Saturday, August 05, 2006

Innflytting i Mandal

Tirsdag morgon kl. 9.00 var me i full gang med å lempa alle sakene til Johanna og Agnar frå flyttebilen og inn i det (nesten heilt) nye huset deira i Mandal. Avbrutt av intense regnbyger, men Agnar og svigermor rakk å hiva seg i flyttebilen attende til Stavanger og få levert den i tide. Agnar rakk også toget tilbake og kom omtrent med dei første verflyktningane. Inge og Kariann og Marte sat under eit tre i parken i Kristiansand i pøsregn og grua seg for å slå opp telt for natta. Dermed havna dei også i Mandal, og det trur eg dei var glad for når dei såg det enorme lyn- og tordenveret som blei den natta. Så fekk dei også bli med i komiteen som skulle montera nye møblar og vaska opp og rydda ut av kartongar. Og sim-sala-bim så var masse kartongar og eit tomt hus blitt til ein heim!

Friday, August 04, 2006

Storfamilien Aasland

For 21.gong samla fire brødre Aasland (nesten) alle sine etterkommarar til ei helg på slektsgarden Åsland i Bamble. Alt var som det skulle vera: Stor feiring av 70-årsdag, 60-årsdag, tre førtiårsdagar, ein tredveåring osv. osv. Bading med eit overhendig regnver og grilling og kubbespel. Nytt av året: Kultur- og natursti, samt vandring til ei nedlagt gruve. Og skrekk og gru: Det året utedoen var borte gjekk kjelda tom, så nærare 30 stod uten vatn og do! Men Forresteren fekk kjøra vassfrakt seint på kveld og tidleg morgon, så tannpuss og kaffivatn blei redda. Overnattingskapasiteten blei i år pressa til ei yttergrense, og når tre nye er på veg inn i familien mens seks ikkje kunne komma i år, så kan det sjå ut til at dette er siste året vi kan møtast på denne måten. Ein flott innsats av Lars og Heidi som har halde huset ope for oss i alle desse åra!

Wednesday, July 19, 2006

Ferie!

Hittil har vi feriert i utlandet og Vestlandet, til fjells og på vatnet. Bildene er frå gamlebyen i Lübeck og den store nye brua frå Sverige til Danmark.
Det har vore ferien uten internett, men med sandalar og shorts. Kjempefin 60-årsdag i Wendels hage,fantastisk tur til Gaustatoppen med Inge, Kariann og Marte og ditto padletur på Telemarkskanalen med dei samme pluss Per Helge og Elisabeth. No sit eg utfor min gamle arbeidsplass, Kviteseid folkebibliotek og koblar meg til trådlaust nettverk før vi drar til Astrid på Flatin for å få suppe og ein dusj.


Tuesday, July 11, 2006

Skoklefallshesten og annan kunst

Eg hadde ein rar opplevelse sist laurdag. Arbeidsdelinga på hytta var som på tilsvarande dag i fjor: Knut skulle tøma doen, og eg skulle ta ansvaret for eit besøk på Sommarutstillinga i Seljord. Begge var fornøgde med sitt valg, og eg drog trøstig avgarde på utstilling på Kunstlåven. Det var enorme mengder folk i gatene og butikkane. Men akk - dei skulle ikkje på kunstutstilling! Der var det svææært god plass, knappast fleire enn meg den timen eg var der. Der gjekk eg frå det eine meir uforståelege objektet enn det andre, mens dei 20.000 utanfor skulle på dansebandfestival på Dyrskuplassen. Sitjande åleine under eit tre med kaffe og ei innbunden bok, følte eg meg verkeleg som eitslags kulturelite. Utan den heilt store forståelsen for moderne kunst.
Men Skoklefallshesten til Nils vil eg gjerne sjå! Den store steinhesten hans blei avduka i ei rundkjøring like ved Skoklefall kapell først i juni, og her skal han stå til glede for veifarande på Nesodden. Knut var med på avdukinga, mens eg foreløbig berre har sett bilete og film. Den som ser nøye etter vil oppdaga at den eine skokla har falt!

