk vera med på stor fest på misjonsssenteret på Oppdal. På bildet kan de sjå barnebarnet Silje plassera krona på heidersgjesten. Me er stolte og glade over å kjenna deg, Oddbjørn, og etter å ha høyrt alle dei flotte og personlege og morsomme talane, skjønar me at du har vore og er til glede for svært mange. Ikkje minst for dine eigne som me hadde gleda av å treffa også dagen etter. Det er koseleg med dei gamle Kvitsundvennene som me levde så nær i ei spesiell tid.
Turen opp og ned for oss gjekk med tog, og spesiell turen oppover var fantastisk med sol over kvite fjell og vidder. Ei glede etter all den grøne vinteren. Kvitt var det også på Haukeli då me kjørte der til neste 60-årsdag helga etter.
Randi er den første av fem barndoms(ungdoms)veninner som i år skal fylle 60. Tilsaman har vi fem fjorten søner og ingen døtre, og Randi sine tre bidrog sterkt til ein kjempefest på bedehuset (grendehuset?) på Innvær. Det var fint dekka til rundt tredve gjester og alt gjekk lenge etter planen. Men på eit punkt kom ting litt ut av (Randi sin) kontroll. Minstemann Per tala til mor si og fortalde kor glad han var i henne, men minst like mykje i ei anna. Deretter gjekk han ned på kne og fridde til jenta han hadde med seg!! Sjelden har vel eit frieri hatt stort publikum. Men ho sa Ja! Takk for fin dag, Randi, sjølv om du kom litt i skuggen i ein periode av selskapet!

Monday, January 01, 2007

Godt nytt år og takk for fantastiske julegleder(?)!

Korleis gjer eg for å halda liv i så mange som råd, skal tru?

Sunday, December 31, 2006

O jul med din glede

Dette blir jula i bilder hos familien Aasland med stort og smått. Åtte vaksne og to små. Det var naturleg nok dei små som blei hovedpersonane.



Det blei pakkar og juletregang,mat og familiebesøk, pianospel og brettspel, sjukeheimsbesøk, og passe dosar matlaging, oppvask og støvsuging.

Men kva gjer vel det når ein har så gode assistentar!
Opptil fleire av familien fann vegen til kyrkja både julafta og første juledag. Mellom dei var Marte. 1.juledag fekk ho gå med farfar opp til altaret for å ofra i kollekten. Den vesle dama i rosa duffel og farfar så stolt som ein hane fekk mange blikk, og etterpå kom kommentarane til farfaren frå fleire andre kyrkjegjengarar: "Du var så pen i dag! Stoltheten og kjærleiken til barnebarnet gav deg så flott glød i ansiktet!"
Slik er det med kjærleik, og slik er det med barnebarn. Slik var det med den jula som gjorde oss gladare inni og kanskje til og med litt vakrare utanpå.

Tuesday, December 05, 2006

Adventsstaken - og sirupsspekulasier(?)

Her er adventsstaken som absolutt ikkje ville la seg kopiera inn i forrige innlegg.
Sidan sist har broren min vore her og kalla sirupssnippane for spekulasier, og då blir det alltid eit lite glimt av gamle tider og barndommen då ingen hos oss hadde høyrt noko anna namn på desse julekakene.
I dag er det vørterbrøda som luktar godt frå kjøkkenet. Laga mor det, skal tru?

Friday, December 01, 2006

ADVENT - Same procedure ........


Det er så lett å tenkja at me ikkje har så mange tradisjonar me som flyttar omkring og ikkje har slekta her til å halda oss i øyrene. Men no som jula nærmar seg ser eg at det er jo eit og anna likevel. Først måtte eg henta fram adventsstaken som eg no har tent ljos i for omtrent førtiande gong. Den kjøpte eg for "eigne" pengar den første hausten eg var i arbeid i Tysvær. Lysmansjettane er frå ei julemesse på Kvitsund cirka 20 år seinare, og dei hanglar litt no.

