Monday, February 11, 2013

Takk for laget!

Eg har ei tid annonsert at no er denne bloggen snart kommen til siste side. Denne gongen er det alvor, og eg vil takka alle som har fylgt og kommentert mine aldeles spredte tankar! Eg er kommen til ein ny fase i livet og dermed blir det naturleg å avslutta her. Men kven veit, kanskje vi møtest til eit nytt bloggliv om ikkje så altfor lenge? Til dess:
TAKK FOR MEG!

Wednesday, January 23, 2013

Historien om tre brødre og eitt piano/The story of three brothers and one piano

1981
 
For meir enn tredve år sidan gjekk ein liten storebror rundt og ynskte seg så fælt å ha noko å spela på. Rett spelte han mykje kassettar, både som han sjølv song inn og der andre spelte eller song, men det var ikkje slik han ville ha det.....Foreldrene tok sine slunkne lommebøker ned til den store Skien by og, under over under, vi kunne sjå oss råd til eit lite elektrikt orgel. Og gleda var stor mot jul i 1981 då vidunderet kunne takast i bruk. Det var endå på den tida at det var viktig at små gutar fekk raude bukser til jul. Den største og den minste var i alle fall fornøgde. Men fort blei det avdekka at det var ikkje berre å setja inn ein kontakt og så blei det musikk dersom ein trykte ned ein eller to tangentar. 
 Dvs. minstemann syns det var godt nok så lenge det varte.
1982
Og han har notar!
Men storebroren hadde bruk for ein spelelærar, og jammen fekk han både det og ein medelev. Unge Ådne fanst i nabolaget, og Morten i nabohuset. Etterkvart blei det huskonsert med gjester, men ikkje før me hadde fått eit skikkeleg piano. Læraren sa ikkje stort, men vi syns nok vi merka at han ikkje syns så godt om det vesle orgelet. Lukka stod oss bi også denne gongen. Åse skulle ut til Afrika som  misjonær saman med familien sin, og ho syns det var upraktisk å ta pianoet sitt med. Om me kunne passa på det ein fire års tid? Det kunne me absolutt, og då dei kom heim igjen, arva dei eit hus med eit mykje betre piano i, og så fekk me kjøpa det gamle. Og seinare har pianoet gjort teneste i meir enn 25 år. Mest av den eldste og den yngste, men då Inge var konfirmant stilte jammen alle tre gutane opp til ein liten konsert med klarinett, kornett og piano. Elles var det dei vanlege ettermiddagane oftast litt pianomusikk etter middag, før leksetid eller før sengetid. Dei siste åra som berre Per Helge var heime fekk me be om ein melodi før han gjekk til sengs, og då blei det oftast "Om kvelden når det mørkner og alle går til ro".  Etterkvart kom åra då berre pianoet og ikkje gutane blei med på flyttelass både hit og dit. Litt blei det spela på i feriane, men mest blei det i jula når mange var samla. Og etterkvart var det neste generasjon som ville prøva å laga lyd.

Jula 2006 med Marte
Jula 2008 med David og Isak
Jula 2010 med Emilie
Dei fedrene som spela sjølv skaffa seg etterkvart eigne hus med eigne piano. Og her har dei skaffa seg eigne solistar, gitaristar og trommeslagarar. Andre spelar fotball og volleyball, samt Ticket to Ride og dataspel.
Her hos oss spelar me ikkje så mykje, og i alle fall ikkje piano. Så etter 30 år i trufast teneste blei det med oss over fjellet, men ikkje inn i huset! Det måtte mellomlanda i garasjen, mens det venta på ein god og ny og vennleg heim. Det blei ikkje lett, men etter veker i regn og frost blei det framstøt som gratistilbud på Finn.Fleire  var interesserte og tilslutt blei det henta av store og veldig sterke menn. Så no håper me det har fått eit nytt liv hos nokon som er blitt glad for det. Takk for all glede!