Monday, July 03, 2006

Cruise på Oslofjorden


Ein snev av sommar og ferieidyll fekk vi på laurdag då vi kasta loss med MS Rigfar (Rigmor gjekk i ferjetrafikk ut til dei utallige badeøyane) for ein heil dag på Oslofjorden. Guiding ut mellom holmar og skjær ein fantastisk flott sommardag. Mange gjekk i land på Oscarsborg og fekk omvisning der, mens me tok ein mellomlanding i Drøbak som er ein idyllisk liten ferieby på andre sida av fjorden. Heimveien gjekk langs Nesoddlandet, og kl 4.15 var me heime i Sandvika by.Kom oss så vidt heim til kvartfinale og ein veldig enkel middag. Det tar på å vera på sjøen heile dagen. Men neste dag lag me ved Vollen og bada og let sol og mygg husera så at det nok er bra at eg skal jobba desse dagane som det skal vera så fint ver. Men som sagt, striskjorte og havrelefse blir det ikkje alltid av det.
Per Helge som går der med sine foreldre og lar seg spandera på, han går ut i Stavanger by to dagar seinare, blar opp den eine millionen etter den andre og kjøper seg leilighet saman med Elisabeth. Eg har lovt å ikkje nevna for ofte at det var eg som leda dei på rett spor! Men eg gler meg til panoramautsikten frå takterrassen ut mot fjorden. Agnar og Johanna er for tida utan fast bopel, men 1.aug, flytter dei inn i eige hus i Mandal. Det må vel bli bra! Håper det blir godt med gjesterom og hjarterom for oss gamle når me legg ut på rundreise.

Saturday, June 24, 2006

Midtsommar i byen og på landet


Fantastisk ved Oslofjorden jonsokafta. Kjempever, båtar på sjøen, fint bål og godt lag med Askerseniorar. Kanskje nokon kjenner seg igjen på Strandheim leirstad? Vi blei enige om å møtast igjen der neste jonsok, så det er berre å finna sin plass.....
Laurdag såg me hovudstaden frå oven; dvs Frognerseteren saman med mosto som sette stor pris på å komma ut på tur, eta den berømte eplekaka på Frognerseteren og sjå på eit brurefølgje som også skulle innta maten sin der. Men ho sette også pris på å komma attende til Lille Tøyen sykehjem, for ho kunne ikkje ha det betre nokon stad enn der. Sa ho.
Me var også innom leiligheten hennar i Åsengt. , men her ville ho nok ikkje kjenna seg igjen, for no er det Jorunn og Knut Tore og vesle Johanne som rår (og drikk tran!) her.

Monday, June 19, 2006

Littera-tur til Det blide Sørland


Fire litteraturdamer reiste med bil til Sørlandets hovedstad for å testa ut ferieparadiset til Torun som hadde forberdt det heile perfekt, til og med veret! Me fekk mykje med oss oss på få dagar: Lange måltid utendørs, vandring bl.a. til ei nedlagt gruve i nærområdet og til og med bading tidleg søndag morgon ved bryggja. Før frukost og i kjølig og overskya ver.

Og så var det byen med gatevandring, is og kaffe på (i?) Markens, fiskesuppe på fiskebrygga, men først og fremst ein flott konsert i Domkirken laurdag kveld og Mozarts kroningsmesse søndag formiddag. Meir enn stappfull domkyrkje med 1500 sitjeplassar er det ikkje ofte ein opplever. Kyrkjemusikkfestivalen er vel verdt eit besøk!
Det einaste som fall på steingrunn var mine velmeinte litterære anbefalinger. Akkja, håper det går betre med Thomas Mann etter ferien. Moro var det på Sørlandet, i alle fall!

Monday, June 12, 2006

60-årsfeiring i bøtter og spann

Knut har fylt 60, og det har blitt feira to helgar på rad. Først på Bømlo med barn, svigerbarn og barnebarn, samt ein utvida svigerfamilie. Marte var ivrig deltakar under pakkeopninga, og i det heile tatt sterkt tilstades som hovudperson for minst ni vaksne ei heil helg. Ho hadde ingen grunn til å forstå at det ikkje var ho som var bursdagsbarnet. Knut fekk bøker og musikk og film, men det var Marte som fekk sykkel og tilgang til hest og bil! Me andre fekk god mat og fint ver, og på søndagen var me i samla flokk og såg på Mostraspelet. Det var flott!