Adventsstjerna er frå Panduroperioden omtrent på samme tida. Den er av tynt tremateriale, og eg har bekymra meg for brannfaren i alle desse åra, men eg vil nødig slå av lyset om natta. (Knut trøystar med at det er berre 15 watt, og det er visst for lite til å ta fyr!) Den sjuarma lysestaken i kjøkenglaset har me berre hatt i ti år. Før den var det onkel David sin, og me set set ekstra pris på å ha hans helsing som følgjer med i øskja. Så den staken må me ha fram!


I snart tjue år har eg baka sirupssnippar etter samme oppskrift; nemleg frå kokeboka som eg fekk av Suvatne til 40-årsdagen. I like mange år har eg gløymt at oppskrifta er altfor stor. Trur det blei elleve eller tolv brett! Men eg syns i alle fall at dei er gode, og så mykje fleire småkaker blir det vel ikkje.
Ein av dei nyaste tradisjonane er besøket i "Sareptas krukke" den første helga i advent. Eit av uthusa til Asker prestegård er gjort om til salgsbod for Sidsel som lagar særeigne keramikkenglar og mykje anna av beste klasse. Sarepas krukke er vel verdt eit besøk, ikkje minst når me veit at presten og hans kjøkkenskrivarar serverer kaffe og kringle inne i dei trivelege stovene. Kanskje hovedgrunnen til at Knut blir med på keramikk-kjøp.

Litt nytt for året bør det også vera. Turen til Israel i haust er ein av grunnane til at me i kveld såg den nye filmen Veien til Betlehem. Den var kjempefin. Boka Barnet og byen; en bok om Betlehem(av biskop Kvarme) er tenkt som adventslektyre. Og heilt ny julepynt innkjøpt i Betlehem, ligg i kartongane sine og ventar på å bli teken i bruk. Så jo, det er godt med tradisjonar, både dei gamle og dei heilt nye!

Nemnde eg forresten juleposten? Striemappa heng på plass på kjøkkenet og ventar på å få helsingar frå gamle og nye venner. Så kva ventar de på, folkens?

Thursday, November 23, 2006

Hurra for Marte 2 år!


Hei Marte! Gratulerer med dagen. No har eg nettopp sett bilde av deg og Isak i avisa. Det var mange som hadde bursdag i dag. Har du hugsa dei hemmelege pakkane som eg og du gøymde i skapet nede i kjellaren sist farmor var på besøk? To av dei kunne du ta opp i dag, mens den største må venta til jul. Kanskje du har gjester og gode kaker også? Farmor ville gjerne komme og smakt, så slapp ho å sitja her heime og eta fiskesuppe heilt åleine fordi farfar er ute og leikar med gutevennene sine. Ha ein fin dag!

Forresten stod det bilde av ein heilt ny tremenning i Veslebladet(VTB) i dag. Det var vesle Eirik som hadde komme til Synne og Odd på Møsstrond. Vi gratulerer dei også!

Tuesday, November 14, 2006

Nytt novemberbarn!

Aaslandsfamilien aukar. Ei lita jente kom til Kari og Bjarte i går, og her har Isak blitt storebror. Får han også snart ei kusine/ein fetter skal tru?

Wednesday, November 08, 2006

Dette er Isak og Marte!



Slik såg han ut første gongen me såg han på sykehuset i Førde. Me sette oss på eit Widerøe-fly rett vest i tåkehavet og landa der etter tredje (og siste?) forsøk søndag ettermiddag. Marte og Inge venta oss ved sjukehuset og tok oss rett opp for å sjå "broren" eller Isak som Marte alt har lært seg å sei. Ho var ei omsorgsfull og kjærleg, men også litt tapper storesøster. Mor og baby var i forbausande god form, så måndag kveld kom dei heim til Rennekleiva, og alt tysdag føremiddag var vi alle ute på tur med ny tvillingvognMarte var tillitsfull med ein gong og let farmor både stella og leggja seg, berre ho hadde "bille på sig!" Det var fint å treffa dei alle, og no gler oss berre til både dei og dei andre kjem til jul.

Thursday, November 02, 2006

Sonesonen kom i dag!

Vi venta lenge, men i dag kom guten til Kariann og Inge i Førde. 51 cm og 3850 g. Det var tøft for Kariann, men me trur ho får godt stell på sjukehuset, så ho kan komma seg litt til hektene før ho kjem heim. Me takkar for innsatsen og gler oss til å sjå vedunderet!