Monday, December 17, 2012

Merry Christmas to relatives and friends abroad

Dear friends,
I had a plan, this year as last year and several years before, to write a Christmas letter to you in November, but for unknown reasons, I never manage to do so.This year I will try to reach you in a different way.
I retired a few months ago, and moved with my husband across the country from eastern Norway to the western part, to Bømlo, the island and even to the house where I grew up. My father died last year, and he had not been able to take care of his house for several years, so it needed a lot of love and care!
We were happy to live in Asker near Oslo, but our three sons had all of them moved westwards, and as we grow older, we would like to be able to visit them and our  grandchildren  more often. Now we live more close to them, and we will closer when we in a few years move to an appartment in Stavanger and leave this as a house for vacations (or what it may be called when we are retired!)
To all Oselands abroad, we kept our small cottage in Telemark.From there we can, amongst other things, see the Aasland part of the  family.
By now we live next to old friends, some cousins and my uncle Hans who had his 94th birthday this month. He is not old! On his birthday he bought a splendid new car! The salesman came to his house with the car, roses, birthday cake and some other small presents. The salesman wanted to bring in a TV camera man, but my uncle did not want that. He has no children of his own, but this year as earlier, he invited his nephews and nieces to a big birthday party. To you Caltvedts "over there" he is a cousin of your mother, Bernice, 99 in August. There has been a lot of longliving persons in this family!
Some of our children and grandchildren will come here during the Christmas holidays, but this summer we were all together for a week in Denmark. A photographer came to take pictures. We think we have a nice family!

We want to wish all of you
A Merry Christmas and a Happy new year!

If any of you want to write to us, our new address is
Hollundsvegen 15
5427 Urangsvåg
N-Norway

Tuesday, October 30, 2012

Kjære Asker-venner!

For ein månad sidan bar vi ut pianoet frå Gamle Drammensvei og kjørte ut av Asker, men eg kan ikkje hugsa om vi såg oss attende. Vi såg oss derimot omkring då vi seint på kvelden manøvrerte fullpakka bil og tilhengjar gjennom sentrum etterat vi hadde sendt flyttebilen føre oss vestover. Vi tok Asker-kvelden inn mens vi passerte naboar og Rimi-butikk, såg mot kyrkja og Askertun, og vi tenkte at her blir det mykje å sakna. Hengde oss opp i det Erling sa om lov til å sakne, men ikkje angre. Og ja, vi saknar dykk! Saknar Fredagsforum og Y's-Men, diakoniutval, bibelgruppe og novembermarked, men ikkje minst dei vanlege gudstenestene! Samt mange hyggelege kaffistunder rundt omkring! Det er ikkje sant at Askerfolk (i alle fall ikkje dei vi har møtt) har nok med seg sjølv. Vi har opplevd mange opne dørar! Vi saknar også turane rundt Semsvatnet,inn til Gupu og opp på Vardåsen, samt kaffi- og badeturar til Vollen.
Korleis kan ein så frivillig få seg til å forlata alt dette? Og er det no veldig  synd på oss?
Om det var "lurt"  å bryta opp enno ein gong i vår alder, det får vi aldri vita. Men vi tar med takk imot dei dagane vi har fått her vest til no. Hittil berre fem veker, og av dei har vi vore bortreist 14 dagar.
Men til no har dei positive overraskelsane vore flest: Langt mindre regn enn frykta og langt fleire flotte solnedgangar og haustfargar, fargerike kveldshimlar og blikkstille vatn. Og langt fleire smilande fjes som viste seg å vera gamle kjente som ynskte oss velkommen! Nær og fjern - og endå litt fjernare - slekt har meldt seg. Frukttre, bærbuskar og rosetre er planta og vi har starta på innvendig renovering av huset. Kaotisk, men ein liten Asker/Sunne-engel er på plass i vinduskarmen og minner oss om dykk og om Sidsel.
"Fredagsforum" har dukka opp i form av eit fredagsfellesskap tilknytta KFUK/M-folk på vår alder. Kjempefint! Og Knut har begynt i mannskoret Havdur der han har det fint.  Me kjem nok ikkje på Novembermarkedet i år, og sparer kanskje ein ytterjakke på det.....men me har vore på basar! Klart vi saknar Asker! Vi takkar for åra og fellesskapet vi fekk saman med dykk, og håper å sjå flest mulig igjen. Nærmaste flyplass her er faktisk nærmare enn han var i Asker. Dei større litt lengre unna.
 Som de ser så har huset mange rom. I alle fall, velkommen til oss!
Den gamle tørkeplassen blir omgjort til frukthage

Tuesday, October 16, 2012

Ope brev til Lasse og damene!