Vel heime var det å rydda hus og hage og handla inn til neste kalas. No laurdag var det nemleg stort herreselskap i Gamle Drammenvei. Åtte velvaksne lektorar rundt seksti, tok i tillegg til vertskapet, godt til seg av forrett og hovedrett og dessert, samt kaker og kaffi. Godt at det heile blei avbrutt av åtte roseoverrekkelser og ditto talar med smigrande omtale av bursdagsbarnet. Han seier seg godt fornøgd, både med feiringa og livet generelt. No ser han fram til nye feiringar med slekta på Åsland i juli, og så kanskje ein siste seanse i Jerusalem til hausten!
Eg for min del har brukt dagen i dag på å gjera omtrent akkurat ingenting i tredve varmegrader ute på terrassen, og det syns eg var nydeleg.

Sunday, May 28, 2006

Oppussingsprosjektet er over


Det er enno ikkje klart for interiørbilder, ettersom me no, etter to og ein halv månad er tilbake til utgangspunktet: Kor skal møblane stå, og bildene hengja? Innimellom har det vore stor aktivitet med riving av vegger, maling av vegger og tak, samt det store, siste prosjektet som var å få lagt ny parkett på golvet. 1/2 tonn parkett, 0,1 tonn avrettingssmasse, fleire malingboksar og diverse nytt utstyr måtte til. Mange turar fram og attende til Clas Ohlson, ByggMakker og Sem Trelast. Lite blod (derimot store mengder blåmerker!) og få tårer, men mykje svette har gått med. Lite nattevåk, men mykje grubling og spekulering, og studering av brosjyrer og bruksanvisningar i alle vinklar. Det har teke på og kosta oss opp mot 15 kilo i vekttap (delt på to). Innimellom måtte me skaffa oss ny støvsugar, nytt kjøleskap og, pappas store stolthet, ny varmepumpe til oppvarming av stova, som no er blitt større. Me har vore i konfirmasjon og planlagt bursdag, og sånn ein gong i blandt, har me vore på jobb. I morgon reiser me vestover for å feira sekstiårsdag og 25-årsdag og 31-årsdag, og kva me no kan finna på. Så kjem me friske og opplagde attende, klar til å ta fatt på bunken med møbelbrosjyrer og interiørblad. Det blir vel ikkje så stor forandring til det store mannsselskapet neste helg, men no er det i alle fall god plass.

Thursday, May 25, 2006

Gupu, regnjakka - og den store verda


Det er første gong på mange år at me ikkje er på Kvitsund på jubileum på Kristi Himmelfartdag. I år blei det Gupu på oss. Gupu er eit gammalt bruk inne i Vestmarka, og her får ein servering i helgane. Ikkje minst har dei ei fortreffeleg sjokoladekake som nok desverre er farleg full av kaloriar. Ofte rekk køane til langt ut på tunet. Til Gupu kjem me når me kjører bil i fem minuttar og så går ein times tid innover. Men det er også andre turvegar dit, frå ulike delar av Asker og Bærum. No har det regna mykje og i mange dagar, så me putta regntøy i sekken sjølv om det var opphald i dag. Regnjakken eg fann var fin og ny og slett ikkje min, så eg sende ei melding til to svigerdøtre og til Randi Hernes. Kanskje nokon sakna jakken sin? Så drog me langt inn i skogen der det ikkje var så mange i dag. Men til sjokoladekaka på Gupu tikka meldingane inn: Først regnversrapport frå Indre Sogn på eit dertil passande sognamaol, deretter på rogalandsdialekt, men sendt frå Trondheim. Like bak kom melding frå Randi, ikkje frå nabolaget slik eg trudde, men sendt frå Houston, der ho jobba ved datamaskinen i 30 varmegrader! Den vide verda inn i stovene på Gupu. Men jakka ville ingen vedkjenna seg. Då me skulle til å gå kom det to professorar inn døra. Den eine var den 94 år gamle filosofen og fjellklatraren Arne Næss. Me har sett han som sprekingen mot Mount Everest, men no strevde han med å komma inn dørane. Den motoriserte trehjulssykkelen stod utanfor, og ved si side hadde han fysikkprofessor Øyvind Grønn som Knut har stor sans for. Regnver blei det lite av, heldigvis, men me måtte forsera ein del mindre innsjøar for å komma oss velberga heim, denne gongen ein liten omveg. Det er elles ei flott tid å gå ute i skogen på. Både fuglar og blomar og folk til fots, på sykkel, med barnevogn eller til hest, lyste opp mellom trea.






















PS! Vel heimkommen melder Per Helge at det antakeleg er hans regnjakke!

Wednesday, May 17, 2006

Om å bli invitert - og takke ja!

Det er fint å bli invitert! For fire år sidan var vi heilt nye i Asker og var svært glad for å få ein invitasjon til 17.mai-lunsj hos familien Hagemo. I dag har vi vore der for femte gong, og det er ein hyggeleg tradisjon. Mykje god mat (spleis), lystig og nasjonal sang, og ikkje minst mange koselege folk omtrent (svært omtrent) på vår alder. I dag blei det for første gong innever, men det blei sikkert plass til førti rundt borda. Eg var så heldig å få havna inne i ein bokkrok, saman med to andre bibliotekarar. Det er ikkje ofte.
Men me har fått andre invitasjoner denne våren: Konfirmasjonen til Ida Kristin var me med og feira med brask og bram sist søndag. Her ein dag dumpa det ned ein koseleg liten konvolutt i posten. Åsa skulle feira sin 60-årsdag med stort hageselskap i juli, og me er inviterte. Me vil gjerne komma, Åsa, og jentene dine skal få beskjed. Smart å ordna seg med arrangementskomite! Den årvisse invitasjonen til jubileumsfest på Kvisund har me også liggjande. Men i år kan det henda at me lar den liggja til fordel for eit større oppussingsprosjekt her i huset. Godt me ikkje skulle ha gjester i dag. Likevel - hipp hurra for 17.mai!

Sunday, April 30, 2006

Den gamle og den nye tid



Tida går fort. I veka som gjekk har hundreåra rulla forbi, og då syns eg tida går ekstra fort. På "bildet" her (laga av svoger Harald) ser vi to små morlause jenter som ein dag på slutten av 17.hundretalet står på kaien i Foldrøyhamn og ventar på at faren skal komma til lands med ei stemor. Ho skulle seinare bli mi tipp-tipp-oldemor og er sentral i den jobben eg ein gong gjorde for å finna ut av formødrene mine. Men her om dagen fekk eg eit brev der ein mann jaktar på sine formødre, og han lurer på kva eg veit om mor til dei to jentene! Det var ikkje stort, men eg trur nok han finn ut av det.

Mandag blei eg ført direkte inn i 1800-talet ved hjelp av Les Misebles. Det var elevar på KG som hadde ein strålande forestilling i Filadelfia. Det er utruleg kva amatørar kan få til! Dei eg omgås til dagleg har det meste av sitt liv i det førre hundreåret, så det kjenner eg vel best. Men her ein av dei fine ettermiddagane denne veka hadde eg min første ettermiddagslur på terassen etter å ha teke ein runde for å sjå alt som stakk fram til nytt liv etter denne lange og snørike vinteren. Sitjande i halvdøs var det eg såg den nye tid: Ut av sokkeletasjen i huset rett i mot myldra det av nybakte mødre og barnevogner! Sist sommar, før alle forsvant inn til den lange vinteren, så hadde eg observert at det måtte bu eit ung par der. Dei sat ofte ute, og rett mot oss. Så i løpet av vinteren var dei altså blitt tre. Så fekk vi også kanskje svar på kvifor det har vore så mykje fullt lys der om natta i det siste. Det er mangt som viser seg når våren kjem!

Tuesday, April 18, 2006

Påskeslutt


Agnar har alt lagt ut bilde frå påskenaturen i Åsgrend og Kviteseid, så eg får konsentrera meg om innelivet. Eg er godt fornøgd når alle tre sønene kjem for å feira påske i ei lita hytte uten straum og vatn. To svigerdøtre og ei canada-veninne. Kariann og Marte heldt seg i Førde, så dei sakna me, men elles var det folk nok! Eg og Knut var på hytta i heile ni dagar, mens dei andre kom og reiste. Programmet var tradisjonelt og godt: Litt skiturar, litt gåturar, litt kaffebesøk og litt kyrkjegang. Tradisjonen tru var Agnar og Knut med og song med Kviteseid kyrkjekor frå galleriet i Kviteseid kyrkje første påskedag. Etter messa var det kaldt regn, men det hindra ikkje folk i å bli ståande og drøsa på kyrkjetrappa. Mykje godt kjendsfolk for gammal og ung. Innimellom var det gråver og matlaging og oppvask. Johanna kom med ny påskeduk til spisebordet og ei aldeles nytova høne til påskeegga! Per Helge og Elisabeth tok seg på tak og desiferte bestemor sitt gamle vaffeljern før det blei teke i bruk til vaffelsteiking. Dei smakte rektig godt, så det blir nok gjort fleire gonger. Morsomt også at Per Helge klarte å spela ein påskesalme på på meir eller mindre fylte saftglass!Knut briljerte med sitt nye steiketermometer som blei bruka til å sjekka både varme og kalde temperaturer, bl. a. då han grilla eplekake! Inge disponerte annekset der han sov i ny seng, men i kald temeratur. Brødrene hans takla ikkje kulden så godt. Og Jen frå Calgary såg med store augo på alt dette som skulle vera Norge! Alt i alt hadde me det bra.
Men håpet om vår i Asker då me kom attende blei ikkje akkurat innfridd. Aldeles uten håp er det likevel ikkje, for slik såg det ut ved inngangsdøra 17.april:
Kanskje ikkje heilt lett å få auga på gule og lilla krokus, men dei er der!