Kjære dykk ! Det er mandag morgon og inga vekkarklokke har ringt. Snøen som fall på Lierskogen i går skaper ingen problemer for meg og mine sommardekk. Det er enno ikkje ein månad sidan eg hadde min siste arbeidsdag, men det har skjedd så mykje at eg kan nesten ikkje hugsa korleis livet på Lier bibliotek var før eg rydda skrivebordet. Korleis har de det med utfordringane og gledene ein dag midt i oktober? Når eg tenkjer meg godt om så veit eg at de har fått utlånstala for september. Gjekk det bra? Og kva med seniorsurfen og klovnen Knut? Skulle gjerne sett dei nye møblane og lese innspelet til politkarane når det gjeld Lier bibliotek i framtida. Eg saknar pauserommet  med den forsiktige lyden av radioen hos Tone, og av telefonen som alltid ringde hos Eva når ho ikkje var der. Korleis har det gått med lønnsforhandlingane, forresten, Eva? Høyrer eg lyden av Tove i det fjerne? Ingen kan vel le så hjarteleg og ha kontoret sitt så fullt av merkelege "effektar" til stilige utstillingar som deg! Og Lasse, eg kan ikkje samanlikna deg med andre sjefar, ettersom du i praksis er den einaste sjefen eg nokongong har hatt. Så kanskje det var derfor eg ikkje alltid var så god til å innordna meg og underordna meg. Men det er jo irriterande å ha ein sjef som både har kontroll og det store overblikket, og samtidig har greie på alle detaljar anten det no er dataprogram og kaffiautomatar eller bibliotekpolitikk og bøker! Takk for at du ikkje fekk oss andre til å føla oss  (altfor) dumme, likevel! Til deg og Asbjørg: Takk for åra i LMU! Til Tove: Takk for år med arrangement-engasjement og bokprat! Håper du held koken! Tone: Takk for samarbeid med datakurs og seniorsurf! Tvi-tvi med lesehestar og bokormar! Og til Eva: Takk for meiningsutveksling om livets små og store spørsmål, og for  stort engasjement og mange posar med lesestoff til dei små! Takk til Aina for samarbeid i "bratte" år på Tranby. Du er seig! Og Irene: Eg er glad du er der for å representera Vestlandet og nynorsken! La dei no ikkje kassera den nye boka til sambygdingen min. Ho skal ha tittelen: Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar.
 Takk til alle for dei kjempefine siderglasa med epleblomst! Eg gler meg til å ta dei i bruk, men til no har mitt nye liv mykje dreid seg om å skapa orden i kaos, samt flakka omkring etter nygammalt mønster
Takk til alle for dei kjempefine siderglasa med epleblomst! Eg gler meg til å ta dei i bruk, men til no har mitt nye liv mykje dreid seg om å skapa orden i kaos, samt flakka omkring etter nygammalt mønster
 . Kaffi på ny veranda har det likevel blitt tid til. Her vest brukar vi alle solskinnsøyeblikk. Og ser de godt etter så har eg teke i bruk bibliotekkoppen. No i helga fekk vi planta frukttre og bærbuskar, rosebuskar, klematis og tulipanløkar. Kanskje blir det tid til å starta tapetseringa før vi igjen skal ut på reise. Så tida er ikkje inne til å setja seg ned og stura. Men for sikkerhets skyld har eg lånt bøker der eg har fare forbi, så no stressar eg med å finna meg til rette i MappaMi. Blir det for vanskeleg så ringer eg fagfolk!
 