Wednesday, April 05, 2006

Bok-kaffe på Tranby

Det hender ein må stilla seg lagleg for hogg i embeds medfør, og når utlånet av vaksen skjønnlitteratur går nedover, så må me prøva å foreta oss eit eller anna. Så i dag hadde me invitert til eit såkalla "lågterskel-tilbod" på biblioteket på Tranby; nemleg bok-kaffe kl. 11.00. Litt prat om bøker ved tre utvalde (eg var ei av dei), og sidan kaffe og drøs. Det mest spennande når ein startar opp noko nytt, er om nokon har oppfatta at dette er aktuelt for dei. Det var faktisk to andre ting på gang akkurat samtidig på Tranby, og så mange er det ikkje som kan komma frå midt på blanke formiddagen. Men me blei 13 med stort og smått. Og folket koste seg! I tillegg til mine bokpresentasjonar av dei kanadiske forfattarane Margareth Atwood og Alice Munro, så fekk me høyra om bøkene til den jødisk-amerikanske forfattaren Chaim Potok, og om bøker frå Afganistan (Drageløperen av Khaled Hosseini og Der Gud gråter av Siba Shakib). Sjokoladekaka som blei til rest etter at komfirmantane i Asker hadde fått sitt som takk for vel utført fasteaksjon i går, den gjekk ned på høykant på Tranby. Alle ville gjerne komma igjen, og vi har alt fått frivillige til neste månads bokpresentasjon. Så forhåpentlegvis er bok-kaffen kommen for å bli.
Har andre gode forslag til å få opp interessa for skjønnlitteraturfor vaksne (minus krim, for den går av seg sjølv!) , så legg gjerne inn ein kommentar!

Thursday, March 30, 2006

Husets herre rår seg fritt for tida!

















Veggene til "veslestova" er slått ut, og den innerste kroken er gjort om til snekkerverkstad. Her og på spisebordet har Knut alle "sakene"sine. Slik har han visstnok alltid drøymt om å ha det. Smått om senn skal denne mørke, kalde kroken bli lys og vennleg, parkett skal leggjast og dei 20 år gamle salongmøblane skal skiftast ut dersom me finn noko likande. I alle fall drar me til Lillestrøm på boligmesse no i helga.

Vårsola skin varmt og lyst inn i dag, men snødjupna på flatmark i hagen er nettopp målt til 80 cm, så det kan bli mykje innearbeid før me flytter oss ut. Kanskje det blir bar mark til 17.mai?
Me har også tenkt å få med oss ein konsert i Grorud kyrkje laurdag kveld. Der skal svoger Nils opptre med sitt Nesodden-kor.