Sunday, September 09, 2012

Små ting er ikkje småting

Dagane mine er så fulle av alle ting som skal pakkast ned for eit nytt liv der vest. Stolar og bord, seng og skap. Greitt nok, men det er jo faktisk dei små tinga som skaper ein heim. Dei ser ikkje så viktige ut, men ofte er det her alle minna ligg. Eg pakkar forsiktig ned gondolane frå Venezia, porselen frå Meissen,krystall frå Budapest og Praha, kamelar frå Betlehem og kakefat frå Jeriko. Dei små glasfuglane frå Malta og dei endå mindre skilpaddene frå Tyrkia. Og alle englane! Gaver vi har fått eller ting vi har arva. Ingenting av dette er "nødvendige" ting, men eg har problemer med å gi bort, kasta eller senda på loppemarked slikt som det knyter seg sterke og gode minne til. Så kom vi til bøkene og papira då. Og bildene! Har pakka kartongar nok til å fylla eit rom, men det blir mange spørsmål: Skal vi kasta alle eksamenspapir og attestar no? Ting som ungane har laga som små? Dette som var livet vårt? Som eit "Marmorkort frå ein hemlig ven" Til slutt store stablar med russekort. Mest som ungane har samla frå den eldste var i stand til å be om det (og det var tidleg!)til den minste sjølv var russ. Mange med koselege helsingar bakpå. Og så våre eigne som er frå ein annan generasjon. Til slutt kom det aller eldste fram, og det ser slik ut:
Små ting er ikkje småting. Som eg skulle sagt det sjølv. Eg strevar med nytt oppsett for bloggen, men det ser ut til at eg må venta på fredelegare dagar så eg kan få setja meg inn i det. Då er det også kanskje tid for avslutta denne bloggen. Det kan jo henda at den gjenoppstår som "Vestlandspensjonisten".

Tuesday, August 28, 2012

Takketankar

Det sat ein gammal prestemann åleine på hytta si på Sørlandet. Det var seint på sommaren og kanskje seint i livet også. Men presten brukte tida si på å fylla hytteboka med takketankar. Han var så takknemlig for det sommaren og livet hadde gitt han av gode opplevelsar med barn og barnebarn og andre menneske. Til slutt stod det med store bokstavar: SOLE DEO GLORIA!- Gud skal ha æra! Desse tankane er det eg sit med, eg også. Sommaren er slutt, og nok ein epoke av livet nærmar seg slutten. Flyttebil er bestilt, og etter meir enn 40 år på Austlandet vender me nasa mot Vestlandet. Det blir vemodig og mangt og mykje å sakna. Men det eg kjenner mest på er takknemlighet! For åra i Oslo, i Kviteseid og ikkje minst i Asker. Det var det siste eg var mest opptatt av, men så kom Telemarkskanalen på TV, og alle minnene og alle gledene frå denne delen av landet kom over meg. Gleda for at ungane våre fekk veksa opp ved vatnet og kanalen og nyta godt av badeplassar,store og små båtar, og ikkje minst Flåta. Me er heldige som har fått dela den delen av livet med mange som framdeles har ein plass i hjarta vårt. I går kom Åse og Kjell på gjennomreise. Dei fekk ein enkel middag her klokka eitt før dei begge to sovna på sofa og i stol, og vertskapet fylgde kjapt etter. Etter ei god middagskvil var me klar for kaffe og kake og mimring, bl.a. om gutane og flåten og kanalen. Me forlet alle Kviteseid, men det lever framleis i oss. Slik håper me det blir med Asker også. Ein time etterat Kvisundvennene var gått, rykka diakoniutvalget i Asker inn. Her hatt me fått mange venner dei åra me har budd her, og dei har me møtt i mange andre sammenhengar der me har fått vore med på meiningsfylt fellesskap og arbeid. Me forlet Asker, men tar mange av folka der med oss i tankar og minner. Og kvifor skulle me ikkje kunna treffa nye menneske som kan få ein plass i hjarta vårt. Eller kanskje det blir gamle venner? Når me etterkvart blir litt kjent i Siddisbyen så treffer me kanskje igjen Ivar og Berit så me kan få takka omigjen for at dei eingong i ei fortid lånte oss hytta på Sørlandet og gav oss tilgang til hytteboka.

Sunday, February 05, 2012

Kunst og kultur og sånt...............


Kaker til kaffien i dag. Og i går og i forgårs! Stadig restar som minner oss om det vi har opplevd den siste tida, både av gjester vi har hatt og festar vi har vore med på. Desse kakene med sterke fargar er frå ein barnefest på Askertun. Me syns det var melisen som smakte best!
Det har gått tett i tett med kulturelle opplevelsar etter nyttår, så er det stor fare for at noko alt er gått i gløymeboka, og det er dumt når eg har tenkt å ta ting fram igjen og kosa meg med det, så eg får prøva så godt eg kan. Kunstutstilling blei det ikkje før i februar: Kunstnersvoger hadde demontert snekkermaskinen sin og lagt delene ut på eit bord og vips (?) så blei det kunst, og utstilt på Skulpturbiennalen på Vigelandmuseet i Oslo.
Overskrifta for biennalen var Mennesket og maskinen, og her var det mykje rart og morsomt å sjå. Og som eit ekstra pluss fekk me bli med på omvisning i Gustav Vigeland sin private leilighet inne i museet. Mykje interessant. Inklusive urna med Vigelands aske plassert i eit ekstra tårnrom! Forresten, ein fredagskveld høyrde me foredrag om Rembrandt som bibelfortolkar. Det var vel også kunst?
Heile registeret av kulturelle opplevelsar har me fått med oss på halvannan månad. Frå opera (eller ballett) via (barne)teater og konsertar(ein jubileumskonsert med mange barnekor og ein korkonsert der så mange i koret var blitt sjuke at me berre fekk solistopptreden med sang, obo, orgel og flygel og det var berre fantastisk) , til foredrag og kåseri om dei mest forskjellige temaer som den nye bibeloversetjinga til primstaven og folkeeventyra sin betydning i "kunsten å være menneske". No på onsdag høyrde me om Flyktningehjelpen sitt arbeid i flyktningleirane i Darfur. Det høyrest ikkje så morsomt ut, men når det var vår gamle Kvitsundvenn Alfredo som fortalde så sat faktisk alle som fjetra. Stor og trygg og med ørkensand i lungene, og med barndommens Chile i hjarta.
I går kveld var me og såg ballettforestillinga Giselle i Operaen, etter bursdagsmiddag med Kari Anne på ein indisk restaurant. Operabesøket blei jo noko spesielt ettersom brannalarmen gjekk midt under forestillinga, og tusenvis av unge og gamle og kranke måtte ut. Litt ekkelt var det jo, men alt fungerte som det skulle, og det viste seg å vera falsk alarm, så etterkvart fekk me med oss resten av forestillinga som var veldig fin.

Når me får så mykje så tenkjer eg at me burde også gi litt tilbake. Me prøver jo etter evne.
Mens eg meg koste på det årlege bursdameselskapet hos Randi, så stilte Knut og fleire opp som konge på Helligtrekongersfest.


Siste halvdel av januar fordjupa eg meg i kva det vil sei å ha sine røter på Vestlandet, og saman med ein strile(?)kollega hadde me programmet på ein bokkafe der tema var Vestlandsforfattarar. Det var verkeleg ein opplevelse å finna ut kor mykje bra som finst, og som eg endeleg fekk lest. Berre dumt at sambygding Bjørn Sortland ikkje hadde fått ut si siste bok for vaksne som visstnok har tittelen. "Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar"

Bokliste kan bli sendt til dei som ynskjer det!

Sunday, January 22, 2012

og forresten så kom me oss ikkje til Innvær i romjula





men Emilie fekk helsa på husets frue med hund. Ho var litt betenkt, men elles trur eg ho likte romjula på Hollund ganske bra.Det kom to små tremenningar på besøk, og ikkje minst var det stas å springa rundt og rundt med Kristian, leka Bjørnen sover og sitja tilbords med mange andre og med nytt stolsete som slett ikkje kunne lånast ut til dei andre.









Saturday, January 07, 2012

Vestlandsjul... med vind og ver

Første etappe av vår julerundtur mellom fjell og fjord blei ikkje foreviga. Turen gjekk over Filefjell med overnatting på Røn ved Fagernes. Godt å starta på fjellovergangen frå morgonen. Det regna og var heftig glatt. Stort sett såg me berre bilar som hadde kjørt ut og venta på hjelp. Det hadde vore skummelt å møta nokon i dei bratte bakkane, men me "suste" lykkeleg avstad med nye og lette kjettingar og kom vel fram til eit Førde i vinterdrakt. Julaftans morgonen såg det slik ut når me såg ut av vindauga:
Legg merke til huskestativ og gjerde eit godt stykke frå elva



Slik såg det nemleg ikkje ut etter at storm og vind og regn hadde herja 1. og 2.juledag.