Sunday, March 26, 2006

Bibliotekmøte i Trondheim

Fire dagar med fagleg input, drøssevis av kjende og endå fleire ukjende bibliotekarar frå heile landet, litt by- og kafeliv, flott festmiddag med elegante festtalar. Det er litt av det som ligg bak meg denne veka. Nærare 800 bibliotekfolk på ein plass, og diskusjonane gjekk om Bibliotekscenarier 2020, felles synleggjering, opphavsrettslovgiving, poenget med bibliotekstatistikk og KOSTRA-tal, mangfold og inkludering i eit fleirkulturelt samfunn, samt mange debattar som eg ikkje kunne få med meg.
Heile mitt yrkesliv for forbi ettersom "dei gamle" og kjende dukka opp. Nokre tok eg eksamen saman med for 34 år sidan, andre kjende eg frå studietida for ti år sidan. Mange ansikt dukka opp frå Telemarkstida, og her kjende eg dei fleste. Det kan ikkje ha vore stor utskifting på ti år! Elles ser eg at eg bur på grensa mellom Akershus og Buskerud og det gjer at kontaktane reint fagleg blir få her. Men det har alltids vore kurs og møter der eg har møtt folk eg no såg igjen.
Og så var det massevis av stands då! Her såg eg damene som lyser mot oss frå baksidereklamen frå Biblioteksentralen og ansikt bak dei blide trønderstemmene frå Lydbokforlaget. Reiseleiaren frå Egyptreisa, dei som hittil berre har vore namn bak artiklane i fagblada. Og mange fleire. I det heile tatt var det for mange å forhalda seg til, så eg trur nok det blir mitt siste bibliotekmøte (det er berre annakvart år). Noko av det beste var kanskje talen ved festmiddagen. Ola By Rise hadde dei 800 i si hule hand i 10-15 minuttar og framførte både ris og ros til bibliotekfolk på elegant rim!
Elles var eg på pen restaurant med Elisabeth og Per Helge. Elisabeth hadde funne ut at det var så pent at ho sende melding heim til Per Helge at han måtte ta på seg skjorte. Godt at andre tek over!
Det mest overraskande møte fann stad inne i ein heis som ikkje ville gå. Det var på Trondheim folkebibliotek og brannalarmen hadde nettopp vore utløyst. Ved sida av meg stod ein kineser med store solbriller, og ved nærare ettersyn såg eg at det var Phillip som Per Helge budde med på Kvitund. Både han og dei andre to lånte bøker; Elisabeth endogtil på tysk! Lukka for ein bibliotekar må no vera at folk låner og les!

Vel heime blir eg møtt av ein stakkars mann som har skamslått seg etter å ha falt på isen, mista nøkkelknippet sitt, slått ut ein vegg og øydelagt motorsaga. I tillegg har han blitt dugeleg forkjøla. Så livet går sin skeive gang både her og der!

Sunday, March 12, 2006

Karl Yngve ordinert til prest



Den store hendinga fann stad i Notodden kyrkje i dag. Me hadde fått fin invitasjon og var tidleg på plass i kyrkjebenken saman med mange andre. Gamle og nye kjende, familie og venner, biskop og prestar. Ny salme var dikta i anledning dagen. Seremonien var høgtideleg og fin, og den nybakte presten klarte seg godt på preikestolen og bak alteret.

Deretter følgde kyrkjekaffe med smekkfullt menighetshus og mange såkalla helsingar. Seinare blei det middag med ditto talar. For oss som best kjende den vesle villbassen i nabohuset med hovudet fullt av krøller var det ein ny pastor Bergkåsa som steig fram. Til og med krøllene var borte, både hans og Morten sine. Broder Morten var vel den som kom lengst frå. Både han og kjærasten kom frå Trondheim, mens tante og onkel og diverse kusiner kom frå Molde for å vera med å feira den store dagen. Storebror Eivind kom frå Oslo, og ein fin tale hadde han med seg til veslebroren sin. No gler vi oss alle til å høyra meir frå den nye presten.
Her ser vi Karl Yngve i front på tur med familien Aasland i ein langt tidlegare periode av sitt liv. Det var den dagen som enda med at faren skar seg dugeleg med samekniven sin, men han kom velberga frå det (den gongen også!) Meir enn 20 år seinare er det kanskje den neste generasjon som skal ta dei største utfordringane.

Sunday, March 05, 2006

Innværjenter - og Ona fyr


To Innværjenter møttest i dag - midt i den norske hovudstaden. Randi er snart seksti år og har budd dei fleste av dei på Innvær der ho og Paul no er i full gang med å byggja seg nytt hus. Moste Ingrid har fylt nitti, og Innvær er snart det einaste ho har klare minner om. På sjukeheimen i Oslo er det svært få ho kan dela desse minnene med. Eit lukketreff derfor at Randi kunne bli med oss og dela litt nytt frå gamlegarden og senda helsingar heimover. Kaffe med sjokolade og kransekake blei det også, sjølv om oppdekninga kanskje ikkje nådde opp mot eit Kallevågsk nivå.
Eg veit ikkje, men kanskje Innvær funklar for mosto slik Ona fyr funkla for Ingebrigt Steen Jensen. Noko å orientera seg etter. Til vår store forbauselse (!) har me dei siste vekene høyrt oss gjennom lydboka der forfattaren gir oss del i sine tankar om kva som skal til for at ei bedrift eller ein frivillig organisasjon skal lukkast. Vi starta fordi vi trong ei lydbok på turen fram og attende til hytta, men held fram fordi det heile var morsomt, tankevekkjande og svært treffsikkert formulert. Var vi ikkje så interesserte i tema i utgangspunktet så blei vi det etterkvart. Kan anbefalast til alle, sjølv om mange nok alt har lese boka!

Monday, February 27, 2006

Marte har 1-års dåpsdag og OL er over



Gratulerer med dagen, Marte! Tenk at det er eit heilt år sidan du hadde på deg den gamle brudekjolen min og blei døypt i namnet til Faderen og Sonen og Den heilage Ande. Du var mykje forundra og storøygd denne dagen. Det syns farmor at ho så tydeleg hugsar. Mykje folk og ståk og styr og vanskeleg å få sova i fred. I dag spring du omkring og har feira dagen med kontroll på helsestasjonen saman med pappa. Men kanskje har dei hugsa å tenna dåpslyset ditt også.

OL-genseren din er nesten ferdig. Manglar berre broderi og damping, men det har visst inga hast. Eg trur han blir passe stor til hausten. Men strikketøyet passa godt til dei mange uendelege OL-sendingane og alle gullmedaljane me ikkje fekk. Mange blei spurt om sitt beste OL-minne, men eg blei desverre ikkje spurt. Difor må eg fortelja det ubeden. Det var ikkje då me fraus oss mesten skakke under prøveomgangane i kulekjøring på Lillehammer, men ein føremiddag mange år tidlegare. Per Helge og eg fekk boller og kaffe og saft hos Anne Mari og Karl Yngve då det blei kunngjort: "The decision is Lilli Hammer!" Per Helge på seks var kjapp i hovudet den gongen som no og kommenterte straks: "1994, mamma, det er det året du har tre tenåringar i huset! "

Berre så eg visste det, så kom det til å bli eit sterkt år!

Thursday, February 23, 2006

Vinterferie i Åsgrend!



Fire flotte dagar med kvit snø, blå himmel og strålande sol. Ser de sporet på taket av hytta? Det er Knut som har sjekka om det er noko (f.eks. snø) som stenger for røyken ut av pipa. Det var nemleg ikkje råd å få fyr i omnen då me endeleg kom inn til tre minusgrader etter å ha vassa i 80-90 cm laussnø frå bilen. Men då me opna luka inn til skorsteinen såg me grunnen: Inne i skorsteinen var det store mengder snø som måtte lempast ut på golvet og så vidare ut i snøfonna. Det blei varme til slutt, og me fekk fine skiturar mot Skorve og i Håtveitgrenda i Morgedal. "Dei innfødde" må ha reist til Syden, for me såg omtrent ikkje ei sjel, endå så fine løypene og veret var. I Morgedal har me gått same løypene i snart 30 år, og det blir mykje mimring om tidlegare strabasar med gutane. Det var så laaangt og så bratt og glatt. Vottane datt av og skiskoa var for små. Men dei svidde pølsene var gode og kakaoen passe varm og god, og det samla seg mange kilometer på skikorta. Hopprenn med Bergkåsane var gøy, og snøholene var flotte med lys i. Når motgangen strøymde på så måtte me hugsa på å komma med smådesperate og oppmuntrande tilrop om at dette går så bra og dette er så gøy! Det er som å få eit ekko når eg no har dei der på telefonen frå kvar sin snølause vestlandsby: Du har vel skikkelege gamasjer mamma? og truger når snøen er så djup? Eg høyrer den snø- og skihungrige klangen i stemmene deira når dei misunner oss ver og føre. Så kanskje var dei mange strabasisiøse turane i Morgedal og på Vrådalheia og i Silkedalen umaken verdt. Dei blei glad i snø og ski og i Telemarksnaturen.
Før var me yngre og sprekare, men så fekk me heller ikkje den oppvartinga som blei oss til del hos Mosdøl på tysdag etter skituren: Store håndklede og varme dusjar, og deretter middag med dessert og kaffe med kake. Ragnhild og Hadle var der også og drøste med oss om stort og smått. Til slutt blei me med dei heim og fekk den nye boka som er laga med ei samling av historiane som faren til Hadle har skrive gjennom eit langt liv. Vel heime i Asker kosar me oss med den. Morsomt og levande!
Mykje for kropp og sjel har den korte ferien gitt oss. Ein nytelse også å lesa Frode sin berettelse i hytteboka.