3.juledag rett før me reiste var vatnet på veg attende, og sjølv om me låg i kjellaren så vart me ikkje blitt våte på føtene.




Straumen var borte både titt og ofte. Ungane reagerte ikkje på stummande mørke, men eg stakkar, som er så avhengig av å lesa på senga, var lykkeleg for hodelykt!
Telefonane våre virka ikkje heller så lenge me var i Sogn og Fjordane. Ettersom vegen berre var open for fri ferdsel mot Bergen, så reiste me den vegen og fekk sjå litt av stormen sine herjingar. I Nordhordland møtte me snøen igjen

og i Sunnhordland var himmelen på sitt vakraste
og synsranda heimsleg

På tilbakevegen over Haukeli hadde me styrtregn og tåke, men me fant då fram til stoppestaden framfor alle gjennom rundt 40 år med bilkjøring mellom aust og vest



Tåka låg tett rundt Haukelisæter Fjellstove, men dørane var opne for oss, sjølv på ein første nyttårsdag. Nysnø og sol over snødekte fjell såg me derimot først då me hadde vår vanlege julekakestopp i Vinje. Der var som vanleg også det høgaste juletreet. Og heime i Asker var det berre så vidt me kom fram til døra fordi ingen hadde måka innkjørsla i jula!


Eit forunderleg og fantastisk land å ferdast i ei vinterveke rundt årsskifte 2011/2012.


Saturday, December 10, 2011

Jul i gamle dagar

"Alltid" i gamle dagar var det slik at me var samla med storfamilien på Innvær på julafta. Besteforeldre, gamletante Petra og gammalonkel Lars, foreldre og mange tantar og onklar, samt ei lita kusine. Trur dette må vera i 1953. Her er me komne til kaffibordet; elleve vaksne og fire små. Sjå berre kor fine serviettane står! Skal tru om eg har taus kunnskap nok til å bretta slike, eg og? Det var ikkje nødvendigvis berre enkelt å vera liten med så mange store. Me blei grundig oppdradd og kanskje også bortskjemt i jula.


"Mellom julene" som me sa, var det juleselskap med slekta på Hollund, både dei nord-i-garden, og dei sør-i-garden. Her var fleire søskenbarn, og juletregong var obligatorisk. Kan det vera i 1957?


Ein generasjon seinare er det tid for førstemann i neste generasjon å få feira si første julafta på Innvær. Jula 1975 er Agnar den som får all oppmerksomhet frå fleire generasjonar.
No, i 2011, er det kanskje både mørkt og kaldt på Innvær, men endå ein ny generasjon dukkar opp på besøk på Hollund. Kanskje tar me Emilie med til Innvær og tar bilde av henne ute i det vestlandske juleveret som er meldt! I så fall blir det vel eit lite blogginnlegg. God jul til så lenge!

Monday, November 14, 2011

Farsarven - I etterkant av farsdag og allehelgensdag


Det nærmar seg jul, og snart er det eit år sidan me tok eit siste farvel med far. Rett nok er det lenge sidan han hadde vore ein del av vårt kvardagsliv, men stadig opplever eg små milepelar av vemod nåreg passererer bursdag og farsdag utan at det er nokon å ringja til. Eit lys blei tent på allehelgensdag i år. Mot jul blir det ein mindre å tenkja ut noko til, ringja til og besøkja, slik eg har gjort dei siste romjulene. No har han for siste gong lagt av seg sjåførlua som han var så stolt av. I alle fall for oss ungane var buss-sjåføren ein større del av far sin identitet enn det at han jobba på fabrikken. Det kunne me sjå, og det gav han uniform, og det gav oss også små fordeler som gratiskort på bussen, og ikkje minst i dei åra eg reiste att og fram på gymnaset så var det viktig og godt. Då fabrikken feirte sitt femtiårsjubileum tok sjefane med seg ein utvald flokk tilsette på tur til Oslo. Og far fekk vera med som sjåfør på "blåbussen" endå han aldri hadde vore i Oslo før. Det var stas! I alle år sat han med billett-rekneskapet sitt ved dette skrivebordet. Førte skjema og talde ettøringar, toøringar og femøringar, og det skulle bokstaveleg talt stemma på øret. Gjorde det ikkje det så hende det at me måtte vera med og telja. Laga store stablar og fintelja. Både rekneskapet og teljinga gjekk bra. Berre ein gong kan eg hugsa han var borti ein annan bil, og sjølv om det var den andre sin feil, så måtte far teikna opp det som skjedde, og då var det at det skar seg for han. Han fekk det ikkje til (av ulike grunnar forstår eg han godt!); han kunne ikkje teikna. Men lukka var at Magnhild kom heim med ei veninne. Trur det var Mari Anne, og ho kunne teikna, og dermed var alle sorger slukt. Ein gong i året tok far bussen ut til privatbruk, og det var julafta. Me hadde god plass til pakkar og mat på veg til Innvær. Hugsar best turane heim i sein julenatt, kjørande berre oss fem i den store bussen gjennom ei stille bygd. Alt hadde vore som det skulle vera med pinnekjøt og brus og juletregong og pakkar. Spenninga var utløyst, og me kunne halda fast rundt det som hadde blitt oss til del mens me tusla inn frå bussen og til sengs. Mor gjekk ein ekstra runde for å sjå at ho hadde alt under kontroll til middagsgjester 1.juledag. For slik var tradisjonen, og riskrem skulle det vera til dessert. Ikkje jordbær, for det skulle me alltid få på julafta.