Monday, February 13, 2006

Grå kvardagar i februar?

Ein vanleg måndag, men eit heilt uvanleg flott ver og føre i "Askerskogen". Glitrande snø og passe med kuldegrader. Men det var skummelt mange spreke pensjonistar som fauk forbi oss! Knut er fornøyd med sin gamle røde anorakk etter at me såg akkurat maken på Teknisk museum på søndag. Men han sørjer over den gamle lua si som er blitt borte.
Tirsdagen blei ikkje grå den heller. Veret blei grått, men på Askertun var det dekka bord med masser av roser og hjerter. Litt for å markera Valentinerdagen, men mest for å visa at dei sette pris på dei som var inviterte, nemleg alle i Asker menighet som deltar i frivillig arbeid. Dei tilsette hadde stelt i stand med god mat og muntert program. Og så delte dei ut roser til alle gjestene. Derfor fekk også vi kvar vår. Ein kveld prega av glede og takk blei avslutta med ein stor sirkel som markerte det felleskapet vi er blitt ein del av her i Asker.

Thursday, February 09, 2006

Litterære gleder


Fem bokglade og kaffeglade damer samlast til litteraturgruppe sånn omtrent ein gong i månaden. På dette bildet kan ein sjå Randi, Torild og Torunn som endeleg kan kasta seg over den store farsotten i det siste: Bøkene til Anne B. Ragde. Karianne er også med i samtalen, sjølv om ho ikkje er tydeleg på bildet. Ho ligg nemleg heime med ryggvondt og deltar via høgtalande telefon midt på kaffibordet. De ser vel dei fine japanske koppane?
Det er Torunn som er vertinne og som steller i stand i dag, først middag og deretter kaffe.

Neste gong skal me ta for oss Levi Henriksens Snø vil falle over snø som har falt. Men tru no berre ikkje at me hoppar frå den eine bestseljaren til den andre. Me har denne gongen vurdert opptil fleire Nobelprisvinnarar, deriblant Henrich Bøll og Harry Martinson. Men, som sagt, etter mange rundar med for og imot så blei det Levi Henriksen. Kanskje like greitt, ettersom fleire av damene skal på lengre utanlandsopphald før vi møtest hos Randi 30.mars.

Sunday, February 05, 2006

Venner som gleder





Ei helg med gamle Kvitsund-venner ligg bak oss. Ei helg med mange og gode opplevingar. 14 seniorar(eller kanskje til og med pionerar) møttest her i Asker for å mimra om gode, gamle dagar og for å "gjenoppfriska vår identitet" slik Oddbjørn uttrykte det. Det blei rikeleg med prat og med mat, men også ei stor fellesoppleving på Det norske teatret der me såg Dostojevskis Brotsverk og straff. Det var nok både krevande og seriøst og me er ikkje heilt sikre på om me fekk tak i heile bodskapen. Det gjorde me derimot under fleire korte bordtalar, og ikkje minst då Oddbjørn sette seg til pianoet og song ein sjølvskriven song om sitt liv med elevar og menneske.



Kontakten var der som før, og då natta kom blei alle krokar i huset brukt til overnatting. Ikkje akkurat hotellstandard, men litt søvn blei det vel på alle? Ellen Katrine og Dagfinn reiste heim til Kviteseid då det leid mot natt, for på familiegudstenesta i Fjågesund skulle ha både kor og orgelmusikk søndag. Tøft og tappert!
Me andre fekk med oss gudsteneste i Asker før Ellen og Oddbjørn la i veg mot Oppdal og Mosdøl og Hovda mot Kviteseid. Men Eriksen og Berkåsa blei med på ein siste liten utflukt i det sure og iskalde vinterveret. Me kjørte inn til Tveter Gård og fekk kaffe og kaker i ei av dei fine stovene der. Og no har meldingane komme frå Oppdal og Sørlandet om at ferdafolket er vel heimkomne på det ufyselege føret. I Gamle Drammensvei er det blitt stille og oppvasken er så liten at det ikkje er noko å bry seg med. I stova ligg enno tre forsinka bryllupspresangar! Om ein månad er det ordinasjon for Karl Yngve i Notodden, og me gler oss alt til å treffa ein del av folket igjen der.