Dei fleste dagane var det likevel kvardag, og far gjekk på fabrikken. Ein einaste gong kan eg hugsa at han fekk eit eller anna slags "flonsa" og måtte vera heime ein dag eller to. Og så var det ein vinter han blei skikkeleg sjuk. Eg fekk ny kjole og nye sko til jul det året, og eg hugsa tydeleg mor som sa at no måtte me handla rimeleg, for det var ikkje sikkert far kom i arbeid meir. Han blei sendt til Haukeland og kom ikkje heim til jul ein gong. Men over nyttår hadde dei funne råd med det skyhøge stoffskiftet hans, og seinare kom han heim og gjekk på fabrikken igjen, kvar dag til han fylte 67. Veit ikkje kor glad han var i sjølve jobben, men han var glad i vera der folk var, så han kunne skaffa seg greie på "landsens leilighet" som han sa. Då fabrikken gjekk konkurs hadde han nettopp blitt åleine. Dei eldste måtte slutta, mens han fekk halda fram som eldstemann i enno fem-seks år. Eit langt arbeidsliv, og det som er igjen etter dette, er diplom og medalje for lang og tro tjeneste. Huset står igjen åleine og tomt og ventar på sin skjebne. Skal tru om onkel Hans har tenkt seg innom og setja adventlys i vindauga i år også?


Thursday, October 20, 2011

Rebekka fyller to


Hipp hurra og gratulerer med dagen!

Thursday, October 06, 2011

Hei David!

Du kan tru farmor blei glad då ho kom heim frå den lange bilturen og såg at det var brev frå deg i posten! Kjempefint var det, så i dag tok me bilde av det. No skriv eg eit brev til deg på datamaskinen, og så skal me senda brev og pakke til Rebekka sin bursdag i posten. Dagen før i går var eg og farfar i Oslo og kjøpte bursdagspresang til Rebekka og julepresang til deg. Me var i ein kjempe- kjempestor butikk med berre leker. Veldig mange bilar og traktorar og dokker og spel og filmar og bøker og mange, mange andre ting. Kanskje du kan få bli med dit ein gong og velja ein ting slik som du gjorde i Seljord. Då fekk du Gråpusfilm og det var vel bra? Egentleg skulle me handla litt presangar i utlandet, men når me kom inn i ein butikk blei farfar så veldig trøtt med ein gong. Men ikkje når det var store gamle bilar eller lekebilar, då ville han prøva dei. Men du har vel så mange bilar at du ikkje vil ha fleire?
Det var flott at du ville hjelpa med å saga plankane til farfar i sommar og vaska blomsterpottene mine.


Snart kjem me på besøk med julepresanger. Huskar du at kulenissen kom ein gong som eg og farfar var på besøk til jul? Kanskje han kjem i år også? Men først må du sjå om det er bilde av Rebekka i avisa på bursdagen. Der er ho veldig stolt av storebroren sin som byggjer tårn på hytta. Pappa seier at du er blitt veldig grei og tålmodig med Rebekka, og det er veldig fint.